Sigurd angrar på det han har gjort. Om eitt døgn skal han i fengsel

26 timar igjen: Sigurd kjem nøgd ut av glasdørene på NTNU Ålesund. Etter det mange ser på som ei psykisk krevjande innestenging, og noko dei færraste ville valt å gjere sitt siste døgn som fri: Eksamen. I sjukepleie. Sigurd sitt andre studium. Om eit drøyt døgn skal han i fengsel. Og bli der heilt til neste studiestart. Trur han.

Kva ville du gjort det siste døgnet i fridom? Kva ville du spist som det siste måltid før fengselet?

Måtte slutte på elitestudium

25 timar igjen: Sigurd feirar med ein iskaffi og tur til toppen av byfjellet Aksla. Det er sol og vår på Vestlandet denne formiddagen tidleg i mars. Korona er framleis noko knytt til skituristar på Austlandet. Men skuggane ligg tjukt over framtida til Sigurd.

Han var ein flittig sunnmøring som hadde fleire jobbar gjennom oppveksten. Men som 17-åring blei han hekta på sportstipping og nettkasino-speling. Frå da av var han alltid blakk og måtte låne pengar til julegåver. 21 år gamal hadde han ei gjeld på ein halv million kroner.

Da han i 2017 stod fram i P3 Dokumentaren «Spilleren» klarte han å slutte med speling i eitt år. Men grunna utfordringar med gjeld, psyke og studieprogresjon måtte han slutte på pilotstudiumet han gjekk på. Da rakna det igjen. I løpet av eitt år femdobla gjelda seg. Til 2,5 millionar kroner. Ille nok for ein nyutdanna med fersk leilegheit. Håplaust for ein som verken har utdanning eller husvære.

– Kvifor klarer du ikkje å slutte å spele?

– Det er inga god forklaring på dette med pengespel, det kan nok minne om heroin. Etter eg stod fram har over hundre speleavhengige tatt kontakt. Alle fortel at det var etter ein storgevinst dei mista kontrollen på fornufta og lommeboka. Det er da det går over til ein sjukdom.

Svindla mora

24 timar igjen: Sigurd har lufta hovudet over Noreg sin kanskje vakraste by. Å kunne sjå langt utover horisonten er noko av det ein blir fråteken i fengsel. Han har gått dei 418 trappestega ned til byen igjen.

Gjennom 2018 gjekk det bratt nedover med Sigurd. Han tok opp til saman ein million kroner i kreditt. Alt forsvann i speling. I februar 2019 sank han enda djupare. Da svindla han ho han er mest glad i. Ho han no er på veg heim til:

– Ved ein uforklarleg impuls tok eg kodebrikka til mor mi. Midt på natta. På sekundet fekk eg utbetalt eit lån på 380.000 kroner frå Sbanken. Eg overførte det til min konto. Dei forsvann på tenniskampar i løpet av natta. Neste morgon betalte dei ved ein feil ut enda eit lån på 380.000 kroner. Eg spelte bort alt det også.

– Det tok ei veke før ho merka det. Det var grufulle dagar. Eg skjønte jo at foreldra mine ville finne ut av det, men klarte ikkje å seie til mor mi at «eg har svindla deg for nærmare ein million». Det er så sjukt og slemt.

Sigurd klemmer hendene og senker tempoet.

– Eg vurderte konstant å ta livet mitt, men hadde ikkje samvit til å forlate henne med den gjelda.

Da foreldra oppdaga svindelen var Sigurd på jobb. Det tok lang tid før han orka å komme heim.

– Me snakka ut og ante ikkje kva me skulle gjere. Mor mi hadde ikkje råd til å betale ei slik gjeld. Far meinte ho måtte melde meg. Da sa ho: «Eg kjem heller til å skilje meg enn å melde sonen min». Ho syntest det var så fælt. Men til slutt fekk me overtalt henne, og drog saman til lensmannskontoret.

– Dei hadde aldri opplevd at lovbrytaren var med offeret til politiet, seier Sigurd.

Svindel på Finn

23 timar igjen: Før han dreg til barndomsheimen, har han nokre ærend han skal gjere. Først skal han innom Moa, Noregs fjerde største kjøpesenter og handelsmekka for heile Sunnmøre. Men Sigurd har ingen pengar å svi av. Det blir med ein cheeseburgar på McDonalds, etter ein kjapp telefon og kronetransaksjon frå mor.

– Det blir ei stund til eg får kjenne denne smaken igjen!

Våren 2019 selde Sigurd blant anna PC, skjermkort og telefon på Finn.no, for å dekke gjeld. Under salet av ei klokke betalte to personar samtidig. Pengane spelte han sjølvsagt bort med ein gong. Men han hadde oppdaga ein måte å få inn kjappe kroner på. Sigurd var igjen i det han omtaler som «alt eller ingenting»-sona. Han gambla høgt. Gjennom helga tok han imot betaling frå 18 personar. For varer han ikkje hadde. Dei 95.000 kronene blei investert i odds. Som ikkje gjekk inn.

– Da fekk eg panikk. Eg skjønte eg ikkje hadde pengar til å betale dei tilbake. Eg fekk panikkanfall, og innbilte meg at folk banka på vindauga og gjekk i trappene, sjølv om eg var heime aleine. Eg hadde på førehand bestemt at eg skulle gjere det slutt om eg ikkje vann, fortel han.

Den dagen sat han klar med ein kniv.

– Men eg klarte ikkje å gjere det, seier han.

Neste dag var Sigurd på felgen etter 70 timar nesten utan søvn. Foreldra var i Spania og forsøkte å få tak i han, samtidig som telefonen brølte frå ukjente nummer og sinte meldingar.

– Ein grufull dag. Etterkvart kom akuttpsykiatrien på døra. Dei sette meg på antipsykotisk medisin, og eg fekk overnatte hos ei venninne.

Han anbefalte alle å melde han.

Siste møte?

22 timar igjen: Det er ein ting som er viktigare for 24-åringen enn både McDonalds, eksamen og alt anna denne siste dagen i fridom. Han må besøke det eldste mennesket han kjenner. Berre nokre hundre meter frå familieheimen bur mormora, i eit grått hus kledd med blondegardiner, broderte veggløparar og kniplingsdukar.

Det er også dette han gruar seg mest til. Ho er gamal, og både helsa og hukommelsen har sett betre dagar. Sigurd er ikkje sikker på om han får sett henne igjen.

– I morgon drar eg i fengsel, seier Sigurd.

– Kor lenge blir du borte? Når drar du? Kva kan du gjera der, spør mormora fleire gonger.

Ho gløymer stadig meir, og har vanskeleg for å hugse kva Sigurd allereie har fortalt. Men konklusjonen hennar er oppløftande: «Eg trur det skal gå bra med deg».

Og bortsett frå frykta for at mormora skal dø medan han sit inne, ser han positive sider ved å dra i fengsel. Han er tydeleg på at han har fortent straff. Han ser fram til å gjere opp for seg, sjølv om det viktigaste for han er å betale tilbake til dei han har svindla. I fengselet er han utan internett, og kan ikkje gamble. Eller ta opp forbrukslån.

For speleavhengige er kreditt og forbrukslån som fandens hjelparar. Sjølv om Noreg i sommar innførte eit gjeldsregister.

– Det var bra at det kom eit gjeldsregister. Det seier sitt at eg som 23-åring klarte å ta opp ein million kroner i kreditt- og forbrukslån. Det er i dag mykje vanskelegare å få huslån på ein million, enn forbrukslån på ein million.

Med 2,5 millionar kroner i gjeld er Sigurd sjølvsagt tvungen til å bu heime hos foreldra. Det er dit han no drar.

Toto og Madcon

21 timar igjen: Heime går Sigurd gjennom pakkelista han har fått frå fengselet. Lista speglar ikkje heilt at han er dømt til fengsel i ni månader.

– Sju boksarar og sju par sokkar. Er ikkje det litt lite?

To til fire bukser, t-skjorter og genserar. Han må bu seg på mykje klesvask.

– Eg får jo ta med meg fleire skjorter enn genserar, men eg eig jo nesten ikkje skjorter, ler han, og lurar på når ein treng å pynte seg i fengselet.

Ein ting fengselet ikkje er knipne på, er det gamle musikkformatet CD-ar.

– Ti CD-ar!? Eg veit ikkje om eg har så mange ein gong.

Han finn fram ein signert Madcon-CD, med Tshawe og Yosef glisande på coveret. Større glede finn han i den andre CD-en han klarer å grave fram, favorittbandet Toto.

– Eg elskar Toto. Da eg var yngre lagde brørne mine og eg musikkvideoar og la dei ut på Youtube, ler han.

Det Sigurd neppe veit er at Toto også er namnet på lotteriet Singapore innførte på 1960-talet, for å få bukt med ulovleg gambling. Ålesundaren er ikkje berre oppgitt over eiga spelegalskap. Han synest norsk spelpolitikk er totalt mislukka. Det er i dag 35.000 speleavhengige i landet, samtidig som det blir reklamert for 850 millionar kroner for spelselskap på norsk TV. Kvart år.

– Eg skulle ønske ein fekk ei svært streng lisensordning, med eit register som fører opp alle innskot og uttak. Da kunne myndigheitene sette maksgrense for speling.

Sigurd meiner at ein da også kan kontrollere dei mest aggressive metodane for å lokke speleavhengige, slik som pengebonusar, luksusreiser og gratis Rolex-klokker.

I haust tok ein kjenning av han livet sitt på grunn av spelegjeld.

– Og det er mange barn som mistar huset sitt og må vakse opp i fattigdom fordi faren er speleavhengig, seier 24-åringen.

Det (nest) siste måltid

18 timar igjen: Jesus og disiplane delte brød og vin. Saddam Hussein valte kylling og ris. Omstenda denne kvelden er langt mindre dramatiske, men Sigurd gjekk for taco i sitt siste måltid (i fridom). Rett nok åt han frukost neste dag, men «det nest siste måltid» høyrest ikkje like interessant ut.

På kjøkkenet blir det kutta agurk, tomat og paprika. Kjøttdeigen sprakar i panna. Sigurd har vore klar på at det er yndlingsretten som familien skal samlast rundt denne kvelden. Stemninga er noko spent, men også ganske kvardagsleg.

 

Etter middagen må Sigurd og mora rekke kjøpesenteret før det stenger. I fengselet må han vere analog, og treng både vekkeklokke og batteri til armbandsuret. Han veit kva han har lyst til å gjere for å få tida til å gå i fengselet.

– Eg har høyrt rykte om at det er best å jobbe på kjøkkenet, og eg har jobba mykje på kjøkken tidlegare, så eg håpar på å få komme inn der, seier Sigurd.

 

Avreisa

Fem timar igjen: Klokka er åtte om morgonen, og Sigurd sit i stova med mora og faren. Bagasjen ligg klar i gangen.

– Eg hadde ikkje trudd eg skulle gråte så mykje, seier mor Jorun.

Ho tørker tårer. Sonen sit stille i sofaen, tydeleg prega. Han synest det er tungt.

Mora har skuldkjensle for å ha meldt sonen til politiet. Og ho har alltid stilt opp for sonen. Da han først fortalte om spelinga si. Om all gjelda. Om svindelen.

Og ho var med til Oslo da sonen snakka ut på «God Morgen Norge» på TV2. Det kjem ingen av dei til å gløyme.

– Da eg kom inn der sat både Hans Olav Lahlum og Linda Hofstad Helleland der, fortel Sigurd. Forfattaren og ministeren bråsnudde og kikka da han fortalte programleiar Vår Staude at han hadde spelt bort over to millionar.

– Da fraus det litt i heile kroppen: Dei var der for å ha gjort ting riktig, medan eg var der fordi eg hadde spelt bort ein formue og svindla folk. Men eg stilte jo opp for å få ein debatt om tilbodet til speleavhengige.

Han meiner det tilbodet i Noreg er altfor dårleg.

– Da eg først gjekk til fastlegen min fekk eg beskjed om å slutte med å dra i spakar (som på eldre speleautomatar, red. anm). Mange tar kontakt med meg og fortel at fastlegane rundt i Noreg ikkje kjenner til støttegruppene for speleavhengige.

Eit av argumenta dommaren brukte for at Sigurd skulle i fengsel, og ikkje slapp unna med samfunnsstraff, var at han skulle få slik behandling i fengselet.

Dei må av stad for å rekke ferja over Moldefjorden. Mor Jorun strigræt.

Turen til fengslet

Tre timar igjen: Faren køyrer, medan Sigurd sit klistra til telefonen. Siste helsingar til venner.

Fjella vil ingen ende ta. Rundt kvar sving ligg det ein ny, kvitkledd topp.

Så er dei framme ved Hustad fengsel, nokre hundre meter frå der cruiseskipet Viking Sky heldt på å havarere i fjor.

Ikkje ein stad du vil symje av stad.

Far og son tar ein selfie framfor fengselet, før Sigurd skriv ned telefonnummera til familien på ein lapp. Tilbake til fortida.

Ufrivillig fri

Og så er han i fengsel. Aleine.

Cella minner meir om eit dobbeltrom på ein folkehøgskule. Han får bu her aleine, enn så lenge. Den største forskjellen frå guterommet er at PC-en og datastolen manglar. I staden har han fått korktavle med ei lettkledd dame. Fjernsynet manglar kanalane som viser favoritten Liverpool, som låg an til sin aller første triumf i Premier League. Herfrå kan han heller ikkje gå ut og besøke mormor.

Sjå forskjellen frå guteromet heime til cella i fengselet:

Men etter ei veke på rommet sitt kom koronaen også til den nordvestlege delen av landet, og Sigurd blei kasta ut av fengselet. Mot si eiga vilje. Ein absurd situasjon. Sigurd sat tre timar unna og ønska seg tilbake bak murane.

– Det kjende som dobbel straff, sidan straffeavbrotet ikkje tel som soning, sa Sigurd.

For forholda han slapp ut til minna meir om fengsel enn fridom. Han måtte holde seg heime. Premier League var utsett. Og han var redd for å miste skulestart og nok eit studium.

Etter å ha klaga, fekk han lov til å komme tilbake til fengselet. Men da måtte han gjennom to veker i lukka isolat, ikledd fengselsklede, strengt lufteregime og avlytting av telefonsamtalar. Han venta til etter påskeferien.

– Eg sat mest heime og såg seriar, slik som alle andre. Men det har vore godt. For akkurat som i fengselet har eg ikkje kjent på abstinensane og stresset etter å spele pengar. All sport er jo avlyst!

– Kva trur du om framtida da?

– Eg veit ikkje. No får eg ikkje fortsette på sjukepleiarstudia, på grunn av rullebladet. Eg har meldt meg opp på eit nettstudium i cybertryggleik frå hausten av. Dessutan har eg veldig lyst til å kunne bruke mine sjuke erfaringar til å åtvare og hjelpe andre. Mest av alt vil eg gjere opp gjelda eg har til dei eg har svindla.

– Men trur du at du nokon gong vil klare å slutte med å spele?

– Det håper eg verkeleg. Eg er så lei av all denne driten nå.

Tilbake i fengselet får han likevel ikkje behandling. Behandlaren for speleavhengige i området hadde slutta.

Korleis skal han no klare å slutte? No er det opp til han sjølv. I fengselet får han iallfall ein pause.

Treng du hjelp?

Mental helse har opent heile døgnet på telefon 116123.
Har du problem med pengespel? Ring Hjelpelinjen på 800 800 40.

Webjørn S. Espeland

Journalist Webjørn S. Espeland


Helene Mariussen

Fotograf og journalist Helene Mariussen

Les også om møtet vårt med Sigurd i 2017: