Meiner VM-profilens reiseprogram er galskap

Snowboardstjerna Ulrik Badertscher reiser mest og lengst av alle dei norske utøvarane i oppkøyringa til VM. Det likar landslagssjefen dårleg.

  • Sjå snowboard-VM på p3. no frå 12. februar og NRK TV frå 16. februar!

– Dette er den dårlegaste oppladinga ein kan få. Det er galskap å reise så mykje før VM, seier landslagssjef Thomas Harstad til NRK.no.

Tre konkurransar på tre kontinent i løpet av tre veker er Ulrik Badertschers oppkøyring til VM i Oslo. Måndag reiste snowboardstjerna til Japan der han skal ta del i sesongens siste Big Air-konkurranse før verdsmeisterskapen.

– Åh… Det blir tre harde veker no, sa snowboardstjerna etter X Games for to veker sidan.

– Risikerer å bli sjuk

For like etter at verdas største actionsportfestival var over i Aspen, reiste Badertscher halve kloden for å konkurrere i Innsbruck.

Åtte tiddsoner skiljer Aspen i USA og Innsbruck i Austerrike.

– Det blir mykje reising, jet-lag og anna h***** no, sa Badertscher før reisa over Atlanterhavet.

I konkurransen førre helg kom nordmannen til kort. Profilen, som også er ein av Norges VM-favorittar i slopestyle, køyrde ikkje godt nok til å nå superfinalen i den austerrikske vinterbyen.

– Press frå sponsorar

Etter ei ny reise rundt halve kloden skal Badertscher på ny jakte triumf til helga. No står altså Japan for tur.

Det likar landslagssjefen dårleg.

– Han får ikkje lada opp til VM som dei andre norske, og risikerer mellom anna å bli sjuk. Det er dumt, seier Harstad.

– Kvifor reiser han så mykje like før VM?

– Her er det mykje press frå sponsorar som vil at han skal køyre. Og samstundes skjønnar eg kvifor han reiser. Mange av dei største konkurrentane er ikkje med i Japan, men det er likevel eit sjansespel om prispengane, seier Harstad.

Dette er Badertschers hektiske reiseprogram i den viktigaste delen av sesongen:

  • X Games, USA
  • Big Air, Austerrike
  • Big Air, Japan
  • VM, Norge

VIDEO: Slik hamna rotekoppen Badertscher i verdstoppen

Badertscher: – Ikkje optimalt

Badertscher innrømmer at all reisinga er ei stor utfordring.

– Sjølvsagt er det ikkje optimalt å reise så mykje før ein konkurranse, men ein kan ikkje setje sesongen på pause på grunn av ein konkurranse. Eg har jo lyst til å gjøre det bra, seier Badertscher.

Men truleg er han klar for å utfordre resten av verdas store snøbrettnamn når sesongens andre gigantkonkurranse, VM i Oslo.

– Det er mogleg å gjøre reint norsk bord til VM, men då må det klaffe totalt, seier Badertscher.

No kryssar landslagssjefen fingrane for at Badertscher kjem til VM i toppform, sjølv om han er skeptisk.

– Han er jo eitt av favoritthåpa våre. Han har kjempekapasitet, så vi får bare håpe at det går bra, seier Harstad.