I kveld klokka 22.00 gjekk «P3 Gull» 2022 av stabelen. Allereie i åttetida var mange av kjendisane på plass på den raude løparen på H3 Arena på Fornebu!
Sjå video frå den raude løparen her!
Amanda Delara var ein av artistane som var klar for musikkfesten. Men ho stilte samtidig opp med eit alvorleg bodskap. I handa bar ho eit skilt som viste sympati for den iranske rapparen, Toomaj Salehi, som nyleg vart arrestert av iranske styresmakter.
– Eg står her med litt bittersøt smak i munnen og håpar eg kan rette merksemda mot det.
Ho gler seg rett nok til å sjå kollegaene sine kose seg og vinne prisar.
– Eg er berre glad for å vere her og feire musikk og gleda over å lage musikk.
Maskerte artistar
Baddies, som nyleg har avslørt identiteten sin, stilte likevel opp med masker på den raude løparen.
Dei gler seg til å ta del i «P3 Gull» for fyrste gong, av fleire grunnar:
– Stemninga, menneska, alt. Det verkar veldig spanande å vera ein del av.

– Gleder de dykk til dansegolvet?
– Vi er gode på å twerka, kontra Baddies.

Beathoven kunne fortelje at dei gledde seg på afterparty, når dei kan ta av maskene.
– Det er første gong vi er her, vi har sett det så mange gonger, og no er vi her, priviligerte boys.

Mange nye artistar i 2022
«P3morgon» -programleiarane Adelina Ibishi og Karsten Blomvik var tidleg på plass.
Karsten gler seg aller mest til live-opptredanane.
– Det er det eg kosar meg veldig med.

Adelina gler seg mest til å sjå kven som stikk av med prisane.
– Mest fordi musikkåret 2022 har med seg så mange nye artistar. Så eg er ekte spent på kva folk der ute som har stemt, synes. Blir det Karpe, Undergrunn eller Ballin? Alle er jo dritsvære, så det knivast tett i toppen, så eg er ekte ekte dritspent.
Når det gjeld kven som blir fullast i kveld, trur Karsten han og Adelina stiller ganske sterkt.
– Eg høyrte òg at Annika har sove dårleg i natt, så eg trur drinkane kjem til å gå hovudet på henne, legg Adelina til.
– Nominert – what the fuck
Ramon gler seg veldig til å spele i kveld.
– Det blir ein veldig veldig fin opptreden trur eg. Eg er sist så eg føler at det blir ein avslutning på kvelden då.

Sjølv om han gruer seg litt til opptredenen òg, synest han det er surrealistisk å vere nominert.
– Det er heilt sinnsjukt, heilt surrealistisk. Nominert – what the fuck.
Gjenbruk
Sigrid ankom «P3 Gull» iført gjenbruksplagg.
– Det er designa Fæbrik med sjølvaste Jenny Skavlan, som har laga dette til meg av ein gamal kjole frå 80-talet.

Nyforelska
Victoria Nadine gjekk nyleg ut med forholdet sit med Kygo. Ho møtte likevel opp aleine på den raude løparen i dag.
– Er du forelska?
– Kjempeforelska! Meir enn nokon gong.
– Har de planar om samarbeid?
– Ikkje planar, men sjølvsagt er det mogleg ein eller annan gong.




Galla
Chris Holsten stilte opp iført noko stylisten hans har laga.
– Så det er ikkje noko merke, men eg ville gå for litt sånn galla i dag. Det er jo tiårsjubileum, og god stemning. Derfor var det smoking og sløyfe i dag.

Møtte opp med kjærasten
Årets gjennombrot-nominerte Amanda Tenfjord viste fram kjærasten sin på den raude løparen, som hadde på ein spenstig genser.
– Han fekk ikkje lov til å gå med den på Eurovision, fordi den er gjennomsiktig, men han fekk ta den i dag.

Synne Vo tok òg med seg kjæreasten på den raude løparen.






Urørtvinnar
Urørtvinnar Michelle Ullestad ankom raud løpar og beskreiv det ho kallar ei sjuk reise.
– Eg starta året med å spele «P3 Live», og no skal eg avslutte det med å spele «P3 Gull», så eg gler meg veldig.

Michelle gler seg veldig til å sjå Emilie Nicolas og Ramon, men skal og vere til glede for andre med eigen opptreden.
– Det blir god stemning og mange ballar i lufta.
Poncho
Mikkel Buxrud Christiansen frå Broiler kom iført eit utradisjonelt klesval.
– Eg kjøpte ein poncho i sommar, og så angra eg litt, for eg visste ikkje kva eg skulle bruke den til, så dette er kanskje det einaste den kan brukast til.




Elektrisk
Sondre Justad ankom i eit blikkfang av ein overdel.
– Det er ein slags rustning, beskyttelse mot onde krefter, berre gode krefter slepp gjennom her.
Han var særs imponert over stemninga på «P3 Gull» i år.
– Det er elektrisk her. Eg trur ikkje eg har opplevd at det har vore så kaotisk og elektrisk på «P3 Gull» før. Eg trur det er fyrste gong folk tar den heilt ut etter korona.


– Ræva mi tittar ut
Myra stilte opp iført ein glitrande «overall» og brun body under.
– Eg føler meg littegrande naken og ræva mi tittar ut bak, men eg håpar folk vil tilgje meg og la meg føle meg litt fin.









Journalister:
Ragnhild Marie Kjosbakken + Astri Aspen + Sjur Systad Tyssen + Marit Eide + Egil Andreas Skurdal
LES MEIR OM ÅRETS «P3 GULL»: