nrk.no

Slik blir «P3aksjonen» 2024

I år går aksjonen litt tilbake til røtene. Her finn du alt du treng å vite!

Den 16. oktober kl. 16.00 startar «P3aksjonen»!

Det blir 100 timar med reinspikka galskap for å samle inn pengar til ei god sak, og i år går pengane til Barnekreftforeningen.

Slik som tidlegare skal fire P3-profilar få gjennomgå under aksjonen, men i år blir det litt annleis.

– Eg har alltid hatt lyst til å vere med på «P3aksjonen»! Det er ei kjempegod unnskyldning for å vere ein idiot. Eg skal berre «gønne» på, sa NRK P3s «Pønsj»-Sindre då det vart kjent at han skulle vere med på aksjonen for første gong.

ÅRETS AKSJON:

«P3aksjonen» begynner 16. oktober kl. 16.00 og held på fram til 20. oktober kl. 20.00.

Høyr 100 timar med «P3aksjonen» direkte på radiokanalen NRK P3, i appen NRK Radio, sjå via appen NRK TV eller følg streamen inne på P3.no. Du kan også sjå høgdepunkta på NRK P3 sin Instagram.

I år vil all støtte gå til Barnekreftforeningen.

Pengane skal gå til bygging av familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman mens barnet får behandling.

Om du vil bli bøsseberar til «TV-aksjonen», kan du melde deg på her!

Les meir om TV-aksjonen i år her.

Les også: Foreldrene fikk beskjed om at Michael ikke ville overleve. Nå løper han maraton for Barnekreftforeningen.

Desse får gjennomgå

I fjor fekk programleiarane 100 oppgåver som skulle løysast på 100 timar, men slik blir det ikkje no. Aksjonen blir litt likare tidlegare år – sjølv om sendinga ikkje går føre seg i eit glasbur på Solsiden.

Sjølve sendinga går frå eit radiostudio på NRK i Trondheim, som ikkje er brukt i aksjonen tidlegare. Men programleiarane kjem også til å få utfordringar som skal skje i byen og ute blant folk.

I år er det Henning Bang (23), Anna Nor Sørensen (28), Sindre Reinholt (29) og Annika Momrak (25) som skal, utan å ane kva som ventar, komme seg gjennom dei 100 timane med direktesending.

Henning Bang har armene i kryss og smiler til kamera. Han har fått illustrert på seg en rød kappe, og over han står det «HENNING».

Namn: Henning Bang

Alder: 23

Kjem frå: Tjongsfjord i Nordland

Kjent frå: «P3morgen» og «Pønsj»

Vore med på aksjonen før? Ja, i 2022 og i 2023

Nektar å gjere: – Eg såg eit snapchatfilter av korleis eg hadde sett ut med bleika augnebryn, og det var verkeleg ikkje for meg! Så eg har bedt produksjonen om å la dei vere i fred.

Annika Momrak ser i kameraet med et lurt smil. Hun har fått illustrert på seg en gul kappe og har hendene på hoftene. Over henne står det «ANNIKA».

Namn: Annika Momrak

Alder: 25

Kjem frå: Bø i Telemark

Kjent frå: «4ETG», «Melodi Grand Prix» og «Maskorama»

Vore med på aksjonen før? Ja, har vore gjesteprogramleiar på dagtid

Nektar å gjere: – Eg kan gjere mykje, men eg nektar å gifte meg. Det er noko som er viktig for meg, og viss det skulle skjedd ein gong, så vil eg oppleve det på ekte. Eller … om vi vart skilde i løpet av aksjonen, så kanskje.

Anna Nor Sørensen smiler til kamera og har armene i kryss. Over henne står det «ANNA» og rundt halsen hennes henger det en blå kappe, som er tegnet på.

Namn: Anna Nor Sørensen

Alder: 28

Kjem frå: Larvik i Vestfold

Kjent frå: «Anna» og «Musikkrommet».

Vore med på aksjonen før? Ja, i 2022 og i 2023

Nektar å gjere: – Nei, altså dei produsentane drit jo i kva eg set ned foten på, men det verste eg kan tenke meg er gastroskopi eller eit kroppsleg eksperiment, slik som i «The Human Centipede». Då sett eg meg på første fly til Torp, Sandefjord.

Om kvifor ho vil bli med igjen: – Eg elskar at lyttaren går saman med oss inn i 100 timar der alt kan skje, og at alle involverte jobbar mot eit felles mål. Finst det noko betre enn å skape både store, gåsehudframkallande og små, dumme stunder samtidig som vi samlar inn pengar vi veit vil utgjere ein forskjell? Eg ville vore ein idiot om eg ikkje vart med på dette igjen.

Sindre Reinholt har armene i kryss i ser med et lett smil i kameraet. Han har fått illustrert på seg en rosa kappe. Over han står det «SINDRE».

Namn: Sindre Reinholt

Alder: 29

Kjem frå: Bøler i Oslo

Kjent frå: «Pønsj» og «Statens mal for medarbeidersamtale»

Vore med på aksjonen før? Nei

Nektar å gjere: – Eg ønsker å behalde alle lemmer, så eg set ned foten på amputering av foten, armar, fingrar, bein, osv. Dei ønsker eg å ha med meg vidare i livet.

Dei fire skal, i kjent «P3aksjonen»-stil, gjennomgå forvandlingar og løyse utfordringar åleine og saman, så lenge pengane kjem inn.

Tidlegare år har programleiarane måtta gjere litt av kvart. Som i 2021, då Henrik Farley, Martin Lepperød og Arian Engebø fekk eit svimerke med «P3A» på rumpa, ei forkorting for «P3aksjonen».

– I evig tid kjem vi til å vere slavar for «P3aksjonen», sa Martin.

Og utsjånaden deira onsdag vil mest sannsynleg vere ganske annleis enn søndag kveld.

Kanskje vi i år får sjå forvandlingar på linje med då Martin vart til Cardi B og dansa «WAP», som då Adelina vart Voldemort og måtte på speeddating eller då Galvan vart til Haaland?

PROGRAM FOR «P3AKSJONEN»

Har du lyst til å gire deg opp før det heile smeller i gang? Då kan du følge «P3aksjonen vorspiel» på radiokanalen NRK P3 med Amir Horori frå kl. 14–16 på onsdag.


ONSDAG

Kl. 16.00: «P3aksjonen 2023: 100 timar for små heltar» startar

Kl. 23.00: Nattesending med Sindre og P3-programleiar og skodespelar Hedda Gundersen Gullikstad


TORSDAG

Kl. 08.00: Gjesteprogramleiar artist Patrick Makosir sjekkar inn

Kl. 13.00: Gjesteprogramleiar youtubar Jonas Lihaug Fredriksen sjekkar inn

Kl. 23.00: Nattesending med Annika og P3-programleiar Jakob Naustdal


FREDAG

Kl. 08.00: Gjesteprogramleiar komikar Nora Svenningsen sjekkar inn

Kl. 17.00: Gjesteprogramleiar P3-programleiar Arin Soltanpanah sjekkar inn

Kl. 23.00: Nattesending med Anna og «P3nyheter»-profil Jesper Nondal


LAURDAG

Kl. 13.00: Gjesteprogramleiar komikar Viggo Venn sjekkar inn

Kl. 17.00: Gjesteprogramleiar artist Jon Ranes sjekkar inn

Kl. 23.00: Nattesending med Henning og P3-programleiar Nina Gjertsen


SØNDAG

Kl. 08.00: Gjesteprogramleiar P3-programleiar Arianrhod Engebø sjekkar inn

Kl. 20.00: «P3aksjonen» er ferdig for i år og gir stafettpinnen over til «TV-aksjonen»

Eit bidrag i byte mot ei ønskelåt

Men innimellom alt tøys og vas skal programleiarane, ved hjelp frå publikum, samle inn pengar til årets sak: «100 timar for små heltar».

Pengane, som går til Barnekreftforeningen, skal bidra til bygging av familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman mens barnet får behandling.

SLIK KAN DU BIDRA:

1. Vil du sende melding eller be om ein ønskelåt? Skriv beskjeden din og gi 30 kroner eller meir i Spleis-meldingsfeltet på P3.no.

2. Følg med på utfordringane undervegs i sendinga og hjelp programleiarane med å løyse oppgåvene ved å bidra på Spleis.no/p3.

3. Programleiaren som har samla inn mest pengar på sin Spleis fram til aksjonen startar, får ein fordel i «P3aksjonen». Bli med på Spleis-laget til AnnaHenningSindre eller Annika.

4. Vipps til 26606!

 5. Overfør til kontonummer 8380.08.09005. Husk å merke med «P3».

I fjor fekk «P3aksjonen» inn 5,2 millionar kroner til Redd Barna og deira arbeid med å hjelpe barn ramma av krig og konflikt. Pengane blei fordelt mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.

Gjer deg klar til årets aksjon med ei oppsummering av høgdepunkta frå i fjor:

 

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: