Sondre (34) er cannabis-reisande: – Det er hasjtørke i heile Noreg

Cannabis er dyrare enn gull. For Sondre Sumstad blei løysninga på hasjtørken å sette seg på eit fly til Nederland.

Gull.
Heilt sidan egyptarane og sumerarane oppdaga grunnstoffet for 7000 år sidan har det vore den fremste målestokken på noko dyrt og eksklusivt. Gull verdt, god som gull, gullmedalje, gullfeber, jakta på gullbyen Eldorado og gullrush i Klondyke og San Francisco.

Hasj.
Har ikkje hatt heilt den same magiske klangen gjennom historia.
Hasjhovud, hasjgjeng og hasjnarkoman.

I dei siste månadene har prisane på eitt gram gull av 24 karat lege på 470 kroner.
I dei siste månadene har prisane på eitt gram hasj lege på 300-1000 kroner i Noreg.

Det har gjort livet tungt for mange.

– Ikkje grunna politiarbeid

– Det har jo blitt mindre søvn dei siste vekene, fortel Sondre Sumstad.

Han er ein 34 år gamal barnefar frå Kristiansand. Han stiller opp med fullt namn og ansikt med håp om å fjerne nokre av stigmaa mot cannabis-brukarar.

– Det har vore sprø tider. Eg kjenner folk frå sør til nord i Noreg, og det er hasjtørke i heile landet.

Merkverdig nok har standardprisen på hasj lege stabilt på 100 kroner heilt sidan 1970-talet. Som diktaren Gunnar Wærness sa det for få år sidan: «Det einaste som har stått stille i Noreg sidan 1970, er hasjprisane og forlagas konsulenthonorar.»

No er det berre konsulenthonorara att. For manglande tilbod fører til skyhøge prisar.

Prishoppet starta faktisk allereie før koronakrisa.

– Kongen i Marokko «la alt flatt» i februar. Og Spania har visstnok sett seg lei av å vere eit transittland. I tillegg har det norske politi- og tollvesenet vore formidable i seinare tid, meiner Sumstad.

Det siste er det ikkje alle som er heilt einig i.

Politistasjonssjef Tore Soldal ved Sentrum politistasjon Oslo har tydeleg merka seg hasjtørken og opp mot tredobling av prisane.

– I kva grad skuldast dette auka beslag frå politi og tollarar?

– Nei, grunnen ligg nok hos produksjonslanda. Med låg produksjon stig prisane. Marknadskreftene verkar her også, seier politistasjonssjef Solstad.

Kongens nei

Kong Mohammed VI av Marokko har tidlegare blitt skulda for å vende det blinde auget til cannabiseksporten i det som er verdas største hasjprodusent. Men i fjor arresterte marokkansk politi 127.000 menneske i forbindelse med narkotikarelaterte lovbrot, noko som var ei auke på 38 prosent.

CANNABIS: Åker nær Ketama, nord i Marokko. Om lag 80.000 familier i dei nordlege Riffjella lever av å dyrke planta. Foto: AP Photo/Abdeljalil Bounhar

Men da pandemien førte til stengte grenser i Noreg, blei det mykje mindre trafikk og enklare for tollarane.
Det kom ein prisinflasjon ein knapt har sett sidan tulipanboomen i Nederland. I 1637 blei prisane på tulipanlauk mangedobla på få veker, og ein lauk gjekk til slutt for ti gonger årsløna til ein faglært arbeidar.

Fire hundre år seinare var det Nederland som for nokre nordmenn blei løysninga på «cannabistørken».

– Følte meg som Anne Frank

Saman med eit tosifra tal av andre norske cannabisreisande sette Sondre Sumstad seg på KLM si flyging til Amsterdam i mai. Da hadde han i fleire veker leita etter moglegheiter for å kome seg til «verdas cannabishovudstad». Og jammen gjekk det eit fly.

PÅ VEG TIL AMSTERDAM: Sondre Sumstad begynner reisen med tog til flyplassen. Foto: Tom Øverlie, NRK

P3 Dokumentar har tidlegare vore med på ei slik reseptreise og besøkt Nederlands statlege cannabisfabrikk. Ifølge organisasjonen NORMAL er det rundt 700 nordmenn som reiser til utlandet for å hente medisinsk cannabis på resept, medan Legemiddelverket opplyser at 200 har det på resept hos norske apotek.

Sumstad fortel at han har slete med søvnproblem, traumar og ryggsmerter i fleire år, i ein viss grad knytt til det han kallar trøblete år på barneskulen på Sørlandet. Han sleit med mobbing og tilpassingsvanskar. Sumstad er med i stiftinga «Rettferd for taparane», og er sterk tilhengar av medisinsk cannabis.

– Viss folk har funne si løysning på problem dei slit med, burde dei bli respektert for det, meiner han.

I tre år har han reist til Nederland for å hente cannabis på resept. Prisen er rundt 6,5 euro for grammet. Resepten er skriven ut av ein nederlandsk lege, og han må innom eit apotek for å hente varene. Men ut over handelen var ikkje stemninga optimal på denne turen.

MEDISINSK CANNABIS: Bedrocan frå nederlandske apotek. Foto: Privat

– I Amsterdam følte eg meg nesten som Anne Frank! Gatene var tomme, og nesten alt unntatt coffee shops [hasj-utsal, red. anm.] var stengt – til og med klassiske Amsterdam-faktorar som prostitusjon og alkoholservering, fortel Sumstad.

Så den norske reseptgjengen samla seg på hotellrom med take away-mat og pils frå butikken.

– Det var spesielt å komme seg til Oslo og ha moglegheit til ein utepils blant folk.

Brukar meir heroin

Men det er eit mindretal av nordmenn som har cannabis på resept. Frå Brugata i Oslo, der rusmiljøet no er flytta frå Plata, har det tidvis vore desperate tilstander.

– Dei ville prisane fører dessverre til at fleire unge som til vanleg røykar hasj, no går over til dop. Det er ein lei trend at dei blir tilbydd piller og amfetamin i staden, fortel Andy.

Han er 29 år og har vore i rusmiljøet i rundt ti år.

Andy fortel at prisane på heroin har halde seg relativt stabilt, og han har nesten inntrykk av at det er meir heroin på gata no enn før. Men for hasjen er stoda heilt annleis.

– Det kostar opptil 1000 kroner grammet for hasj ein del stader i Oslo. Det er heilt horribelt, seier Andy.

Ifølge fleire i miljøet i Brugata har hasj for første gong også vore dyrarere enn heroin. Sistnemnte har tradisjonelt kosta rundt 800 kroner grammet.

ANDY: Saknar tilgang til hasj. Foto: Andreas Masonen

Trønderen Johnny (52) legg til:

– Det er slitsamt. Det er jævla slitsamt. Med hasjprisane no går det ikkje rundt. Så eg må selje mykje meir heroin enn før.

Sjølv om begge hovudsakleg er hekta på heroin, påverkar hasjinflasjonen dei på fleire vis.

– Eg brukar meir heroin no, sidan eg ikkje har tilgang på hasj. For meg er hasj som ein slags majones på salamien – eller som smør på flesk, seier Andy.

Unge frå Oslo vest

REGISTRERAR EIN ENDRING: Even Skyrud fortel at fleire «festbrukarar» finn vegen til Brugata. Foto: Privat

Even Skyrud jobbar med å skrive og distribuere gatemagasinet =Oslo, og han er dagleg i kontakt med rusmiljøet i hovudstaden. Han meiner at konsekvensane av nedstenginga ikkje har blitt så ille for rusmiljøet som frykta.

– Dei som har lidd mest, er dei som er avhengige av hasj på medisinsk basis, slike som slit med søvn, nerver og dei som treng det for å dempe verknadane av amfetamin- eller heroinrusen, seier han.

Han har registrert ei tredobling av hasjprisane i rusmiljøet, men har ikkje oversikt over kor mykje det «møblerte markedet» har måtta betale. Skyrud har likevel fått mange meldingar om ei auka tilstrøyming til Brugata frå det han kallar «festbrukarar».

– Fleire har meldt om at unge gutar frå Oslo vest har vore nær miljøet og at ein del har valt andre alternativ. Dei kjøper ikkje heroin fordi dei manglar cannabis, men kanskje meir GHB og MDMA, i tillegg til beroligande medikament som Valium og andre piller.

Det er også andre negative konsekvensar av dei skyhøge prisane for å bli høg.

– Det har vore fleire ran enn vanleg i miljøet. Det har blitt tøfare, fordi mange er heilt avhengige av cannabisen for å sove. Da blir ein ganske desperat når prisen tredoblar seg, seier han.

Politistasjonssjef Tore Soldal ved Sentrum politistasjon Oslo har også merka større aggressivitet i det opne rusmiljøet, utan at han kan seie kva det skuldast.

– Kva positive konsekvensar kan ein slik hasjtørke ha hatt?

– Nei, sei det. Det er uansett for tidleg å konkludere med noko. Me får la forskarane sjå på om deltidsbrukarane har gått over til andre og farlegare stoff, seier politimannen.

Kanskje står sykkelen din meir utrygt enn før.

Og politiet har fått inn ein del meldingar om heimedyrking rundt i Noreg – no som det er rekordhøge prisar og rekordbillig straum.

Tilbake i Noreg

MEDISINSK SERTIFIKAT: Må visast fram i tollen. Foto: Sondre Sumstad.

Gjennom EØS-reglar går dei norske cannabis-pasientane på raudt på Gardermoen, viser fram eit medisinsk sertifikat, fortollar planta og betalar moms.

Sumstad opplevde tollarane på Oslo lufthamn meir profesjonelle enn andre stader.

Tilbake i Noreg har han med seg medisinsk cannabis for resten av sommaren i rullekofferten. Han fortel at nokre på turen hadde med seg 30 gram heim, andre hadde over 300 gram.

– Har ikkje dette vore ei gyllen moglegheit til å slutte med dette illegale rusmiddelet?

– Men det er jo ikkje illegalt når du har resept. Alternativet mitt hadde vore å gå til legen og få sovetablettar og angstdempande medikament. Begynner ein slikt, så blir det stort sett heile livet, og ein berre aukar i milligram og styrke på preparata, seier han.

– Men det er jo ulovleg for dei utan resept?

– Ja, og frykteleg mange som har funne cannabis som løysning på problema sine, har fått mykje større problem etter å ha blitt tatt.

Snart er nok gull igjen dyrare enn hasj.

Det er i alle fall ei verdsetting som verkar fornuftig.