Ronny Brede Aase

Han snorker høyt og kan komme til å holde de to andre programlederne våkne i helga. Kommer Ronny til å få hetta av at det ikke er dusj i bunkersen?

Ronny Brede Aase snorker sykt høyt. Kommer Ken og Aishath til å få sove i glassbunkersen? (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)
Ronny Brede Aase snorker sykt høyt. Kommer de Ken og Aishath til å få sove i glassbunkersen? (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Han snorker høyt og kan komme til å holde de to andre programlederne våkne i helga.  Kommer Ronny til å få hetta av at det ikke er dusj i bunkersen?

– Eg blir paranoid og flau så fort eg får eit snev av følelse av at eg luktar vondt.

Du kjenner stemmen hans fra P3 Søndag. I helga låses han inn i glassbunkersen på Youngstorget for å lede P3-aksjonen med Ken og Aishath. Vi slang noen dagbokspørsmål på bordet for å bli bedre kjent med Ronny.

Er redd for:
– Fly. Eg tykkjer det å ta av med fly er det verste i verden. Eg vil likevel heller sitja om bord i eit fly som tek av, enn å vasse i småkryp. For det er ekkelt, det òg. Og så fryktar eg sjømat. På ein generell basis.

Beundrer:
– Folk som klarar lage deilig musikk. Folk som jobbar hardt for noko dei verkeleg trur på. Folk som meistrar jobben sin. Folk som inspirerar meg til å verte betre i alt eg gjer.

Hvis du bare kunne ta med én gjenstand inn i glassbunkersen:
– Eg kjem definitivt til å ta med tannkosten. Den kjem framføre alt anna. Tannhygiene er viktig, og det følast alltid sjukt deilig å pusse tennene.

Ronny tar med seg tannbørsten som personlig eiendel inn i bunkersen. (Foto: Nadia Frantsen)
Ronny tar med seg tannbørsten som personlig eiendel inn i bunkersen. (Foto: Nadia Frantsen)

Tidenes danselåt?
– Eg dansar aldri. Eg tek meg dårleg ut dansande. Men sist eg faktisk bevegde meg på eit dansegolv, var det til Bulletproof av La Roux. Og om nokon spelar opp Dizzee Rascal og Calvin Harris sin Dance Wiv Me, då må eg berre vise meg på golvet.

Største radioflause?
– Då eg var rykande fersk i NRK Sogn og Fjordane, vart der kringkasta mykje rart. Eg fekk aldri lese nyhende, etter at eg likegodt kom halvvegs i sporten ein gong, for så å byrje lese oppatt sakene eg allereie hadde lest utan å merke det.

Verste uvane?
– Eg snorkar. Eg snorkar sjukt høgt! Som nemnt budde eg eit halvår i London. Eg budde saman med nokre vener, og vi pleidde av og til å reise på turar rundt omkring i England. Vi budde på billege seksmannsrom på stygge hostell. Etter nokre slike turar ville plutseleg ingen reise med meg lengre. Dei fekk ikkje sove, sa dei.

Hvor viktig er personlig hygiene?
– Veldig viktig. Eg blir paranoid og flau så fort eg får eit snev av følelse av at eg luktar vondt. Eg ser gjerne uflidd og ubarbert ut, men der skal liggje ein viss personleg hygiene bak der.

Når kom du ut av skapet?
– Eg var inni eit sånn walk-in-closet seinast i går. Det var gøy. Eg vil òg ha sånn skap. Dette er ikkje forsøk på ein vits. Eg var inni eit skåp i går, og eg har lyst på eitt.
Sånn ellers i livet tok det litt tid før eg torte komme ut av matfordomsskåpet mitt ovanfor folka eg jobbar med her i P3. Eg trur faktisk ikkje eg er ute endå. Dei likar så mykje rart. Eg tykkjer Grandis er digg både no og då. Fekk sansen for pesto samstundes som alle andre byrja prate om at det var ut.

Største livsløgn?
– Eg er oppriktig sikker på at om eg vil nok, kan eg vere i toppform til sommaren. Nett no har eg imidlertid ikkje lyst nok, samstundes som eg har det for travelt på jobb, til å byrje trene.

Flauste låt på iPoden?
– Eg skjemst ikkje over noko eg har liggjande på iPoden min. Men eg trur ikkje eg hadde vore bekvem med at psykofolkhouselåta ”Paddy’s Revenge” av den britiske DJen Steve Mac dukka opp i alle sosiale settingar.