– Blir så utruleg lei meg

P3morgen-Silje tok til tårene då ho snakka om terror-åtaket i Orlando i helga.

I går kjende Silje på ein følelse ho ikkje har kjend på lenge:

– Ein følelse av at det kanskje hadde vore best
dersom eg ikkje var slik som eg er.

Sjå Silje fortelje om følelsane ho har hatt etter åtaket i videoen øvst i saka.

49 menneske mista livet då ein væpna mann gjekk til åtak mot ein nattklubb for homofile i Orlando i Florida natt til sundag. 53 menneske vart frakta til sjukehuset etter åtaket.

Det har gjort inntrykk på Silje i P3morgen som i dagens sending delte sine følelsar rundt det heile, på direktesendt radio. Silje hadde håpa at ho ville klare å snakke om det utan å grine, men det viste seg å vere umulig.

I skrivande stund har Facebook-videoen der Silje fortel om åtaket blitt delt 718 gongar, fått over 3000 likes, og blitt sett over 80.000 gongar – alt på under ein time!

– Responsen har vore overveldande. Det gjer meg så utruleg rørt og glad, seier Silje.

Ho var litt usikker på om ho skulle tørre å gjere det, men er no veldig glad for at ho gjorde akkurat det.

– Den gjennomgåande responsen har vore at folk sender mykje kjærleik i form av fine ord eller hjarte.