nrk.no

Mari slutta på skulen for å satse på musikk. Så kom den vonde beskjeden frå legen

Heile livet har Mari Bella (19) jobba for eitt mål, å bli artist. Men då legen sa at ho ikkje burde snakke på eit år, risikerte ho å måtte utsetje heile karrieren.

Mari Bella er berre 19 år gamal, men har allereie vore med i tre songkonkurransar på TV. Artisten frå Bryne på Jæren kjempar for tida i sin fjerde konkurranse. Denne gongen er det om tittelen «Noregs ultimate entertainer» i «Stjernekamp» på NRK.

For å forstå kvifor denne beskjeden var så vanskeleg for Mari å få, må vi starte frå begynninga.

Så lenge Mari kan hugse, har ho sett musikken først. Men å vere eit musikkinteressert og målretta barn på Bryne gjorde at Mari stakk seg ut.

– Det var ingen som visste før eg gjekk i femte klasse, at eg ikkje hadde så veldig mange å henge med, seier Mari til P3.no.

Ikkje invitert i bursdag

I klasserommet på barneskulen sat Mari og dagdrøymde om éin ting, å kome heim til eit tomt hus.

– Vi hadde to stover, éi spisestove og éi TV-stove. Og eg ville ha ein stad eg kunne drive med musikk.

Foreldra til Mari skaffa henne eit lite miksebord, med spakar ho kunne styre lyd på, ein trådlaus mikrofon og to svære høgtalarar. No var TV-stova gjort om til musikkrom, der ho kunne lage så mykje lyd ho ville.

– Der stod eg i snitt i to timar kvar einaste dag. Då kunne eg stå der og late som om eg stod framfor eit publikum.

Mari var eit sjenert barn, men det var éin stad ho følte seg trygg nok til å vise seg fram. Og det var framfor mikrofonen, der ho fekk synge til musikken på høgtalarane.

Mari står framfor buskar med gule blomster. Ho har langt, mørkt hår og ein grå genser.
KONKURRANSEINSTINKT: Mari har slått ut mange flinke artistar opp igjennom åra. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Å spele fotball og handball saman med dei andre barna, var ikkje for henne. 

– Eg var veldig aleine i å drive med musikk, i alle fall i mitt kull. Ungar og ungdommar synest jo ofte det som er annleis kan vere litt rart. Derfor var det mykje utestenging.

Å reise på skulen var tungt. Det var vanskeleg for Mari å innsjå at ho ikkje var som dei andre.

– Eg var jo klar over at eg var kanskje éin av to som ikkje var invitert i bursdag og sånn. Men til å begynne med skjønte eg det jo ikkje. Eg trudde det var sånn det skulle vere.

Droppa ut av vidaregåande

Sjølv om Mari visste at dei andre barna såg på henne som rar og annleis, var det aldri eit alternativ for henne å slutte å satse på musikken. Etter kvart som ho blei eldre, gjekk endå meir av tida hennar i den retninga.

I 2021 slutta Mari på skulen, etter å ha fullført eitt år på vidaregåande, og blei med foreldra til Oslo. No skulle musikken gå frå å vere ein jobb ved sidan av skulen, til å bli ein fulltidsjobb.

– Då eg begynte på vidaregåande, hadde eg fått meg ein gjeng gode venninner som eg var veldig glad i. Å flytte frå dei var vanskeleg, men samtidig veldig riktig.

Mari går over eit overgangsfelt.
ANNLEIS: Mari var innom både fotball, handball, rytmisk gymnastikk og turn, men gjekk raskt tilbake til musikken. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

– Det er jo så sjukt langt utanfor boksen. Du skal gå 13 års skulegang. Det skal du uansett.

Men ein fellesnemnar for vala Mari har teke, er musikken og karrieren.

– Eg har sett til side det sosiale for å drive med musikk, sette til side vanleg skulegang. Eg er ekstremt stolt og glad for alle vala eg har teke.

At Mari la ned fleire timar med sangtrening kvar dag heile oppveksten, i staden for å vere saman med andre barn, er ein grunn til at ho har kome seg dit ho er i dag, trur artisten.

Men tidleg i år skjedde det noko som gjorde Mari redd for å miste alt ho hadde jobba for.

Fekk beskjed om å vere stille

Ein dag i slutten av februar fekk ikkje Mari ut ein einaste lyd. Muskulaturen i halsen kjentest stiv og øm.

– Dei første dagane eg ikkje hadde stemme, syntest eg det var morosamt. Alle mister jo stemma ein gong i livet, ikkje sant?

Men på dag nummer tre var det ikkje morosamt lenger. No fekk ho til å snakke, men ikkje ein einaste lyd kom ut om ho prøvde seg på tonar over eller under vanleg stemmeleie.

Mari kontakta etter kvart ein lege for å finne ut kva som var gale. Beskjeden ho fekk, var absolutt ikkje det ho håpte på.

«Du bør ikkje snakke, du bør vere stille i seks til tolv månadar», fekk Mari beskjed om frå legen.

Bilde av Mari. ho har mørkt hår og grå genser. Grønne tre i bakgrunnen.
FULL PANIKK: Mari risikerte å måtte stå over «Stjernekamp» på grunn av stemma. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

I denne perioden hadde Mari akkurat skrive kontrakt med «Stjernekamp». Den unge artisten stod overfor to alternativ, der det eine var å setje karrieren på pause.

– Eg droppa ut av vidaregåande for å ikkje setje karrieren på pause. Eg satsa 100 prosent for å sleppe å setje karrieren på pause.

No var Mari i full panikkmodus.

– Min umiddelbare tanke var: «Dette går ikkje, dette er uaktuelt.»

Sårbart instrument

Mari gjekk for alternativ nummer to, som var å ikkje slå seg til ro med situasjonen. Saman med foreldra sine oppsøkte ho andre legar, som til slutt gav henne svar på kva som faktisk var gale.

Ho hadde pseudocystar på stemmebandet. Denne stemmebandsskaden er truleg noko Mari er fødd med.

Mari forklarar pseudocystar som klumpar på stemmebandet. Når ho syng, vil cystane kome i vegen for at stemmebanda treffer kvarandre riktig, som gjer at Mari må kompensere med musklar rundt.

Cystane kan opererast bort, men ho har valt å ikkje gjere det. Dei går heilt fint an å synge på, så lenge ein gjer det riktig.

Grunnen til at Mari mista stemma var at ho hadde brukt henne feil, og at ho song gjennom infeksjonar og halsbetennelsar. Derfor hadde cystane vakse.

– Eg gjekk ganske i kjellaren. Eg følte meg litt dum og litt sint og litt lei meg.

Mari står framfor ein kiosk, der eit skilt lyser "open". Ho har grå genser og mørkt hår.
SONGSTEMME: Mari går til akupunktur og fysioterapi jamleg for å halde stemma i form. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

I slutten av april i år begynte Mari å synge igjen. No er ho tilbake for fullt.

– Det har vore ein lang periode der eg måtte trene meg sjølv opp igjen. Det var skummelt og ekkelt å føle at eg ikkje hadde kontroll på ein ting som eg eigentleg har så god kontroll på. No har eg stemma igjen, og det er eg veldig glad for.

Det sårbare med å ha stemma som instrument og grunnlag for heile karrieren, er noko Mari verkeleg har kjent på kroppen.

– Viss eg hadde spelt piano eller gitar, så kunne eg ha fiksa på pianoet og kjøpt ny gitar. Altså, ein kan operere, men det påverkar jo heile meg.

Full fart på veg i riktig retning

Sjølv om Mari mista stemma tidlegare i år, er ho ikkje bekymra for deltakinga i «Stjernekamp».

– Eg har jobba så hardt denne sommaren med å få meg sjølv tilbake i form igjen. Så eg håpar og trur at det kjem til å halde og gå heilt fint, seier ho.

  • Mari står på ei scene med lilla lys. Ho har på seg ein lang, blå kjole, og held den eine handa ut og den andre framfor ansiktet med ein mikrofon i.
  • Mari har håret satt opp og har på seg klede som liknar kvite fjær. Ho frå framfor eit skilt som er rosa og grønt.
  • Mari syng på ei scene med blå bakgrunn. Den eine handa held ho opp i lufta, medan ho i den andre held ein mikrofon opp imot ansiktet. Det regnar gull-konfetti.

Og det er i alle fall ikkje konkurranseerfaring det står på. Mari har tidlegare vore med i både «Idol junior», «Idol» og «Melodi Grand Prix».

På spørsmålet om ho føler ho er på riktig plass, er det ordet «plass» ho reagerer på.

– Eg føler eg er i konstant utvikling, altså konstant er i bevegelse.

Mari skildrar ei lang, slakk kurve oppover med den eine handa.

– Eg har mykje heller lyst til å ha ein lang karriere enn å bli verdskjent i morgon.

Oppdatering 30. september kl. 12.57: Året Mari slutta på skulen har blitt retta frå 2019 til 2021.

LES MEIR:

Siste fra P3.no: