Silje Nordnes med nytt radioprogram: – Kan vi ikkje berre kose oss litt?

Då studieturen til New York blei avlyst på grunn av koronaviruset, starta Silje Nordnes (35) heller arbeidet med eit nytt radioprogram.

Silje Nordnes er kjent som programleiar i P3morgen med Ronny Brede Aase og Markus Neby. Sidan trioen hadde si siste sending i Operaen før jul, har Silje grubla over kva ho skal ta seg til.

– Eg var ferdig med P3morgen og visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg syns at ting var ganske rart. Det var januar, mørkt og ikkje snø. Vi hadde høyrt snakk om eit virus borte i Kina som ikkje verka særleg hyggeleg. I tillegg er det klimakrise og snart nytt val i USA og alt det fører med seg av bekymringar.

– Eg tenkte kan vi ikkje berre kose oss litt? Må alt vere så vanskeleg, liksom? fortel Silje over telefon.

Vil gi håp

Programmet heiter «Koselig» og skal gå direkte kvar søndag mellom 16-18 på NRK P3. Tanken er å summere opp alt det positive som har skjedd i veka, spele god musikk og vere saman utan at ein fysisk er i same rom.

– Søndag kan vere ein litt tung og einsam dag for mange. Nokon er fyllesjuke og har noia for kva dei gjorde dagen før. Og måndag kjem krypande som ei mørk sky med alt det inneber av forpliktingar og krav, seier Silje som håpar programmet kan gi litt håp til alle som høyrer på.

Ho ønsker også at lyttarane skal bidra til programmet:

– Det skjer utruleg mange fine ting, folk er så søte, rare og koselege. Det har vi godt av å trekke fram. Utan at ein skal ha heilt skylappar på, forsikrar ho.

Sjølv har Silje alltid brukt radioen som selskap og set pris på at det er nokon der som snakkar til henne.

Skummelt å lage radio aleine

Silje var 25 år då ho begynte i P3. Saman med kompisane Ronny og Markus har ho oppnådd eventyrleg suksess på morgonkvisten med radioprogrammet P3morgen.

No skal Silje styre skuta aleine på søndagar, noko ho innrømmer er litt skummelt.

– Eg har jo nesten ikkje laga radio utan Ronny, og så etterkvart Markus, ler ho, så det blir litt rart.

– Men no har eg bestemt meg for å fokusere på det positive. Og P3 har verdas beste lyttarar som skal hjelpe meg med å fortelje alt det positive som skjer der ute.

P3morgen. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter
VENNER FOR LIVET: Markus, Silje og Ronny har laga radio saman i fleire år og vil alltid vere der for kvarandre, men no er dei alle i gang med nye prosjekt kvar for seg. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter

Ser på Ronny og Markus som familie

Sjølv om Silje, Ronny og Markus ikkje lenger ser kvarandre kvar dag, er ikkje Silje redd for at dei skal miste kvarandre.

– Eg ser på dei som familie, vi treng ikkje snakke dagleg for å vite at vi er der for kvarandre og kjenner kvarandre godt.

På grunn av unntakstilstanden Noreg er i no, har middagar og festar blitt avlyst. Det har også Silje sin planlagde studietur til New York. Ho skulle eigentleg på inspirasjonstur til storbyen og vere der i ein månad. No tar ho det heller igjen til hausten.

– Eg er ikkje lei meg for det. Det er så mykje anna som skjer no som er viktigare, seier Silje.

Oppdagar nye sider ved seg sjølv

Sjølv er ho per definisjon ein del av risikogruppa fordi ho har astma og ein magesjukdom som gjer at ho må gå på immundempande medisin. Men ho er ikkje engsteleg trass alt.

– Det er mykje anna eg er meir bekymra for. Bestemor og andre gamle som er meir i risikogruppa enn meg, og alle som mistar jobben sin. Eit helt samfunn i krise. Eg er meir bekymra for det enn at eg er i risikogruppa.

Sjølv om det er frustrerande å ikkje vite kor lenge denne tilstanden varar, nyttar ho høve til å kose seg mest mogleg heime med kjærasten og nokre få venner.

Det blir ein del puslespel og playstation som pause frå ein konstant straum av korona-nyhende.

Begge deler er relativt nye aktivitetar for Silje, men kaotiske tider gjer at ein også oppdagar nye sider ved seg sjølv:

– Eg har aldri gama før i heile mitt liv, no sit eg og ropar til tv-en, ler Silje. 

NY SIDE: Silje og kjærasten har gått til innkjøpt av playstation. Silje har aldri spelt tv-spel før, men syns det er frigjerande å flykte inn i ein cowboytilstand kvar kveld. FOTO: privat

Høyr også: Silje på besøk hos Ronny og Tuva i podkasten «I karantene»