Det er inga grunn til å så tvil om den musikalske interessa som ligg til grunn for at programleiar, modell og… vel, kjendis Charlotte Thorstvedt no debuterer som artist og produsent.
Fartstida som DJ kan kanskje ikkje vega heilt opp for manglande erfaring bak produsentspakane, men det er jo slikt ein har gode venar – i dette tilfellet Nils Noa, David Sense og Christian Sol – til. Albumet ho slenger i bordet er blitt ei forførande vandring gjennom klubbmusikklandskapet, men det følgjer diverre ei vel keisam rute.
Det musikalske rammeverket for Salomé er snekra saman av kjølig house, lett loungestemning og svevande popkvalitetar. Sjangermessig nybrottsarbeid er det ikkje, men albumet inneheld likevel glimt av fintfølande eleganse. Singlane «Arrhythmia» og «Treacle» – med respektive Margaret Berger og Nosizwe Baqwas på vokal – er fine døme på underdrive elektroflørting, og albumets beste forsøk på å fanga femme fatale-anda tittelen hintar til.
«Treacle»:
http://www.youtube.com/watch?v=UjXM9Qk1WPg
Diverre er Thorstvedt sitt uttrykksregister som produsent for smalt til at albumet held seg interessant gjennom elleve spor, og for uvørent til å styra unna nokre av dei mest oppbrukte sjangerklisjeane. I lengda lenar låtmaterialet seg også litt for langt tilbake i mjuke sofaputer, og dreg albumet farleg nærme bakgrunnsmusikksegmentet. Og der er det som kjent lett å dette av lasset.
Sett under eitt er Salomé eit truverdig skriftemål frå eit bankande househjarte, men albumet luktar i for stor grad dyr klesbutikk der det burde lukta svett dansegolv. Ikkje nok til å halda deg oppe heile natta, med andre ord.
Maria Horvei