nrk.no

Syttenåringane syng om død og atombomber: – Det passar bra til den tida me er i no

Musikkforskar Lars Koppang Norberg meiner «dei store temaa» alltid har vore viktig for metalbanda. Autonomie tar alvoret på alvor.

I eit bomberom utanfor Stavanger står ein gjeng unggutar og snikrar saman sylskarpe riff og eksplosive trommer.

Øvingslokalet kunne nesten ikkje ha passa betre, då atombomber og dommedag er ein sentral del av innhaldet i låtane.

Korleis endar fire tenåringar frå Hundvåg opp med å forkynne dommedagsprofeti til eit utseld Sentrum Scene?

I aggresjonens namn

– Atombomber er jo det farlegaste som finst. Det er lett å skrive brutalt, seier Jonas Tollagsen mens han ler.

Jonas spelar bass og syng i Autonomie. Han set fingeren på ein tematikk som går igjen i denne sjangeren: død og dommedag.

– Det passar bra til den tida me er i no, det er jo mykje krig i verda, seier gitarist Michael Høyland-Sjøen.

Gruppebilde av Autonomie alle står rett opp og ned og ser inn i kamera.
GUTTA: Markus Andersen (19), Pål Wiberg Skipnes (18), Michael Høyland-Sjøen (17) og Jonas Tollagsen (17)
Foto: Erlend Tuastad, NRK

Me snakkar sjølvsagt om thrash metal. Naglebelte, dongerijakke og headbanging. Det skal vere raskt og valdeleg.

Slayer og Metallica har fronta sjangeren sidan gullalderen på åttitalet. Dei er viktige inspirasjonskjelder for tenåringsgjengen på bomberommet.

Men kvifor må dei elles så rolege tenåringane synge om så brutale og stygge tema?

Djupdykk i det dystre

Sjokkfaktor og image er viktig, også for Autonomie.

I den ekstreme delen av metal-sjangeren går ein meir rett på sak, ein slik strategi vekker merksemd, seier Lars Koppang Norberg.

Han arbeider med ei doktorgradsavhandling ved Universitet i Agder, om nettopp heavy metal.

– Heilt sidan Black Sabbath har metalband søkt «dei store temaa» som liv, død og skilnaden på rett og gale, seier musikkforskaren.

aUTONOMIE ROCKER LØS. vOKALISTEN HAR LANGT HÅR OG SKRIKER I MIKROFONEN
UTLØP FOR AGGRESJON: Bandet nyttar musikken som eit verktøy. Foto: Erlend Tuastad, NRK

Metal handlar rett og slett ofte om liv og død.

På same måte som at popmusikken ofte handlar om kjærleik, festmusikken ofte handlar om fylla og punken ofte handlar om politikk og urett.

 – Spelar du hardtslåande musikk er det vel nærliggande å søke tematikk som er like hardtslåande, seier Norberg.

Autonomie signerte med plateselskapet Fysisk Format i fjor. Eigar Kristian Kallevik seier thrash er politisk metal tett på verkelegheita.

– Me treng drittungar frå ein drittstad som ikkje har noko å tape, og legg liv og død i musikken.

At dei er såpass unge er eit pluss i Kalleviks bok, då han meiner norsk metal er eit gubbevelde som burde bli utfordra oftare.

– Ein syttenåring tør å stirre dyret i mennesket i kvitauget. Det blir det god thrash av.

Kan ein ikkje skrike om blomar og kjærleik?

Michael i Autonomie forklarar korleis Metallica gjerne har tekstar du må tenke litt på, medan Autonomie går rett på sak.

– Me er meir sånn «fuck you me slår deg i trynet».

Ingen tvil om at dei har punken med seg i botn.

– Du kan ikkje skrive om fine ting når det er så stygg musikk, det passar ikkje saman, humrar dei.

aUTONOMIE ROCKER LØS. vOKALISTEN HAR LANGT HÅR OG SKRIKER I MIKROFONEN
CHILL PÅ DAGEN, VILL PÅ NATTA: Autonomie går inn i tydelege roller når dei speler saman. Foto: Erlend Tuastad, NRK

Gutane er ein tilsynelatande avslappa gjeng, men når dei spelar saman skjer det noko.

– På scena er det energihelvete, seier Michael.

Eg blir liksom til ein annan person, blir det sagt. Dei kjem fram til at kjapp musikk og skriking ikkje fungerar viss ein står i ro.

Den mørke bodskapen er berre ein del av totalen for Autonomie.

Å møte heltane sine

Slayer og Metallica er vel og bra, men for Autonomie er det Kvelertak som er dei største heltane.

Det er ingen hemmelegheit at Kvelertak har gjort braksuksess i Noreg, bandet frå Rogaland kom til «Urørtfinalen» i 2010. Autonomie er sjølve «Månadens Urørt» i januar med låten «Nuclear Death».

Gutane fortel om ein spesiell augneblink på Folken i 2022, då dei fekk møte idola sine.

– Eg blei heilt starstruck, og konserten var det kulaste eg hadde sett i heile mitt liv, seier Michael. Dei er det mest jordnære bandet, skyt Jonas inn. 

Autonomie synger inn i mikrofonen intenst.
KVA ER DET MED STAVANGER? Oljebyen har fostra fleire store rockeband. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Då Autonomie spelte på Vaterland i Oslo i fjor, fekk dei seg ei overrasking. Dei skimta eit Kvelertak-medlem i folkemengda. Det blei snakka laust om å få til ein konsert saman. Å varme opp for Kvelertak var ein ønskedraum for gutane.

Dei torde ikkje eingong håpe på det.

Så, ei stund seinare tikka det inn ei melding frå Kvelertak-gitarist Vidar Landa.

Tenåringskjeft

Plutseleg sto det åtte oppvarmingsoppdrag på trappene. Eit krasjkurs i rock.

Vidar Landa fortel at det var fleire grunnar til at Kvelertak valde akkurat dette bandet som oppvarming.

– Dei hadde tidleg funne si eiga greie og var tydelege både på estetikken og musikken. Bandet hadde førebudd seg godt og var ein draum for oss og spesielt crewet vårt å ha med rundt, skriv han til P3.no.

Gitaristen i Kvelertak spiller gitar i en svart singlett.
DRAR IKKJE STIGEN OPP ETTER SEG: Vidar Landa og resten av Kvelertak ville ha hjelp frå tenåringane i Autonomie då dei la ut på turne i haust. Foto: Nima Taheri, NRK

Autonomie spelte inn debut-EP-en «No Peace, Only Violence» hjå Kvelertaks lydmann Frank Østebø Lunde, og slik enda den opp i hendene til Kvelertak. Landa seier det var lett å skjønne at dei meinte alvor.

– Det er ikkje ofte Sentrum Scene-publikumet blir kjefta på av tenåringar.

– Det gjekk rett heim hos publikum, seier Landa.  

Tromissen i Autonomie er søt og fin. Han spiller aktivt.
SLÅR KNALLHARDT FRÅ SEG: Bylarm-konserten til Autonomie fekk mykje god omtale. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Får me thrash på skjermen?

Under intervjuet med Autonomie er det tydeleg at opplevinga har betydd mykje.

– Det var min største draum, det var heilt sjukt å få den meldinga, seier Michael.

Smila sit laust når gutane fortel om kveldane på blant anna USF Verftet, Terminalen og Sentrum Scene. 

– Me lærte oss å vere profesjonelle på veldig mykje. Det er sjukt korleis ein blir betre på samspel når ein speler konsertar så mange gongar på kort tid, fortel dei.

– Me lærte også å skrive signaturar, seier Jonas med glimt i auget. 

Hele Autonomie står på scenen med hver sin gitar og bass. Bak dem er trommeslagere.
EKSPLOSIVT: Autonomie på scena under Bylarm 2023. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Turneliv med effektiv rigging av utstyr og lydprøvar blei raskt ei vanesak. Men ikkje utan litt nervar.

– Eg hugsar at eg grua meg mykje til Stavanger, det var mange som visste kven me var. Det var no me skulle bevise kven me er, seier Michael.

Det har openbert gitt meirsmak, no er bandet i gang med nytt materiale og planlegging av nye konsertar.

Som «Månadens Urørt» er Autonomie med å kjempe om tittelen «Årets Urørt».

Dersom dei vinn, blir det første gong me får metal på direkten under «P3Gull» sidan nettopp Kvelertak i 2013!

MER OM «URØRT»:

Siste fra P3.no: