nrk.no

– Med éin gong ein skiftar ut eit pronomen, blir folk sånn «wow, du er kjempeviktig for mange»

Sjølv om «OK jeg lover» er ein milepæl innan skeiv musikk i Noreg, meiner Ramón at det er dei som kom før han som la ned det viktigaste arbeidet.

Foto: Runar Lindseth, NRK P3.

Ramón

«OK jeg lover» er ein milepæl innan skeiv musikk i Noreg.

Ramón meiner det ikkje hadde vore mogleg utan arbeidet frå dei som kom før han.

Eit utilsikta forbilde

– Det har ikkje vore stopp sidan februar, så no har eg endeleg rom til å puste litt, seier Ramón Andresen (23).

Når P3.no møter han i samband med at han er ein av artistane som skal spele på «P3 Gull» 26. november, er albumet «Så klart det gjør vondt» akkurat ute.

Endeleg kjenner han på litt pusterom etter eit hektisk 2022.

Musikken hans har ikkje vore til å unngå i 2022, og med singelen «OK jeg lover» tok 23-åringen norsk Spotify-rekord i registrerte streams innan dei første 24 timane.

No står den unge artisten att som ein bauta i musikkåret, ein status han har arbeidd lenge for å oppnå.

– Eg har tenkt at eg har breaka seks-sju gonger. Då eg var med på Idol var eg sånn «YES!», og så kjende eg det same då eg var med på The Stream. Etter det levde eg veldig på berre det at eg hadde vore på TV. Det er først i år at eg har forstått kva det verkeleg vil seie å slå gjennom.

Ikkje lenger Ramón si historie

For medan Ramón kan vise til strøymetal med hans tidlegare materiale som ville gjort mange artistar nøgde, er det i år han for alvor har blitt eit namn å rekne med.

Han har gått frå å ha blitt kjent att éin gong på butikken til å bli stoppa kvar dag. Mange kjenner seg att i musikken hans, og fleire fortel at albumet «Så klart det gjør vondt» er det første på lenge dei høyrer frå start til slutt.

Det gjorde albumet til det mest populære i Noreg dei tre første vekene etter det kom ut.

Ramón sitter i en sofa. Han ser i kamera og støtter hodet på én hånd, mens den andre hviler på låret. Han har på seg hvit trøye, blå bukser og en lys cardigan. På bordet foran han er det et fat med egg og bacon.
EI STEMME FOR ANDRE: No er «OK jeg lover» publikum si historie, og ikkje Ramón si. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

«OK jeg lover» kom ut, var det den mest personlege låten Ramón hadde skrive, og han var usikker på om han ville gje ut låten.

Når Ramón ser korleis publikum no har tatt eigarskap til låten, kjenner han seg glad for at han valde å sleppe han.

– Det er ikkje mi historie lenger. Når eg spelar han live, syng eg sjeldan refrenget og lar heller publikum gjere det. Eg veit at dei vil det, og det er ikkje noko problem for meg, for det betyr meir at andre har gjort låten til sin.

Eit talerøyr

Musikksjefen i P3, Ida Eline Tangen, meiner det er særleg to musikalske retningar som har peika seg ut innan norsk pop i 2022.

Den direkte, energiske festmusikken, som Ballinciaga, på eine sida. Og det heilt nedpå og følsame uttrykket på den andre.

– Eg tenker at desse musikalske uttrykka speglar unge menneske sine behov i denne postpandemitida. Ein er splitta mellom behovet for å klemme, danse, kanskje gi litt faen, og den meir inneslutta og reserverte heimesittinga.

I gruppa som kjenner mest behov for det sistnemnde, trefte Ramón ein nerve i 2022. Ida Eline trur den ærlege tilnærminga hans til tekst gjorde låtar som «OK jeg lover» til eit talerøyr for mange.

– Han tør å gjere seg sårbar. Han set ikkje berre ord på eigne kjensler, men formidlar også kva han treng frå den han likar. Eg trur det var mange som ville seie akkurat det i ei vanskeleg tid.

Tydeleg representasjon er viktig

For dei fleste er «OK jeg lover» ein av landets største låtar, men det er særleg éin ting som gjer at han utmerker seg. Då han gjekk til topps tidlegare i år, var det den første norskspråklege låten om kjærleik mellom menn som gjorde det.

Artisten Nils Bech var ein av dei som la merke til dette, og til P3.no fortel han om første gongen han høyrde låten under støttekonserten i mars for dei som var ramma av krigen i Ukraina.

– For meg var det første gong, i ein alder av 41 år, at eg såg ein mannleg artist framføre ein låt på eit TV-program og bruke ordet «han» i ein kontekst der det var tydeleg at det handla om kjærleik. Det synest eg er ganske fucka, for å vere ærleg.

Nils Bech. Foto: Benjamin Huseby.
ETTERLYSER REPRESENTASJON: Nils Bech trur tydeleg representasjon og bevisstgjering vil ha mykje å seie for å menneskeleggjere legningar. Foto: Benjamin Huseby.

Det var ikkje før kjærleikshistoria mellom Isak og Even i sesong 3 av Skam at Nils såg homofile karakterar han ønskte å identifisere seg med, på TV.

Han erkjenner at TV-bransjen har tatt seg opp, men saknar fleire mannlege artistar som frontar det.

Musikk er ein viktig identitetsmarkør for mange, og det er viktig at ein ser bevisstgjering og tydeleg representasjon også der, meiner han – at legning ikkje berre er noko ein høyrer om i intervju og sosiale medium, men at det også blir spegla i den faktiske, framførte kunsten.

– Eg er veldig, veldig glad for Ramón, både som låtskrivar og songar. Men dette er ikkje hans ansvar eine og aleine. Vi treng fleire, og vi treng meir.

Ramón sitter i en sofa. Han ser i kamera og hviler hendene i fanget. Han har på seg hvit trøye, blå bukser og en lys cardigan. På bordet foran han er det et fat med egg og bacon.
VIKTIG LÅT PÅ FLEIRE MÅTAR: «OK jeg lover» er både ein milepæl og ein rekordlåt. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

For mange skeive har det vore vanskeleg å utforske naturlege kjensler. Og mange som enno lever, opplevde at det var kriminelt å gjere det.

Han er glad for å sjå at ting er annleis i Ramón sin generasjon, men er også redd for at progresjonen skal bli tatt for gitt.

– Vi ser det skje rundt om i Europa og i USA, at jøde er attende som skjellsord. Det blir oppretta homofrie sonar og abortrettar blir fjerna; ting folk har kjempa for i generasjonar. Så slappar vi av i eit kvarter, så går vi faen meg tre skritt attende.

Uavhengig av legning

Sjølv tenkte ikkje Ramón så mykje på kva milepæl «OK jeg lover» er før dei rundt han byrja å gjere det.

Skal Ramón vere ærleg og genuin, må tekstuniverset naturlegvis spegle legningen hans, men det er ikkje noko Ramón eigentleg føler for å spele særleg på.

Han vil heller vere seg sjølv enn å vere ein gallionsfigur.

– Mange vil nok at det skal vere noko eg tenker mykje på når eg skriv musikken min, men eg gjer eigentleg ikkje det. Og det er eg veldig heldig som slepp å gjere, for eg skjønar jo at dette er viktig for mange der ute.

Ramón sitter i en sofa. Han har på seg hvit trøye, blå bukser og en lys cardigan. Han har bestikk i hendene og lener seg over et fat med egg og bacon mens han ler.
FØRST OG FREMST RAMÓN: Han erkjenner at han kan vere viktig for folk, men er først og fremst seg sjølv. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

Medan Nils Bech er glad for at Ramón ikkje må tenke like mykje på det, meiner Ramón at det er nettopp på grunn av slike som Bech at han slepp å gjere det. Det er dei som har kjempa kampen.

– Det er nok deilig for den generasjonen å sjå at vi har kome eit steg vidare.

Ramón trur at det at han syng om kjensler som til sjuande og sist er universelle, gjer at ein kan ha eit meiningsfylt forhold til musikken og relatere, uavhengig av seksualitet.

– Med éin gong ein skiftar ut eit pronomen, blir folk sånn «wow, du er kjempeviktig for mange», og det er eg nok, men eg syng berre om det som er naturleg for meg. Alle kan kjenne seg att i å vere ein usikker ungdom, uansett legning eller kven ein er.

LES MER OM «P3 GULL»:

Siste fra P3.no: