Sjå tabbane frå Lovleg!

Det var mykje latter på settet da Lovleg vart spelt inn. Sjå noko av det som gjekk gale her!

TV-serien Lovleg er over etter to sesongar, noko som har utløyst underskriftskampanje for ein ny sesong.

Så langt har det ikkje ført fram, men gjengen bak serien viser no litt av kva som hende i kulissane da serien vart spelt inn i Sandane.

– Det var kjempekoseleg å sjå denne bakomfilmen! Vi lo masse under innspelinga, og det kjem godt fram, seier Silje Holm Carlsen, som spelte Sara i serien.

– Vi begynte ofte å le når ting ikkje gjekk som dei skulle, eller når nokon gløymde kva dei skulle seie, fortel ho, og legg til:

– Eg trur definitivt serien vart betre av at det var så god stemning på sett. Det er viktig å ha det gøy på jobb.

– Ofte var det Harald (Harald Mæle Jr., regissør) som fekk oss til å le. Han har ein veldig smittande latter, seier Runar Naustdal, som spelte Peter i serien.

Latter under innspeling av Lovleg. Foto: Torbjørn Sundal Holen

20 takingar

Dei to fortel om ei springescene som måtte bli filma spesielt mange gonger.

– Det tok så lang tid å få spelt den inn ferdig! Vi lo så mykje. Eg meiner det blei nærmare tjue takingar. Eg trur det var rekord. Det tok lang tid. Heile kvelden, seier Silje.

Runar og Silje slappar av i sofaen med Olav Barmen Trollebø (Alex). Foto: Petter Holthe Hanssen

Å spele inn same scene fleire gonger var i utgangspunktet ikkje noko problem for skodespelarane. Men det vart eit problem når ein til dømes måtte ete samtidig.

– Eg hugsar ei scene der eg åt yoghurt og granola. Vi måtte ta den fleire gonger, til slutt hadde eg ete ein stor boks, og blei kvalm. Det var rett etter lunsj også, fortel Runar.

#yoghurtgate er det Runar Naustdal hugsar best frå innspelinga. Foto: Torbjørn Sundal Holen

Silje har flest minner frå scenene med hovudpersonen Gunnhild, spelt av Kristine Ryssdalsnes Horvli.

– Det var mange flotte Sara og Gunnhild-augeblikk. Som sluttscenen i sesong 2, eller då dei var ute på tur og møtte geiter.

Vennar på ordentleg

Under innspelinga blei Lovleg-skodespelarane godt kjende, og dei har halde kontakten sia.

– Vi hang mykje både på og etter jobb. Vi blei veldig gode vennar!

Blei de ein gjeng, litt som de var i serien?

– Ja, på ein måte!

Runar jobbar no i sportsbutikk før han skal i militæret. Silje jobbar som resepsjonist, og planen er å studere i Oslo til hausten.

– No blir vi jo spreidde over heile landet, men vi satsar på å ikkje gli frå kvarandre, seier Silje.

Ikkje sett Lovleg? Sjå alt på Lovleg-sida eller i NRK TV!

Lovleg-gjengen i kollektivet. Foto: Torbjørn Sundal Holen