nrk.no

«Eurovision»-finalen med P3:– Det er eit sånt ko-ko bidrag som plutseleg berre kan ta sigeren

Adelina, Egil og Arian er klare for å ta deg gjennom ein uhøgtidleg kveld med glitter, glam og høg harry-faktor!

LAST NED STEMMESKJEMA HER!

Synest du at «Eurovision» kan bli litt kjedeleg med den same TV-sendinga og med dei same seriøse kommentatorane kvart år? Fortvil ei!

I «P3s store Eurovisionfest» vil Adelina ibishi (30) og Egil Skurdal (27) frå «P3morgen» og Arianrhod «Arian» Engebø (28) frå «StudioP3» sjå finalen saman med deg.

Adelina lovar ei sending med ærlege reaksjonar og fjas, som passar til både ESC-nerdane og dei som aldri har sett på musikkonkurransen før.

– Me tar ikkje «Eurovision» så alvorleg, men forsvinn litt inn i bobla og opnar for alle. Og me må ikkje av rein politisk høflegheit snakka fram alle bidraga, fortel ho til P3.no.

Vors, plingfest og motepoliti

Men dei tre skal ikkje sitja åleine og sjå på.

I løpet av kvelden vil me forhåpentlegvis få stemningsrapport direkte frå Liverpools gater, levert av «P3morgen»-programleiar Tete Lidbom.

Nathan «Nate» Kahungu frå «StudioP3» tittar også innom for å gi si brutalt ærlege meining om antrekka til artistane.

– Som Noregs best kledde mann set eg standaren høgt. Kanskje blir det også litt tilbakeblikk på ikoniske antrekk? hintar Nate.

Ein collage av Tete og Nate. Tete smiler skikkeleg stort og ser rett inn i kamera. Han har kort hår, ein svart gensar på seg og ein tatovering på halsen som kikkar opp av halsen på gensaren. Nate søter seg til framfor kameraet med hovudet på skakke og hendene under haka. Han har kort hår og kort skjegg.
TITTEI: Tete Lidbom (t.v.) og Nate Kahungu skal kikka innom sendinga på P3. Foto: Julie Marie Naglestad / Elliot Houwing-Endresen, NRK

I tillegg vil «P3ligaen»-profilane Anna Nor Sørensen og Henning Bang ta oss med inn i deira private «Eurovision»-fest i Trondheim!

Som tidlegare år blir det sjølvsagt plingfest. Adelina forklarar konseptet:

– Me kjem til å ha symbol som dukkar opp på skjermen når dei store «Eurovision»-klisjeane finn stad på scenen. For eksempel dersom ein artist blir rørt av seg sjølv, då kjem det eit «pling», og du blir minna på at no peakar det reint «Eurovision»-messig.

Dersom folk ønsker, kan ein gjerne ta ei liten skål kvar gong det plingar!

Stemmeskjema må ein sjølvsagt ha når det er ESC-fest, og vårt finn du her!

FØLG MED HER:

Kl. 20.30:

Lad opp til finalen med vårt ESC-vorsspel!

Kl. 21.00:

Sjå «Eurovision»-finalen saman med P3-gjengen, heilt fram til showet er over kl. 01.00!

Sjå sendinga 13. mai på P3.no eller NRK 3! Du kan også høyre ho på NRK P3.

Kostymeskift og sirkus

For programleiar Egil er «Eurovision» eit fantastisk sirkus der vaksne folk kan kle seg i det dei vil, sminka seg slik dei vil og vera akkurat så barnslege som dei vil.

– Alle kler seg bananas og syng dei mest «tacky» låtane i verda. Eg trur folk treng slikt i livet!

Og om me skal tru på programleiarane, vil det ikkje berre vera glitter og glam i Liverpool, men også i studio på Marienlyst i Oslo.

– Det blir kostymeskift, for det høyrer med i «Eurovision»! Eg leikar med tanken på å bli inspirert av Finland og ha på ei sånn grøn boblande sak, fortel Adelina.

Finlands artist står inne i ein boksering og ser alvorleg inn i kameraet. Han har kortklipt mørkt hår, skjegg på haka og ein tatovering av eit plussteikn på hjarte. Han har på seg ein boblete, grøn skinn-overdel som berre dekkar armane og halsen. I halsen stikk det piggar ut.
MANNEN BAK «DEN GRØNE BOBLANDE SAKA»: Finland sitt bidrag «cha cha cha» av artist Käärijä ligg høgt oppe på bettinglistene. Foto: Nelli Kenttä / YLE

Ho synest det er ekstra gøy at finalen finn stad i Storbritannia og at talkshow-verten Graham Norton er ein av programleiarane.

– Ei stund håpa eg at sidan det er i Liverpool, som er ein musikkhistorisk viktig by, at One Direction skulle dukka opp. Men eg har sjekka kalenderen og Harry Styles held konsert i Danmark den kvelden, så det trur eg ikkje skjer, seier ho skuffa, men legg til at kvelden uansett kjem til å bli «ko-ko-bra».

Nordisk dominans?

Tidlegare i år leia Arian det norske publikum gjennom Melodi Grand Prix-finalane. Det har blant anna ført til at ho ser på den norske representanten som tanteungen sin.

– Favoritten er hundre prosent Alessandra! Eg litt bekymra for at ho skal vera stressa eller bekymra, så eg håper alt går smooth for ho når ho er i Liverpool, fortel programleiaren.

Staysman og Arian står på scena og smiler. Han har på seg ein blå velour-blazer, har kort blondt skjegg og hår. Arian står ved sida av han og har på seg ein matchande blå velour-kjole med fjør langs kanten på låra. Ho har brunt, oppsatt hår.
NYTT NIVÅ: Etter at Arian og Stian «Staysman» Thorbjørnsen var programleiarar for MGP, har Arian forelska seg endå meir i musikkfesten. Foto: Ulrik Kramer, NRK

Tysdag gjekk fyrste delfinalen av stabelen i Liverpool, der norsk-italienske Alessandra var fyrst ut med låten «Queen of Kings». Ho gjekk vidare til finalen, men kven ho skal møta, vil bli avgjort etter den andre delfinalen, som er på torsdag.

I tillegg til Noreg sitt bidrag likar Arian låtane til Island og Storbritannia, men ho trur ikkje nødvendigvis at dei har vinnarpotensial.

– Eg tippar kanskje at Finland tar sigeren og at Sverige kjem på andre plass. Og at Noreg er topp fem!

Dette stiller Adelina seg bak.

– Ein veit liksom aldri heilt kva som skjer i Finland. I år føler eg det er eit sånt ko-ko bidrag som plutseleg berre kan ta sigeren, seier ho og legg til at det følest bra å leia ei ESC-sending når Noreg stiller med eit så sterkt bidrag.

Alessandra hoppar av glede på scenen mens ho held mikrofonen opp mot munnen. Ho har hestehale og ein svart og gull-body på seg. Bak ho står masse folk som jublar.
TRAVEL DAG FOR «SLEKTA»: Arian har bursdag same dag som «tantebarnet» Alessandra Mele skal kjempa om sigeren i ESC-finalen. Her frå MGP-finalen. Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Egil derimot trur at verda er klare for meir Loreen etter at ho vann i 2012, så han tippar at Sverige stikk av med fyrsteplassen.

– Og så trur eg Noreg stiller sterkt, for me har Alessandra som er knytt til litt andre stadar i verda, saman med eit norsk viking-uttrykk. Ein ser jo korleis sånne viking-greier slår an med Haaland, ein dyrkar det fordi det er så mytisk og trolsk, meiner han.

Til deg som treng ekstra inspo til ESC-drikkeleiken

P3 sin plingfest er ei god mogelegheit til å sprita opp festen med ein drikkeleik, men om det ikkje er nok, har programleiarane nokre ekstra drikkeleik-tips.

– Ein god ESC-drikkeleik ville eg ha sagt er å drikka kvar gong vertane seier «Liverpool». og å drikka kvar gong Egil og Adelina drar på med Østfold-dialekt. Då kan du bli full, tenker eg, seier Arian og ler.

Egil anbefaler å ikkje lage drikkeleik-reglane på førehand, men å lage reglane etter kvar som ein legg til at for eksempel ein programleiar fiklar mykje med håret sitt.

– Eg likar å drikka av rare ting! Ein kan godt sjå den fyrste halvtimen, sjå an kaoset og seia «okay, når han gjer det der igjen, då drikk me».

Mens Adelina vil anbefala ein drikkeleik basert på seg sjølv.

– Eg er jo eit morgonmenneske sidan eg jobbar i «P3morgen», så i fjor sovna eg under poengutdelinga heime. Kanskje ein kan ha med at kvar gong eg gjespar eller ser trøytt ut, så må ein drikka? foreslår ho.

Få med deg «P3s store Eurovisionfest» laurdag 13. mai, frå kl. 20.30 på P3.no, NRK 3 eller på NRK P3!

LES MEIR OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: