nrk.no

Simen vil leve av musikken, men: – Eg kan ikkje synge, eg kan ikkje eitt einaste instrument

Kva strategi bør ein følgje med eit slikt utganspunkt?

Korleis skal ein slå gjennom som artist når ein er fersk og står på berr bakke? Det er eit spørsmål mange unge og håpefulle artistar nok har stilt seg sjølve.

Ligg løysinga i å kjenne dei riktige folka? Er det å gå skamlaust til verks og forsøke å gå viralt på TikTok? Føye seg etter dei gjeldande trendane?

For rapparen Simen Steinklev (22) frå Arendal er det så enkelt som å halde seg tru mot seg sjølv og å arbeide hardare enn alle andre.

Han er kanskje eit ukjent namn for mange, men med fire utgjevne album sidan 2020 og det femte på veg, kan han vise til ein produktivitet dei færraste kan matche.

Det har gjort han til «Månadens Urørt» for januar, og målet er tydeleg: Det skal ikkje gå an å ignorere Simen Steinklev.

Simen Steinklev gliser fra øre til øre. Han har på seg en svart boblejakke med en grå hettegenser under. Han har to lysestaker som han holder i et kryss.
GODT LIKT: Gladlaksen var nominert til «Årets namn 2023» i Agderposten. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Dårleg Siv Jensen-rap på endå dårlegare nynorsk

Den blide sørlendingen starta det heile med eit tverrfagleg prosjekt i sidemål og musikk. Oppgåva var å lage ein song på nynorsk og framføre han for klassen.

Simen og to vener skreiv 16 antirasistiske bars kvar, retta mot Framstegspartiet og dåverande leiar Siv Jensen.

– Det var dårleg rap, men då vi framførte han, sat musikklæraren og gret fordi han syntest dette var så kult og bra, medan norsklæraren klødde seg i hovudet, for vi hadde ikkje sagt eitt ord nynorsk i løpet av heile låten.

Resultatet vart seksar i musikk, stryk i sidemål og ein ny hobby for den unge Simen Steinklev.

Simen Steinklev har på seg en svart jakke og en grå hettegenser.
SPELT INN I FIRENZE: Det femte albumet til Simen Steinklev kjem i løpet av 2023. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Rap er framleis det gjeldande uttrykket, men når han snakkar med P3.no, slit han likevel litt med å plassere musikken sin. Etter litt leiting etter ei passande skildring, kallar han det til slutt for pop-rock-hip-hop på norsk.

For medan musikken hans har ein ganske så tydeleg grunnmur av hiphop, har han i tillegg fått rekruttert eit fast lag av vener som kan gjere alt det han ikkje kan. Legge på gitarar og «ordentlege trommer», til dømes.

– Eg kan ikkje synge, eg kan ikkje eitt einaste instrument, kan ikkje akkordar, kan ikkje mikse, kan ingenting. Eg kan skrive 16 bars og eit hook. Eg vil gjerne vere musikalsk, men har ikkje ferdigheitene, så eg er veldig heldig med dei eg arbeider saman med.

Han skildrar eit musikalsk samarbeid der ingen idéar er for dumme, men at det også er lov å vere tydeleg i tilbakemeldingane. For hans del går mykje av arbeidet i å ta regi og nynne melodiar han vil dei andre skal sette til livs.

– Forhåpentlegvis er eg ein flink låtskrivar med endå flinkare produsentar.

Alt handlar om å vere på tilbodssida

Med sterk motivasjon og flinke vener på plass er det meste i orden. No er det om å gjere å få musikkarrieren til verkeleg å gå rundt.

Med ingen annan jobb å gå til startar Simen kvar dag med administrativt arbeid: sende ut alle desse e-postane, få namnet sitt i flest mogleg innboksar, sørge for at alle i bransjen har sett namnet hans. Sitte med 40 faner oppe i nettlesaren og gjere alt det ein manager vanlegvis gjer.

Kontakte arrangørar og skaffe seg spelejobbar. Det er der pengane ligg for ein som Simen.

– Taktikken er eigentleg berre å ha det veldig gøy med å sende ut veldig mykje e-post. Eg er open for å gjere dritmykje og ta dei tilboda som kjem.

Og viljen til å spele over alt betalar seg. I dag er det konserthonorar og Tono-pengar som er inntektskjelda. Rett nok med litt hjelp frå studielån og den komande kone hans, fotballspelar Emilie Lein, som han svergar han skal betale attende når det for alvor losnar.

Simen Steinklev gliser i sin sorte jakke og hvit hettegenser. Han står ned på kadettangen en kald vinterdag. Bak han er det hvite stupetårnet. Et lite et på høyre side og et større et på venstre.
FORLOVA: Simen Steinklev er kjærast med Emilie Lein som spelar på Rosenborg. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Men det skal losne på Simen sin måte. Han vil ikkje kaste seg på ein musikalsk trend berre for å gjere det.

Skal ein for alvor ri ein trend, må ein nesten vere med og skape han sjølv, seier han, så då vil han sjå kva han kan få til om han legg alt i å lage det som kjem naturleg for han.

– Eg trur alle går gjennom ein slik fase, der alt er sånn «eg må linke opp med desse, få ein feature her, bli vener med desse, kome på 730». Eg har også vore innom det, men det drep berre kreativitet og sjølvtillit.

Og er nødvendigvis eit overdrive fokus på strategi riktig veg å gå for ein artist i startgropa?

– Nei, det er eigentleg berre å gønne på. Det treng ikkje vere så utspekulert, det er meir «eg har laga desse songane, dei er dritfete, og det er veldig gøy å sjå dei live. Det må de kome og få med dykk!»

Simen Steinklev smiler inn i kamera. Han har pannelugg og en grå hettegenser over den svarte jakka.
GJEV PRIS: Vinnaren av «Årets Urørt» speler live på «P3 Gull» i november. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Går vi glipp av gode artistar?

Girson Dias er DJ, sjef for plateselskapet Full Effekt og manager for fleire artistar, som Martin Hazy og Kars. I tillegg har han lang fartstid som hypeman for Lars Vaular og medlem av gruppa A-laget.

Ein norsk rap-veteran, med andre ord, og ein som har sett mange artistar forsøke seg. Nokre har slått gjennom, men mange har gitt opp.

Han synest det er friskt med dei som tenker slik Simen gjer, og samanliknar tenkemåten med den hans generasjon norske rapparar hadde i si tid, før rap var verdas største sjanger.

– For oss var det ei velsigning å kunne lage musikk utan ambisjonar om å bli store sensasjonar eller putte forventningar og press på oss sjølve.

Han meiner at desse faktorane motiverte dei til å lage det dei sjølve meinte var fett, og at sluttproduktet derfor alltid var organisk og ektefølt.

– Ein stor del av problemet i dag er at strøymetal og denslags er så tilgjengeleg at folk sit og samanliknar seg sjølv med det eine og det andre i staden for å ha hovudfokus på musikken og kose seg med den.

Ved å halde hovudet kaldt håpar Girson at fleire unge artistar kan bli verande i musikkscena, lage musikk fordi dei synest det er gøy, utvikle seg og nå potensialet deira.

– Om dei vil ta det neste steget, må dei hugse å vere tolmodige og ikkje henge seg for mykje opp i trendar eller kva andre held på med. Eg ser mange gir seg før dei er 30 grunna låge strøymetal, og det er ufatteleg trist, for eg trur vi går glipp av mange gode artistar.

Det er no han må levere

Simen er årets første «Månadens Urørt» i 2023, med låten «Hilsen vi som skulle bli no».

Han skildrar låten som ein boost for å gjere akkurat det ein vil til det fullaste. Det finst nok av mekanismar i samfunnet som vil at ein skal følge eit mønster og gjere noko ein eigentleg ikkje brenn for, seier han og ser låten som ein gøy måte å bryte med desse på.

Ein passande tematikk.

– Når ein er så heldig at ein har ein passion, uansett kva det er, handlar alt om å ha trua på det. Tenke at det alle andre gjer, også er fett, men for meg er det dette som gjeld, og så skal eg bli noko med det.

Simen Steinklev holder opp to lysestaker. Han står foran stupetårnet på kadettangen.
TETT SAMARBEID: På låten «Hilsen vi som skulle bli no» samarbeider Simen med gitaristen Vandbakk. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

I første omgang er utmerkinga ei stjerne i boka og noko han kan bruke til å selje seg sjølv den komande tida. Men skal ho verkeleg gjelde, er det no han må levere.

– Det er veldig koseleg at folk har trua på meg, men eg veit også at det som akselererer karrieren, er kva eg legg inn av innsats sjølv. Det siste ein vil, er å få ein slik sjanse og all den merksemda i fanget, og så sløse det bort på å ikkje følge det opp.

Planane ligg allereie klare for den neste tida, og i ekte Simen Steinklev-stil handlar alt om å gje ut endå meir musikk og gjere seg så synleg han kan.

– Eg er veldig glad for at det er slik eg startar året, for vi skal gjere mykje frå januar av. Først skal vi til Italia og ferdigstille det nye albumet, og så er det rett heim for å halde fleire konsertar i Oslo før vi slepper meir musikk.

MEIR OM «URØRT»:

Siste fra P3.no: