I denne bygda har rånarane og folket vore i konflikt i snart 50 år

Bø, Notodden, Halden, Verdal, Jessheim og Årnes er alle berykta for sine rånemiljø. Men for tida er det nok Ørsta som tar kaka. Tettstaden på Sunnmøre har i mange tiår vore som flugepapir for bilinteressert ungdom frå heile regionen. I takt med at storleiken på musikkanlegga har vakse, har også talet på klagar over nattestøy auka, og trafikkskilt blitt saga ned.

Faksimile frå Sunnmørsposten 9. februar 2020:

Eg, journalist Webjørn Svendsen Espeland frå rånebygda Bø, drog til rånestripa Webjørn Svendsen-gata i Ørsta for å ta nattetemperaturen på striden. (Gata er namngjeve etter min tipp-tipp-tippoldefar, ein kveghandlar og haugianar som var sentral i at Ørsta blei handelsstad.)

Og likskapen til NRK-serien Rådebank var slåande.

At konflikten er betent er det ingen tvil om. Det første som møter meg og fotografen er ein lapp som ligg ved resepsjonen på hotellet: ingen får uttale seg til NRK. Da eg spør om å få eit intervju med leiinga ved hotellet, får eg beskjed om at dei er bortreiste og ikkje har høve. Seinare på kvelden er hotelldirektøren karaoke-vertinne på hotellet.

INNSJEKK: Ingen på hotellet skulle uttale seg til NRK.
INNSJEKK: Ingen på hotellet skulle uttale seg til NRK.

Verkstaden

Klokka er rundt 16 denne laurdagen. Ungdomen ser ikkje på engelsk fotball. Dei skrur på svenske og tyske bilar, på ein sjølvlaga verkstad i Volda (nabokommunen til Ørsta).

SANDER: Sørstatsflagget i verkstaden er av tradisjonell rånar-estetikk, og ingen her var tilhengarar av slaveri.

Sander (21) frå Vanylven (eit par kommunar unna) studerer idrett ved Høgskulen i Volda: – Det var alltid snakk om Ørsta. Alltid snakk om Ørsta, bil og råning. Det var dit ein måtte dra.

Parallelt med idrettsstudiane brukar han mange timar på Volvo 940-en, ein 1996-modell han har tatt over etter faren. Og han brukar mange timar i Ørsta sentrum.

– Det blir brukt så mykje pengar på alle moglege idrettsarrangement, men ikkje ei einaste krone på det dei unge her liker å drive med. Sjølvsagt er det mange som liker idrett, men det skulle vore ein bilbane her i bygda. Da hadde det ikkje vore så mykje bråk nede i sentrum.

TOMMY ANDRÉ: På kanten i Volda.

Kameraten Tommy André (29) frå Volda jobbar som bil-lakkerer, og er heller ikkje imponert over tilbodet – om ein skulle vere så uheldig å interessere seg for bil. Også han ønsker seg ein bilbane eller liknande utanfor sentrum.

– Her i Volda skjer det jo ingenting, her er det berre studentar. Me må til Ørsta i helgene.

SIRI: – No pussar eg felgen på BMW-en min, sjølv om den nok ikkje skal ut før til sommaren.

På verkstaden er det sju-åtte unge menn, og éi jente. Ho heiter Siri, er 22 år, og har flytta frå Florø til Ørsta fordi ho ville til ei bilbygd.

– Miljøet i Ørsta er veldig stort og kjekt. Eg vil ikkje kalle meg ein rånar, men er veldig bilinteressert.

Ho forstår veldig godt at folk i Ørsta sentrum klagar på bråk.

– Det er veldig kjekt at folk er ute, men det er høgt volum og mykje galskap!

Gatefest

KLOKKA 20: Laurdag betyr samling i sentrum.

Klokka har passert åtte denne laurdagskvelden i januar, og festen rundt bensinstasjonen er i gang. Fleire titals bilar er ute, med rundt hundre unge som rullar rundt med wunderbaum i spegelen, cowboyhattar på hovudet, øl i baksetet og tunge basskassar i bagasjerommet.

VINTAGE: Eit par retrorånarar frå ei naboøy.

Det er nok særleg lang tradisjon for råning som gjer at Ørsta trekk til seg bilar frå heile regionen. Nokre har tatt turen frå Herøy, Ulsteinvik og Hareid, tre-fire mil unna. Det har også komme nokre sekstenåringar på ATV frå Vanylven. Dei har køyrd i nærmare to timar gjennom vinterkulda for å vere med på «festen».

SHELL: Bensinstasjonar med god oppstillingsplass er ein naturleg møteplass i mange norske rånarbygder.

BMW: Klassikaren Volvo 240 er erstatta av tysk dominans.

Rundt klokka 22 er det verkeleg god kok rundt bensinstasjonen. Lyden av dei lokale Vassendgutane rungar i tettstaden som er klemt inn mellom fjord og kvitkledde fjell:

«Han leita etter hjortespor i skog og mark». «Fekk igjen på skatti, no he ho silikon i tatti».

Journalisten får vere med på eit par rundar.

– Ditte e bilen til storebror min!

Ivar Aasen-gata – Vikegata – Webjørn Svendsen-gata. Samme runde om og om igjen. «Riding along in my automobile». Chuck Berry trenger hardt inn i trommehinnene.

Synging til country og «hoijing» til mindre maskulin musikk: – Dette er homofilt!

Ei god forklaring på det store oppmøtet i sentrum, kjem frå ein av dei meir bedugga i BMW-en.

– Ørsta har ikkje nokon uteplass, og hotellet er berre drit.

Ingen andre skjenkestader enn hotellet. Ingen bilbane eller samlingsplass utanfor sentrum.

Eg får eit lite intervju med ein relativt høglydt kar.

– Kor lenge køyrer de i kveld?

– Eg trur me gir oss i 4-5 tida.

– Og skrur ned musikken klokka 23 da, eller?

– Hæ? Eg skrur ikkje ned musikken før eg går og legg meg! Nei, musikken her i Ørsta står på fullt cirka heile natta den. Dei som flytter ned i gata her må rekne med høg musikk, om ikkje så må dei flytte opp att…Rånerunda har eksistert sidan foreldra mine var unge, og skal leve til eg er daud. Raggen måste gå! Dette er ein kulturinstitusjon!

Vakne Widerøe-flygarar

VOLVO 940: Sander trivst også under panseret.

Sander synest ikkje det er viktig å spele høg musikk, men at det fort blir til at folk skrur opp lyden når dei blir fulle.

– Merkar du at det pip i øyra dagen etter?

– Ja! Det er kvar gong det. Når du er ute er det kjekt å høyre lyd og kjenne bassen.

– Kva tenker de om pensjonistane i sentrum som klagar på støy?

– Heilt ærleg synest eg synd på dei, dei sit jo heime og høyrer mykje lyd døgnet rundt, men sikkert litt greitt å høyre at folk lev også. Busett du deg midt i ein by må du rekne med litt billyd og liv.

– Oslo har skjenkestopp klokka tre, for å unngå bråk om natta?

– Ja, eg veit ikkje når det er stopp her. Når bilen går tom for bensin eller nokon sovnar kanskje. Om sommaren er det dei som ikkje gir seg før 7-8, også. Når sola står opp kan det vere vanskeleg å leggje seg.

 

Faksimile frå Aftenposten 18. oktober 2011:

Faksimile: Aftenposten 18. oktober 2011

I over ti år har Widerøe uttrykt bekymring over nattesøvnen til flygarane sine. Ein pilot me snakkar med fortel at det kan vere støyete og vanskeleg å sove på hotellet i Ørsta i helgene.

Sander og Tommy André er einig i at dét er eit problem. Men dei har også ei løysning.

– Ja, det er ein seriøs ting det. Det er viktig at det går fly og slik, men, eh, det er jo hotell i Volda også da. Hahaha!

Politiet kjem

På eit tidspunkt flyttar gatefesten seg til Grepa-tomta, nær den tidlegare kvitevarefabrikken i bygda. Her er det ein stor, open og glatt parkeringsplass – perfekt for sladding.

GREPA-TOMTA: Frå kjøleskap til kasting med bil.

FESTBREMS: Sladdepolitiet på plass.

Det tar ikkje lang tid før politiet dukkar opp. Heller ikkje her er alle naboane glade i bilstøy etter leggetid. Politiet sjekkar førarkort hos dei fleste sjåførane, og er overraskande tolmodige med alle dei småfulle debattantane som dukkar opp.

Politibetjent Odd-Arne Brynjulfsen kom til Ørsta frå jobb på Stovner i Oslo for seks år sidan.

– Her er det mindre husbråk og meir bilbråk. Utfordringa i Ørsta er at det er bustadhus i sentrum, og at nokre få personar utover nettene har anlegget på full guffe, med vindauga opne, samtidig som det er skriking og roping. Gong etter gong, år etter år.

– Det er merkeleg å køyre med vindauga opne?

– Ja, men det er nokre få som vil provosere.

– Korleis er det med børning her?

– Det hender innimellom. Det har hendt at me har rykka ut av Ørsta med blålys, og med ein gong sett blårøyken frå børning stige opp i bakspeilet!

Politiet sjekkar førarkort og  småpratar i eit par timar med ulike ungdomar som ønsker seg alt frå bilbane nær skianlegget på Reset i Volda, til at politiet burde ta seg ein kveldstur til Otta. Deretter døyr festen ut. Dei fleste vel å reise heim rett over midnatt. På hotellkaraoka syng ei dame «Careless Whisper». Ute i gatene kan ein berre høyre basskassene frå eit par einsame svaler gjennom vinternatta.

– Løysninga er ganske enkel

LOKAL RAPSTJERNE: Runar Gudnason har flytta heim til Hovdebygda i Ørsta.

Sjef R i rap-orkesteret «Side Brok», Runar Gudnason, har vakse opp i  Hovdebygda i Ørsta. Han hevdar at han sjølv aldri har vore rånar, berre sjåfør. Musikaren meiner at det ikkje er eit argument at det alltid har vore slik i Ørsta sentrum, sjølv om det kokte enda meir i bygda da han var ung. På starten av nittitalet hadde ein ikkje mobiltelefon og internett – og måtte til sentrum for å finne ut kva som skjedde.

– Det var ei summing rundt Esso kvar helg. Nesten alle var der. I dag sit ungdomane meir heime og et taco med foreldra, og chattar på Facebook. Men samtidig er jo stereoanlegga større no. Eg synest dei er kjempetøffe, det må eg ærleg innrømme, og eg forstår godt at dei vil høyre så høg musikk. Me snakkar om mykje kreativ ungdom som er flinke med teknikk her.

Gudnason har sansen for både bilkulturen og estetikken.

– Løysninga er ganske enkel. Dei som klagar mest må roe seg ned og gi plass til ungdomane, og dei unge må skru ned volumet litt – særleg etter klokka fire om natta. Og dei burde ha ein plass å vere.

Ei dame (64) på matbutikken kan fortelje at ho har sove usamanhengande natta før.

– I natt var eg oppe klokka 0330, og hadde tenkt å gå ut og stanse dette vandrande diskoteket. Det har gått så langt at det berre er å leggje seg med «Sov i ro» i øyra. Eg har gått ut i gata før og stoppa bilar med armane ute, og fortalt at dei har vekt barnebarnet mitt. Da har det blitt stilt.

Ho vil likevel ikkje skulde på dei unge.

– Løysninga må komme frå politikarane og foreldra – ungdomen må ha noko anna å gjere enn å berre gå på fylla!

MOTTO: Ikkje alle følger oppmodinga.

Idar Leira (66) har budd i Ørsta sentrum i over tretti år. Allereie i 1974 skreiv han innlegg i avisa om at unge motorinteresserte i bygda burde få ein møteplass. Sidan har det skjedd lite, meiner han.

– Her satsar dei på skateboard, idrett og sportsgreiene, medan motorinteresserte blir uthengde og sjikanerte.

Han fortel at folk han har snakka med utanfor bygda seier at det ikkje finst maken til måten ungdom i Ørsta blir behandla på. Korkje i Stryn, Fosnavåg, Lom eller Nordfjordeid.

– Her forsøker politiet å ta dei unge for dårlege dekk, sota ruter eller høg musikk. Ein kan ikkje forlange at all ungdom skal spille fotball.

Nattestengt gate

I vinter tok politikarane grep. Men ikkje dei grepa dei bilinteresserte håpte på. Den særs tradisjonsrike rånestripa Webjørn Svendsen-gata blei nemleg nattestengt. Stenginga var lite populær.

Faksimile frå Møre-Nytt 11. juli 2019:

Faksimile: Møre-Nytt 11. juli 2019

Ordførar Stein Aam (Senterpartiet) har i ungdomen køyrd ein del bil i Ørsta sentrum.

– Eg har også hatt ei ungdomstid. Og som dei fleste andre brukte eg og mine sentrum som ein møteplass.

– Kva er tanken bak å nattestenge Webjørn Svendsen-gata?

– Ørsta sentrum er for alle, også for bilinteressert ungdom. Men dette er eit tiltak for å gje bebuarar nattero.

– Korleis har det fungert?

– Nattestenginga er i første omgang eit prøvetiltak. Inntrykket er at situasjonen har betra seg ein del. Men det skjer framleis tilfelle av nattestøy.

– I snart femti år har bilinteressert ungdom rundt Ørsta ønska seg eit tilbod – kvifor har dei aldri fått det, trur du?

– Det å skaffe areal til motorsport er eit omfattande og relativt konfliktfylt arbeid. Og det krev ein del av dei som har denne interessa også. Kommunen har teke kontakt med huseigarar som sit med eigna lokale for mekking på bilar og liknande, men vi har til no ikkje lukkast. Ørsta kommune ønsker å hjelpe til for å skaffe også denne gruppa ein stad å vere.

LOVLEG PÅ LAURDAG: Frå Facebook-gruppa «Råning i Ørsta».

Tommy André og Sander fortel at nattestenginga har skapt mykje sinne i bilmiljøet. Og latter.

– I starten hadde dei gløymt å føre på at forbodet også gjaldt for laurdag og sundag!

– Forbodet er jo kjipt sjølvsagt, men me finn andre rundar å køyre!

Dei synest det er dumt at nokon har kappa ned forbodsskilt, noko som øydelegg for resten av miljøet. Likevel har det ikkje vore like ampert som da rånegata i Notodden blei stengt i 2007. Da blei tusenvis av bildekk brunne, , og eit hus blei påtent. Pådrivarar for stenging av rånegata fekk eit vindauge knust av brustein, og Notodden-rånarane saktekøyrde i kortesje i 30 kilometer for å råne i Bø (truleg utan at det smerta rånemotstandarane i Notodden særleg).

DRIFTING: Sander og Tommy André på besøk hos Håkon Årskog (25), ei lokal superstjerne innan sporten drifting.

I sommar forsøka Sander og ein kompis å arrangere eit biltreff i Ørsta. Da påmeldinga var laber turte dei ikkje anna enn å avlyse. Sidan da har det ikkje skjedd så mykje for bilungdom i Ørsta/Volda.

–  Men det har komme ei Facebook-gruppe: «Råning i Ørsta».

Inga bilbane eller arrangement.

Så da held dei på med det rånarar har elska til alle tider.

Børning.

– Kor gøy er det å børne?

– Det er lykkerus da! Haha. Enkelt og greit. Men ikkje når du ser lommeboka etterpå. Det går ein del kroner i dekk, klutsj, bensin og motor. Det var ein her som børna så hardt at det byrja å brenne.

SVIDD GUMMI: Ei god larve av svidde dekk.

SPOLING: Børning er også kjent under synonymet spoling, og er nasjonalsporten i blant anna Bø i Telemark.

SAMLING: Ein får ikkje meir moro enn ein lager sjølv, si.

KAIKANTEN: Det ekstra spenning når ein børner rett ved ein kaikant, for plutseleg kan dekka ta tak.

P3 lurer:
Kva er du aller mest fornøgd med på bilen din?
Send oss ein e-post med bilete!

Les også gjerne det vi har skrive om:
Oslo-hatet, Barnevernsbanden og Millionbløffen.

Har du nokre tanker om denne saken, eller tips til andre historier me burde sjå på? Kontakt oss!

Webjørn S. Espeland

Journalist Webjørn S. Espeland


Kim Erlandsen

Fotograf Kim Erlandsen

Har du fått med deg denne? Sjekk ut dramaserien «Rådebank»: