nrk.no

Stephany (18): – På Miss Norway-kurs har me fått beskjed om å vere veldig forsiktige

Missekonkurransar etter #metoo? Jau då, Miss Norway og Miss Universe lever i beste velgåande. Men Stephany La Rosa (18) har blitt åtvara.  

Tigerstatuen utanfor Østbanehallen ved Oslo S: Ei mørkhåra 18-årig jente i rosa sommarklede nippar på sugerøyret i ein iste – mens venninna knipsar vilt med kamera. Ein oppgitt rusmisbrukar roper frå sidelinja: «Blir de aldri ferdige med det tullet der?»

Stephany La Rosa har komme til hovudstaden.

View this post on Instagram

A post shared by ? Stephany Gabriela (@stephanylarosa)

Ho skal på catwalk-kurs for Miss Norway. Men Oslo er ikkje enkelt for ei jente frå vesle Eide på Nordmøre. Ho har allereie gløymt trillekofferten på toget.

Får framleis frysningar

Missekonkurransar starta for alvor på starten av 1950-talet. Det var britiske Miss World og amerikanske Miss Universe.

I 1990 blei norske Mona Grudt frå Hell i Stjørdal kåra til sjølvaste Miss Universe. Den norske 19-åringen svarte på eit spørsmål med «I was born in Hell», og talkshowstjerna David Letterman kalla henne snart «The Beauty Queen from Hell».

Faksimile: Mona Grudt blei i avisene kalla The beauty from hell.
FAKSIMILE: ROMERIKES BLAD 15.6.1990

Seks år seinare blei Miss Universe-tevlinga kjøpt av Donald Trump, ekspresidenten med det berømte sitatet: «Grab ’em by the pussy. You can do anything.»

Da hadde Trump allereie ei lang karriere innan misseverda.

I ei NRK-sak frå i fjor fortalde Eli Nessa frå Stavanger om ei modellkonkurranse ho var med på i New York i 1991. Der var Donald Trump både vert og dommar.

Faksimile frå NRK: Var på Trump-fest som 17-åring: - Eldre menn sikla etter unge jenter.
FAKSIMILE: NRK

«Eli Nessa får frysningar av å tenke på det.»

Er det denne verda 18-årige Stephany La Rosa drøymer om?

Missedeltakaren frå dødsbygda

På Oslo S spring La Rosa ned til perrongen. Toget står der framleis, og ingen har tatt kofferten hennar. Men i stresset sprutar ho ei flaske Pepsi Max over fotoseanse-buksa si.

Ein fotoseanse og fleire timar seinare skal ho heim til ein lånt studenthybel i Nydalen. Det er ikkje lett.

Der Mona Grudt kom frå Hell i Trøndelag, kjem Stephany frå Eide på Nordmøre, ein stad med kallenamnet «bygda som lever av dei døde» – sidan opptil 40 prosent av alle gravsteinar kjem derifrå.

Bilde av Stephany framfor anleggsmaskinar og ein snøhaug. Ho har på seg ei mørk jakke, og det lange brune håret heng ned til midja hennar.
EIDE: Stephany heime på Eide, der det er lenger mellom folka og tettare mellom anleggsmaskinane enn i Oslo. Foto: Helene Mariussen

På Eide bur det 1400 menneske, og er dødt ein fredagskveld.
I Oslo bur det 700.000 menneske, og er skummelt ein fredagskveld.

Bygdejenta må ta tre turar med Uber – og gå i dårlege sko i fleire nattetimar før ho finn fram til hybelen. Klokka 02 om natta.

Ei elendig opplading til neste dags catwalk-kurs.

Men kvifor har ho meldt seg på Miss Norway – i 2021?

– Eg kom til Noreg frå Venezuela da eg var fem år, og Venezuela er landet som har vunne Miss Universe flest gonger. Så det har alltid vore ei greie i familien.

Ein god rollemodell

Som eit innfall ei søvnlaus natt i januar meldte ho seg på årets tevling. Snart blei ho stressa over kva folk ville tenke om det.

Det tok til dømes lang tid før ho fortalde faren heime på Nordmøre om prosjektet.

– Grunnen til at eg vil utsette meg for sånne ting er at eg føler eg har fått ein ny sjanse. Eg kjem jo frå eit land der det er mykje borgarkrig og inflasjon. Der folk må kjempe for å overleve. Når eg først har fått sjansen til eit liv i Noreg, vil eg vere med på så mykje eg kan.

La Rosa snakkar også mykje om at ho vil vere ein god rollemodell. Slik som ein god missekandidat skal seie. Ho vil vere ein motsats til rollemodellane som berre snakkar om sminke og slikt.

Bilde av Stephany på ein stol og ordet STOP teikna med raud tusj i handflata. Ho har på seg ei svart dressjakke og eit kort svart skjørt.
SEI IFRÅ: Stephany vil ikkje berre snakke om sminke. Her frå ein kampanje i april mot seksuell trakassering. Foto: Roger Myrland

– Eg likar det også, men vil ha moglegheita til å ta opp andre ting også. 

Slik som at mange land ikkje har eit utdanningstilbod for kvinner og at barn skal ha like moglegheiter uansett kjønn. Og for tida lagar ho ein film på skulen om kroppspress og eteforstyrring.

Fekk beskjed om å vere forsiktig

Det er laurdag, og på veg til catwalk-kurset mistar Stephany ein kostbar øyredobb i sluket på badevasken på hybelen. Ho må skru opp røyra og grave ut hårtufsar to gonger før han dukkar opp.

På catwalk-kurset får ho svi for at hælane på skorne hennar er gamle. Etter åtte intense timar er føtene fulle av blod. Det kan vere hardt å vere missemodell.

Det var nøyaktig det same den nemnde Eli Nessa tenkte da ho i 1991 var med på missetevlinga til Donald Trump i New York.

Sjølv var 17-åringen blant dei eldste deltakarane, og det var med jenter ned til 12 år. I salen sat Trump og andre middelaldrande menn.

«– Du gjekk i badedrakt mellom påkledde menn som vurderte deg. Eg trur ikkje dei var spesielt opptatte av badedraktmote. Det er jo heilt sinnssjukt, fortel ho.

I løpet av helga skulle dei unge jentene gjennom ulike arrangement. Men kva det var, visste dei ikkje alltid heilt.

Det kom nokon og sa kor dei skulle vera og kva dei skulle ha på seg. Det kunne vera badedrakt i festsalen, laus t-skjorte til «photo shoot» i Central Park eller kort kjole på yachten til Donald Trump.»

Me er tilbake i 2021, og 18 år gamle Stephany La Rosa les gjennom artikkelen om Eli Nessa.

– Kor masse gler du deg til å komme inn i denne verda?

– Altså, det føler eg blir heilt feil. Dette er lenge sidan. Når me har vore på Miss Norway-kurs, har me fått beskjed om å vere veldig forsiktige. For eksempel er det visst deltakarar på Miss Norway som har blitt inviterte på mykje verre ting enn slikt ein kan sjå i TV-serien «Exit»!

Stephany lærer seg å gå på catwalken, saman med ein eldre instruktør kledd i blå kjole.
CATWALKKURS: Stephany brukte heile laurdagen på å lære seg catwalk – kattegange. Foto: Privat

Sjølv om det framleis er mange kåte grisar der ute, meiner Stephany at reglane for deltaking i Miss Universe har blitt stadig strengare. Kandidatane har avgrensingar på kor mykje hud dei kan vise fram. Dei skal framstille seg som gode forbilde.

– Meiner du misse- og modellverda har forandra seg mykje frå 1991?

– Ja, utan at eg veit heilt korleis det var den gongen. Men eg trur det er mykje mindre fokus på utsjånad, og at spørsmåla ein må svare på, blir viktigare og viktigare.

Ein som veit det meste om korleis det er i dag, er missegeneralen i Noreg.

Missegeneralen

For ti år sidan dansa datamannen og systemutviklaren Knut Yrvin seg til finalen i «Norske Talenter» med sin electric boogie. I dag styrer 53-åringen Miss Norway.

MIssegeneralen dansar i musikkvideo, bak han står masse barn og ser på.
MISSEGENERALEN: Knut Yrvin gjekk til finalen i Norske Talenter og var med i ein musikkvideo av Bugge og Robin. Foto: Skjermdump.

– Kan me kalle deg missegeneral?

– Me har faktisk gått bort frå den tittelen. Det er damene som er heltane og me skal stå bak og heie. Miss Norway har ingen general – berre ein hær av vakre kvinner!

Yrvin fortel om korleis han starta innan missetevlinga, som han omtaler som eit av verdas største reality-TV-konsept. Showmannen blei spurd om å endre missetevlinga til å bli meir prestasjonsdriven.

Dei vektla trening og eit ti månaders opplegg med element frå både toppidretten og «Norske Talenter».

For å gå heilt til topps i Miss Norway må kandidatane sanke poeng gjennom bilete, video, blogging, skaffe sponsorar, støtte gode føremål og vere synlege i media.

Av rundt 100 påmelde går dei 12–15 beste til finalen.

Der må dei ha ei god framferd på scena for å få stemme frå dommarane.

Eit alternativ til «Paradise Hotel»

– Kvifor treng me missetevlingar i 2021?

– Det er nok nokon som meiner dette har gått ut på dato. Radikale feministar skulle helst sett oss utstilt på Teknisk museum. Men me meiner me er eit alternativ til sirkuset der unge kler av seg på TV, slik som «Paradise Hotel».

Missegeneralen i trendy allværsjakke framfor parkeringa ved NRK Radiohuset.
TOPPIDRETT OG TALENT: Knut Yrvin meiner dei har endra Miss Norway-tevlinga. Foto: Ane Mørk / NRK

Yrvin meiner dei er med på å gjere kvinner sjølvstendige og uavhengige, og at Miss Norway er meir populært no enn for ti år sidan. Han hevdar at missetevlingar ikkje lenger dreier seg om middelaldrande menn som ser på unge jenter i bikini.

– Miss Universe har blitt lagt om sidan Donald Trump selde seg ut av det. Utviklinga gått i norsk retning.

Miss Norway har ein fagjury som er 30–40 år yngre enn Trump, og med kvinner. Ein frisørverdsmeister, dansarar, og damer som har vunne konkurransen før. Da slepp me å komme i situasjonen med 50-åringar som sit og kosar seg.

– De har framleis bikinibilete som eit hovudpunkt i semifinalen?

– Badedraktmoten kom jo på 1800-talet, og bikinimoten rett etter krigen. Bikini har høg glamourfaktor, og kvinner liker å vise seg fram i den.

Yrvin snakkar om ei motrørsle, det han kallar ei ny-bluferdigheitsrørsle av konservative kristne, muslimar og radikale feministar som er mot at kvinnene skal vere lettkledde.

– Det blir litt rart i 2021 å kritisere oss i Miss Norway for dette. Da får ikkje kvinnene bestemme sjølve, meiner missegeneralen.

Sjeikar og sexring

Det er søndag i Oslo, og Stephany La Rosa må stå over dei siste øvingane på missekurset. Dei oppgnaga føtene er for såre.

Stephany i ein stor, stripete sommarhatt, kort gul topp, bar mage og kvite bukser. Ho held ei hand til hatten, og den andre handa held ho ein bukett med falske blomar.
TØFT: Beina verker, medan hatten funkar, etter ei hard helg for missedeltakar Stephany. Foto: Roger Myrland

Og i hovudstaden ventar tusenvis av kulissar til gode foto. Bilete frå storbyen verkar nemleg å ha høg verdi på Instagram-kontoen til bygdeungdom.

– Hadde du blitt med Donald Trump på privat nachspiel mot å bli Miss Universe? 

– Nei, er du gal! Vinnaren skal jo reise rundt i verda og inspirere og vere førebilete for barn. Da er det viktig å vere forsiktig, seier Stephany, før ho legg til: 

– Eg høyrde ei historie om sjeikar frå Asia som inviterte deltakarar frå Miss Norway til ein yacht. Ei som takka ja fekk sjokk – det var visst som ein sexring.

– Om slikt var motivasjonen, kunne eg berre meldt meg på Paradise Hotel.

PS. I semifinalen av Miss Norway fredag 21. mai gjekk det svært bra for Stephany La Rosa. Ho var blant dei tre beste kandidatane og gjekk til finalen som er i august.  

Stephany er også med i P3-podkasten «VG3», som du kan høyra her.

Les meir frå P3.no: 

Siste fra P3.no: