Ronny og Tuva sine beste tips til kjærastar i koronatid

Tuva og Ronny er inne i si fjerde inneveke. Dette er deira tips for korleis ein kan halde liv i romantikken.

Fire veker har gått sidan livet endra seg for dei fleste nordmenn. Det å ta fatt på ein heilt ny kvardag har vore ein overgang for mange par – også for Tuva Fellman og Ronny Brede Aase.

– Det går eigentleg ganske bra, men det er klart det går litt opp og ned. Me hadde eit problem i starten då Ronny slutta å dusje. Men det problemet forsvann då lyttarane reagerte, fortel Tuva og ler.

Lyttarane Tuva refererer til, er dei som høyrer på podkasten deira – «I karantene med Ronny og Tuva». Ronny avbryt raskt:

– Men no har eg vore kjempeflink! Eg såg på dei fyrste dagane som ei oval langhelg, utan nokon planar. Så då ville eg vere snill med huda mi med å ikkje dusje så ofte, og eg gjekk berre i kosebukse.

Saman med resten av landet har paret skjønt at det lønner seg å dusje og ha på «jobbklede» når ein er på jobb.

– Men så fort jobbdagen er over er det på med kosebuksa, fortel dei.

KOSETID I KOSEBUKSA: Ronny og Tuva meiner at det er viktig å gripe sjansen til å kose seg når den dukkar opp. Foto: Tuva Fellman / Ronny Brede Aase

– Ikkje gå oppå kvarandre

Det er gjerne i forbindelse med det å ha heimekontor at gnissingar kan oppstå for mange par. Ronny og Tuva har utvikla metodar for å unngå dette.

– Tuva har ein veldig god eigenskap som er at ho jobbar med heile kroppen. Ho uttrykker seg veldig mykje. For at det ikkje skal blir eit irritasjonsmoment trekker eg meg litt vekk, og har heimekontor på soverommet, fortel Ronny medan Tuva ler i bakgrunnen.

Det er også andre ting paret prøver å gjere kvar for seg. Tuva har blant anna byrja med hagearbeid.

– Eg har byrja å plante tomatar i nokre minidrivhus i hagen, så når eg treng litt tid åleine steller eg med plantene og går inn i mi eiga sone.

– I tillegg prøver eg å gå ein tur kvar dag. Det gjer underverk! Eg trur uansett kor glad ein er i kvarande, er det ikkje smart å vere oppå kvarandre heile tida, råder Tuva.

I påska sender dei «I karantene: Påskefest hos Ronny og Tuva», torsdag, fredag og laurdag kl. 15-18. Det streames også på «NRK Alltid sammen».

Lagar middag saman kvar dag

Dei som høyrer på podkasten veit at paret brukar eit lykkehjul til å fordele husarbeid.

– Ein kan vinne noko positivt, eller få ei husarbeidsoppgåve, som å skifte sengetøy, vaske badet og sånne ting. Det funkar helt sjukt bra! Forklarer Tuva.

Her kan du prøve Ronny og Tuvas digitale lykkehjul på P3.no, eller lage ditt heilt eige!

LAGA LYKKEHJUL: Ronny og Tuva har laga sitt eige lykkehjul. Her kan ein vinne alt frå arbeidsoppgåver i heimen, til kosestund med chips og dip. Foto: Tuva Fellman / Ronny Brede Aase

– Me har byrja å lage middag saman kvar dag. Det er veldig koseleg, og det er eit ekte tips frå meg! Det er ein rutine me må prøve å halde ved like etterpå også, seier Tuva.

Dette er ikkje den einaste tingen dei no har byrja å gjere i fellesskap. Til dømes har Ronny gått med på å sjå katastrofefilmar frå tidleg 2000-tal saman med Tuva.

– Ronny har lenge vore motstandar av det å sjå film, han vil heller sjå på seriar. All honnør til han som har skjønt at dette er eit stort behov for meg, og dermed vart med å sjå filmen Dantes Peak førre laurdag.

Sei ifrå!

Å bli med på ting ein eigentlig ikkje har lyst til for partnaren si skuld er viktig for å ha eit godt inneklima, meiner Tuva og Ronny. Og når dei kjenner på frustrasjon er det berre éin ting som gjelder.

– Eg er veldig glad i å seie ifrå. Å berre seie: «Dette funkar ikkje så bra for meg» eller «dette synest eg er vanskeleg», seier Tuva.

– Tuva har heilt rett, om ein lar det gnage blir ein passiv-aggressiv og då kan ein fort ende opp med å bli eit jævleg menneske. Det er betre å prøve å løyse det, så ein ikkje eksploderer. Kvar gong ein er flink til å seie ifrå, er betre enn å ikkje seie noko. Alltid! Utan unntak, meiner Ronny.

Ikkje gløym romantikken

Sjølv om det er viktig å ta omsyn til kvarandre, skal ein passe på at ein ikkje tilpassar seg den andre personen for mykje.

– Ein kan ikkje gå på eggeskal i sitt eige hus. Det hadde jo blitt dritirriterande om ein ikkje kunne vere seg sjølv og slappe av i sin eigen heim, seier Ronny.

– Ein må ta konfrontasjonen om noko blir ubehageleg eller irriterande, og vere ærleg på at «sånn er eg» og «sånn treng eg å ha det heime», fortset han.

Og til slutt: I ein døsig kvardag må ein ikkje gløyme romantikken. Her hentar paret gjerne inspirasjon frå andre.

– Ein lyttar tipsa oss om at dei hadde gjort om leilegheita til ein tur ut på byen. Dei laga margarita-bar på soverommet, restaurant i stova og taktopp-bar på verandaen. Det er ein genial måte å lage ein spanande kveld på ein heilt vanleg laurdag, fortel Tuva.

RONNY OG TUVA SINE BESTE KJÆRASTETIPS FOR EI LYKKELEG KARANTENETID:

  • Hugs på at det ikkje er berre du som er i karantene. De er to, og den andre personen er i akkurat same situasjon som deg.
  • Lukk opp vindauga! Luft ut, gjerne så mykje at det nesten blir litt kaldt. Slik unngår ein å puste inn kvarandre sin promp og pust.
  • Bli god på å ta ut av oppvaskmaskina.
  • Lag god mat saman. Overrask gjerne partnaren med favorittsnopet eller andre ting ein veit at den andre set pris på.
  • Hugs på at det ikkje er så lenge sidan du sa at du var sliten og hadde for mange avtaler. Så lenge du sjølv ikkje er sjuk, eller nokon rundt deg er sjuk, er dette ei tid ein kan sette litt pris på. No er det ingenting som skjer, så du går ikkje glipp av noko. Du har ein unik mogelegheit til å roe ned og slappe av – prøv å nyt det.
  • Ros kvarandre.
  • Kjenn etter dei positive kjenslene! Det er så mykje forferdeleg som skjer rundt oss, og dei vonde kjenslene kan ta over. Ta tak i lykkekjensla når den kjem.
  • Gjer små, hyggelege ting for kvarandre. Til dømes kan ein skrive ein lapp der det står «lykke til på møtet» og henge den på dataen før ein skal i jobbmøte.
  • Om det er god stemning ein torsdags kveld, er det lov å opne ei flaske raudvin.
  • Demp lyset når ein ser på film for å få den gode kinofølelsen.
  • Transformer leilegheita til å bli noko den ikkje er. Lag massasjestudio på soverommet med duftlys og roleg musikk. Eller gjer boda om til dartbar. Her er det mange mogelegheiter!
  • Unngå dei store oppussingsprosjekta, men nytt gjerne tida til å gjere småting som kan gjere det ekstra koseleg inne.