nrk.no
IRANPROTEST: Amanda Delara kom med eit klart bodskap på den raude løparen. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Sjå bilda frå raud løpar: Protesterte mot regimet i Iran

Kjendisane strøymer til for å vere med på P3s storstilte musikkfeiring.

I kveld klokka 22.00 gjekk «P3 Gull» 2022 av stabelen. Allereie i åttetida var mange av kjendisane på plass på den raude løparen på H3 Arena på Fornebu!

Sjå video frå den raude løparen her!

Amanda Delara var ein av artistane som var klar for musikkfesten. Men ho stilte samtidig opp med eit alvorleg bodskap. I handa bar ho eit skilt som viste sympati for den iranske rapparen, Toomaj Salehi, som nyleg vart arrestert av iranske styresmakter.

– Eg står her med litt bittersøt smak i munnen og håpar eg kan rette merksemda mot det.

Ho gler seg rett nok til å sjå kollegaene sine kose seg og vinne prisar.

– Eg er berre glad for å vere her og feire musikk og gleda over å lage musikk.

Maskerte artistar

Baddies, som nyleg har avslørt identiteten sin, stilte likevel opp med masker på den raude løparen.

Dei gler seg til å ta del i «P3 Gull» for fyrste gong, av fleire grunnar:

– Stemninga, menneska, alt. Det verkar veldig spanande å vera ein del av.

Gruppa baddies består av tre jenter. Dei har på seg matchande, svarte juicy couture kosedressar og kvite finlandshetter.
TIKTOKKJENDISAR: Jentegruppa Baddies har blitt kjente gjennom sosiale medium. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

– Gleder de dykk til dansegolvet?

– Vi er gode på å twerka, kontra Baddies.

Gruppa Balenciaga består av tre gutar. Dei matchar med kvite t-skjorter med safarivest over, samt rosa finlandshetter.
NOMINERTE OG SKAL OPPTRE: Ballinciaga gler seg til å sjå Emilie Nicolas. – Trur det blir eit sjukt show. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Beathoven kunne fortelje at dei gledde seg på afterparty, når dei kan ta av maskene.

– Det er første gong vi er her, vi har sett det så mange gonger, og no er vi her, priviligerte boys.

Beathoven, beståande av tre gutar, har alle på seg finnlandshetteliknande masker. Han til venste har på seg ljos t-skjorte og ein beige cardigan. Maska hans er svart og raud. Han i midten har på seg svart hettejakke og blå maske. Han til høgre har på seg svart, pusete genser, og svart maske.
MASKORAMA: Beathoven er den tredje gruppa som dukka opp på den raude løparen iført masker. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Mange nye artistar i 2022

«P3morgon» -programleiarane Adelina Ibishi og Karsten Blomvik var tidleg på plass.

Karsten gler seg aller mest til live-opptredanane.

– Det er det eg kosar meg veldig med.

Adelina har mørkt hår med midtskill. Ho har på seg ein ljoseblå kjole, men eit gjennomsiktig lag med glitter utanpå. I tillegg har ho dr. Martens-sko. Karsten Blomvik har kort blondt hår. Han har på seg ein blå cardigan og eit sølv skjørt, samt dr.martens-sko.
PRISUTDELARAR: Karsten og Adelina skal dele ut prisen «Årets artist». Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Adelina gler seg mest til å sjå kven som stikk av med prisane.

– Mest fordi musikkåret 2022 har med seg så mange nye artistar. Så eg er ekte spent på kva folk der ute som har stemt, synes. Blir det Karpe, Undergrunn eller Ballin? Alle er jo dritsvære, så det knivast tett i toppen, så eg er ekte ekte dritspent.

Når det gjeld kven som blir fullast i kveld, trur Karsten han og Adelina stiller ganske sterkt. 

– Eg høyrte òg at Annika har sove dårleg i natt, så eg trur drinkane kjem til å gå hovudet på henne, legg Adelina til.

– Nominert – what the fuck

Ramon gler seg veldig til å spele i kveld.

– Det blir ein veldig veldig fin opptreden trur eg. Eg er sist så eg føler at det blir ein avslutning på kvelden då. 

Ramon smiler. Han har blondt kortklipt hår. Dressjakka bruker han over ei kvit skjorte og eit korsett laga dongeri.
RAMON: – Eg trur Ballanciaga-gutane blir fullast i kveld. Det er jo det einaste dei syng om, så eg trur dei er keen på å kanskje. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Sjølv om han gruer seg litt til opptredenen òg, synest han det er surrealistisk å vere nominert.

– Det er heilt sinnsjukt, heilt surrealistisk. Nominert – what the fuck. 

Gjenbruk

Sigrid ankom «P3 Gull» iført gjenbruksplagg.

– Det er designa Fæbrik med sjølvaste Jenny Skavlan, som har laga dette til meg av ein gamal kjole frå 80-talet.

Sigrid har håret i ein stram hestehale. Ho brukar ein kjole med sweetheartutrigning med puffermar. Livet er svart mens ermene og skjørtet er mørkeblått.
MILJØBEVISST: Sigrid. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

Nyforelska

Victoria Nadine gjekk nyleg ut med forholdet sit med Kygo. Ho møtte likevel opp aleine på den raude løparen i dag.

– Er du forelska?

– Kjempeforelska! Meir enn nokon gong.

– Har de planar om samarbeid?

– Ikkje planar, men sjølvsagt er det mogleg ein eller annan gong.

Victoria Nadine har mørkebrunt skulder langt hår med midtskill. Ho smiler med lukka mun. Ho bruker ein langerma, inntilsittande velurkjole og eit gullkjede.
NYFORELSKA: Victoria Nadine møtte opp utan kjærasten Kygo. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Astrid S har blondt skulderlangt hår med midskill. Ho har store sølvdobbar i øyrene. Ho bruker ein ljoslilla glitterkjole med stroppar.
ASTRID S: Artisten ønskte at kvelden skulle innehelde noko drama, men ville rett nok ikkje stå for det sjølv. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Ruben har brunt kortklipt hår med midtskill. Han skjeggstubbar. Han har burgunderraud skinnjakke og ein svart strikkagenser.
RUBEN MARKUSSEN: Artisten håpa Amanda Tenfjord skulle vinne pris. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Christine Dancke har svart genser og blondt skulderlangt hår med midtskill. Christian Mikkelsen står til høgre for ho. Han har kvit t-skjorte med ei mørkegrøn skjorte over. Han held det som ser ut som ein sigar i munnen og bruker eit par små solbrillar.
MOR OG FAR: Christine Dancke og Christian Mikkelsen kalla seg mor og far, på den raude løparen. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Galla

Chris Holsten stilte opp iført noko stylisten hans har laga.

– Så det er ikkje noko merke, men eg ville gå for litt sånn galla i dag. Det er jo tiårsjubileum, og god stemning. Derfor var det smoking og sløyfe i dag.

Chris Holsten har kort hår og skjegg. han har ring i øyra. Smokingjakka er pryda med sølvdetaljer. Han har kvit skjorte og svart sløyfe.
KLAR FOR GALLA: Chris Holsten. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Møtte opp med kjærasten

Årets gjennombrot-nominerte Amanda Tenfjord viste fram kjærasten sin på den raude løparen, som hadde på ein spenstig genser.

– Han fekk ikkje lov til å gå med den på Eurovision, fordi den er gjennomsiktig, men han fekk ta den i dag.

Amanda Tenfjord har mørkebrunt bølga hår. Toppen hennar er kvit med broderi av fuglar og blomar. Kjærasten hennar står til høgre. Han har kortklipt hår og svart dressjakke med ein gjennomsiktig topp inni.
NOMINERT: Amanda Tenfjord som var og kjærasten Erlend Iversen Nakken. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Synne Vo tok òg med seg kjæreasten på den raude løparen.

Kjærasten til Synne Vo har halvlangt hår med midtskill som han har bak øyrene. Han bruker ei kvit tskjorte med ein svart vest over. Synne Vo har mørkebrunt hår og raud lebestift. Kjolen hennar er laga av sølv silkestoff og har halterneck.
DATE: Synne Vo og kjærasten Ola. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Han til venstre har mørkebrunt hår og sleik. Han har kvit skjorte og vest, og tørkle i halsen. Han til høgre har mørk dressjakke og ljos piqueskjorte under.
Lemaitre. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Jonathan står med armen rundt daten sin. Han har på seg skinnjakke og sort lue. Jenta han held rundt har brunt hår og svart, stropplaus kjole.
KLARE FOR FEST: Jonathan Floyd hadde med seg date på den raude løparen. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
KAAR har blondt, langt, bølga hår. Ho smiler breitt og held rundt ein mann. Ho bruker ein brun dress.
STRÅLAR: Artisten Skaar møtte opp med eit breitt glis. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Fetisha har langt mørkebrunt hår med midtskill. Ho har store sølvkjeder og ellers ein svart outfit.
PRISUTDELAR: Fetisha Williams hadde på seg vintage på den raude løparen. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Luna, Tyr og Adrian Sellevoll. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Urørtvinnar

Urørtvinnar Michelle Ullestad ankom raud løpar og beskreiv det ho kallar ei sjuk reise.

– Eg starta året med å spele «P3 Live», og no skal eg avslutte det med å spele «P3 Gull», så eg gler meg veldig.

Michelle Ullestad har hår til brystet. Halvparten heng ned, mens andre halvparten er sett opp i ein topp, med ein scrunchie på hovudet. Ho brukar ein tracksuit i fargane blå, grønn og lilla.
SCENEKLAR: Michelle Ullestad var klar for scena.

Michelle gler seg veldig til å sjå Emilie Nicolas og Ramon, men skal og vere til glede for andre med eigen opptreden.

– Det blir god stemning og mange ballar i lufta.

Poncho

Mikkel Buxrud Christiansen frå Broiler kom iført eit utradisjonelt klesval.

– Eg kjøpte ein poncho i sommar, og så angra eg litt, for eg visste ikkje kva eg skulle bruke den til, så dette er kanskje det einaste den kan brukast til.

Kamelen står til venstre. Han har shava hovud og svart genser med merkar på. han er alvorleg. I midten står Simen med ein svart genser med ein bil på. Han har ein lang chain rundt halsen og er shava. Mikkel har ein rosa caps. Han smiler. Over ein svart hettegenser har han ein kvit og bå poncho med hette.
LIVE: Kamelen og Broiler var klare for å opptre saman. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Tre jenter poserer framfor presseveggen. Ho til venstre har blondt langt hår med bølgar. Ho rukar ein svart kjole. Stina Talling i midten har på seg ein knallrosa paljettkjole. Håret hennar er skulderlangt og ljoserosa. Til høgre står det ei jente med mørkt hår som er sett stramt opp. Ho har på seg ein sort topp.
MIDTPUNKT: Stina Talling med vennar. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Kjartan Lauritzen har svart crewneck og caps. Kjærasten ser på han.  Ho har hestehale og ein blå damaskkjole.
FAST DATE: Kjartan Lauritzen og kjærasten Randi Sognnæs Aamot på raud løpar. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Ingeborg Walther har ein sort liten kjole. Ho har blondt skulderlangt hår og ei svart veske.
DEN LILLE SORTE: Ingeborg Walther. Foto Henriette Dæhli, NRK P3.

Elektrisk

Sondre Justad ankom i eit blikkfang av ein overdel.

– Det er ein slags rustning, beskyttelse mot onde krefter, berre gode krefter slepp gjennom her.

Han var særs imponert over stemninga på «P3 Gull» i år.

– Det er elektrisk her. Eg trur ikkje eg har opplevd at det har vore så kaotisk og elektrisk på «P3 Gull» før. Eg trur det er fyrste gong folk tar den heilt ut etter korona.

Sondre Justad har blondt hår med midtskill. Han smiler. Toppen hans er sølv og har mykje paljettar.
PYNTA: Sondre Justad. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Jenny Skavlan og RebMoe ar på seg glinsande kjolar som er skulderlause på eine sida og lang arm på andre. Dei har begge brunt hår små vesker som ser ut som at dei er laga av plast.
GJENBRUKSDAMER: Fæbrik-jentene Jenny Skavlan og Ingrid Vik Lysne med artist Rebecca Sophie «RebMoe» Moe i midten. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

– Ræva mi tittar ut

Myra stilte opp iført ein glitrande «overall» og brun body under.

– Eg føler meg littegrande naken og ræva mi tittar ut bak, men eg håpar folk vil tilgje meg og la meg føle meg litt fin.

Myra har på seg ein glitteroverall og ein brun body under. Håret hennar er svart og går ned til under livet.
Myra vil heller bli kalla Noregs Operah, enn å bli kategorisert som Noregs Kardashian. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Rambow har dreads til skuldrane, solbiller og svart dress med svart skjorte. De
STILFULLE: Rambow og kompisane. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Fetisha Williams står til venstre i bldet. Ho har svart antrekk og mørkt langt hår med midtskill. Ho smiler.
Armen til Martha leivestad ligg rundt ho. Martha har håret knytt stramt bakover i midtskill. Ho har store øreringar. Kjolen hennar er grøn med arm på høgresida og utan arm på venstresida. Malin Nesvoll har raudt hår. Hu bruker ein nettingtopp, med svart BH under. Ho bruker eit grått ullskjørt, med eit svart belte med messingdetaljar. Ho viser rocketeikn med venstehanda og stikk tunga ut og myser med augene.
EIN TRIO MED HUMOR: Fetisha Williams, Martha Leivestad og Malin Nesvoll. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Maria Stavang står til venstre. Ho har brunt hår med sidelugg og rosa gliutterkjole. Magnus Devold har blondt, kortklipt hår. Han har på blå skjorte.
KJENDISPAR: Maria Stavang og Magnus Devold. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Erik sæter har blondt hår og er kledd i ein svart dress. Erlend Elias har skulderlangt brunt hår med sideskill. Han har svart antrekk med blondeteljar.
BRØDRE: Erik Sæter og Erlend Elias. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Emilie Nicolas har ein svart outfit og håret stramt bakover. Ho har ei sølvveske i handa.
KLAR FOR SCENA: Emilie Nicolas. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Tim Kristian har mørkt hår. Han er tungt sminka og har eit breitt glis. Han har på seg ein svart overdel med utkutt over brystet og ved skuldrane. 
Jenny Huse ler og ser i taket. Ho har brunt brystlangt hår. Toppen hennar er ljos og forma som ein sommarfugl.
TIKTOKKJENDISAR: Tim Kristian og Jenny Huse. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.
Han har krølla, brunt hår og bruker ei oversized, vintage landslagsdrakt.
LIVEARTIST: David Mokel. Foto Henriette Dæhli, NRK P3.
Luna har på seg ei dongeribukse og ein strikkagenser som er svart og raud. Jonas har på eit sett av blå silke.
KLARE FOR SCENA: Luna og Jonas Benyoub skal opptre under årets «P3 Gull». Jonas Benyoub er i tillegg nominert til «Årets nykommar». Foto: Henriette Dæhli, NRK P3.

Journalister:
Ragnhild Marie Kjosbakken + Astri Aspen + Sjur Systad Tyssen + Marit Eide + Egil Andreas Skurdal

LES MEIR OM ÅRETS «P3 GULL»:

Siste fra P3.no: