nrk.no

Ti stille sexstillingar

Ein overlevelsesguide til alle som bur i kollektiv, heime hjå foreldra eller i leilegheiter med tynne veggar.

Me har alle vore der:

Du har lagt deg tidleg, for du har ein viktig eksamen neste dag. Etter litt skrolling legg du frå deg mobilen, og du kjenner at augo glir att.

Men så! Klaskelydane frå naborommet er ikkje å ta feil av … Roomien har besøk.

I det stønninga begynner å overdøyva klaskinga, tørkar du bittert slevranda som akkurat hadde lagt seg i munnvika, tar på headsettet og blastar noko som kan drukne ut det som skjer på andre sida av veggen. Men då får du sjølvsagt ikkje sova, for irritasjonen har allereie viska vekk alt som kan minna om søvn.

Og lets face it: Me har alle vore den roomien òg.

Eit vanleg problem

Høglydt-sex-problematikken er velkjend for P3-podkasten «Lørdagsrådet». Produsent Jonas Jeremiassen Tomter, også kjend som Dr. Jones, fortel at dei får minst eit par slike problem i innboksen kvar veke.

– Det er eit problem som det er få løysingar på.

Når det er snakk om høglydte naboar, foreslår kjendisrådgjevarane ofte at folk kan henga opp ein anonym lapp. Men dersom nokon har ein bråkete roomie, kan dei handtera det litt annleis enn ein nabo, meiner Jonas.

– I kollektiv har folk ein avtale om å bu saman, så der synast eg at ein kan vera strengare. Det er det same som med rydding, vasking og kjøping av ting: Det er lov å seia ifrå. Men dersom kjærasten bidrar økonomisk eller praktisk, då kan ein laga meir lyd, seier produsenten.

Lyd er viktig

Heldigvis finst det sexstillingar som ikkje involverer klasking, dasking og hyling. Dei skal me komma til snart, men fyrst må me sjå litt nærmare på kva stønning, pesing og skriking har å seia for sexlivet.

Iselin Guttormsen er sexolog og programleiar i podkasten «G-punktet», og ho har svaret.

– Det er veldig individuelt, men lyd under sex synest eg er viktig! Det behøver ikkje vera verbal kommunikasjon, det kan vera stønning eller nytingslydar. Ein kan kommunisera masse fint under sex utan å måtte seia at «akkurat det du gjer der, er deilig».

Iselin Guttormsen smiler breitt med hovudet litt på skakke. Ho ser rett inn i kamera og held ein stor kopp te i hendene. Ho har skulderlangt, burnt hår, er sommarbrun i huden og har på seg ein stor oransje/brun kjole. Rundt ho er det illustrert nokre hjarter.
STILLESEX-RÅDGIVAREN: Iselin Guttromsen (35) meiner at ein må tola å høyra andre ha sex, men at det er fint å ta litt omsyn. Foto: Trine-Lise Henriksen / Illustrasjon: Malin Skagen Rotnes

Sjølv om Guttormsen meiner at lyd er viktig, trur ho at nokon kanskje tar litt hardt i.

– Mange, særleg kvinner, trur at det å stønna høgast, hardast og mest intenst er det som tenner gutar, for det er det me har lært gjennom porno. Slik er det nødvendigvis ikkje! Ein kan visa at ein nyter sex utan at ein må skrika hol i øyra på dei som oppheld seg andre stader i huset.

Så, lat oss sjå nærmare på dei utvalde stillesexstillingane! Sjølv om desse involverar mindre klasking er det sjølvsagt opp til utøvarane å roa ned på stønninga og andre nytelseslydar for at sexen skal føregå på stillast mogeleg måte.

Desse skal alle fungera uavhengig av kjønn. For fleire bildedøme og utdjupande forklaring av stillingane kan ein sjekka ut NRKs sexguide.

Nummer 1:

Illustrasjonen viser eit par som utfører sexstillingen Klemmande koala. To kvinner sit på ei seng. Ei sit nedst, i ein slags yogastilling. Ho andre sit oppå, med beina rundt den andre. kvinna som sit nedst held rundt ho på topp, og ho kysser ho på brystet. Kvinna på topp held rundt hovudet til ho andre.

– Denne er intim og vakker, for ein klemmer kvarandre rett og slett! Den er nok og meir teknisk utfordrande sidan ein sit oppå kvarandre, så her må ein føla seg litt fram på korleis ein eventuell penetrasjon skal kunna gå føre seg, seier Guttormsen.

Denne meiner ho er særleg fin for par av same kjønn.

– Sex handlar om så mykje meir enn penetrasjon, så du kan fint gnikka kjønnsorgan mot kvarandre, ta på kvarandre og vera intime med kvarandre. Den klemmande koalaen kan stimulera ganske mange andre erogene soner på kroppen utan penetrering. Brystvortene kjem inntil kvarandre, og ein omfamnar kvarandre i ei heit og kjærleiksfull omfamning.

Dersom ein skal prøva seg på penetrering, enten med penis eller strap-on, minner ho om at det ikkje berre handlar om ut og inn-bevegelsen. Det gjeld uansett om sexen skal vera stille eller ikkje!

– Det er ikkje alltid det som gir best stimuli inne i skjeden. Det er ofte nok at du har ein penis inne i deg, og at du beveger deg fram og tilbake slik at han stimulerer skjedeveggen og g-punkt.

Nummer 2:

Illustrasjon av eit par som utfører stillinga 69. Paret ligg oppå ei seng, mannen ligg nederst, og kvinna ligg over. Mannen held rundt rumpa på kvinna, og kvinna held rundt lårene til mannen. Dei har begge ansiktet plassert i skrittet til den andre.

– «69» kan ein gjera på mange måtar, og begge to får gitt kvarandre oralstimuli, som er fantastisk! Uavhengig av kjønn kan ein variera mellom kven som ligg oppå og under. Ein kan òg ha 69 i ei skei, slik at ein ligg på sida, forklarar Guttormsen.

– På 69 har du mogelegheit til å ta for deg alt partnaren har å by på!

Sexologen meiner at dette er ei super, stille sexstilling dersom begge greier å slappa av. Det er òg ein fin måte å bli betre kjent med partnaren på.

Ho har også eit hot tips:

– Menn har eit følsamt område under pungen, i skrukken, der mange liker å bli stimulert. Det kan ein gjera enten med fingrane eller tunga, utan at ein behøver å rimme opp i rumpa.

Nummer 3:

  • Illustrasjonen viser eit par som utfører sexstillingen Cowgirl. Mannen ligg nederst på ryggen. Han har hovudet opp og held ved midja til kvinna som sitt oppå han. Ho er vendt mot han, lener seg bak og held hendene på anklane hans.
  • Illustrasjonen viser eit par som utfører sexstillingen Cowgirl. Mannen ligg nederst på ryggen og held rundt kvinna.Ho sitt oppå han og ligg bøyd over han. Dei kysser.

«Cowgirl», eller riding, er ein klassikar, men som kan gjerast i mange forskjellige stille variantar for den som er på topp.

– Det å ri er ei fantastisk sensuell, deilig og sexy stilling dersom ein gjer det på ein måte der ein føler seg komfortabel. Eg har sett memes om at det er ingen jenter som gidd å ri, fordi nokon føler at dei eksponerer kroppen sin på ein uflatterande måte. Men å ri kan ein gjera på mange forskjellige måtar!

Mange tenker kanskje at personen på topp skal bevega seg opp og ned, men det er berre ein av fleire måtar å gjera det på, forklarar Guttormsen.

– Set deg ned på penis og bruk han som ein joystick! Du skal berre ha han inne i deg, og det einaste du skal gjera, er å bruka hoftene fram og tilbake i bølger. Du kan lena deg litt tilbake for at penis skal treffa enda betre inn, og for dei som tenker på utsjånad, ser du meir flatterande ut.

Men ein kan òg gå for totalt motsett strategi.

– Du kan legga deg heilt over og omfamna partnar, der puppar og alt ligg heilt inntil, og berre gnikka deg fram og tilbake. Det er ofte her desse g-punktsorgasmane eller sprutorgasmane kan komma, for då ligg penis eller strap-on konstant inne og gnikkar på g-punktet.

I staden for å gnikka kan ein prøva å berre bevega rumpa opp og ned.

– Då ligg du heilt tett inntil partnar slik at det einaste han ser, er ansiktet ditt, eller du kan omfamna han og klemma han samstundes. Det einaste han kjenner er rumpeballane dine som går opp og ned på penis!

– Å ri synest eg me skal ta litt tilbake, for det er fantastisk mange rideturar du kan ta utan at du treng å ta på deg hjelm eller sports-BH, meiner Guttormsen.

Nummer 4:

Ein illustrasjon som viser eit par som utfører sexstillinga skeia. Ei kvinne ligg på sida, med det eine beinet bøyd, ein arm over hovudet, ansiktet vendt mot mannen bak, og den andre armen rundt nakken hans. Dei kysser, og mannen som ligg på sida redd bak held ei hand ned til skrittet til kvinna.

«Skeia», eller spooning, kan ha to vidt forskjellige uttrykk, ifølgje sexologen.

– Her kan de velja kven som skal vera store skeia og kven som skal vera vesleskeia. Skeia kan vera roleg og romantisk, men ho kan òg vera litt meir vulgær, hardare og bli eit ordentleg deilig knull!

Dette er ei stilling der ein kan gjera små justeringar for å få stor variasjon, og lydnivået held seg uansett relativt lågt.

– Ligg du med beina samla, vil skjeden følast trongare ut, så det vil bli ein betre friksjon for mannen. Løfter du beinet litt mens du ligg til sida, så opnar du litt meir opp, og det blir lettare for kvinna å stimulera seg sjølv samstundes som ein har sex.

Personen som ligg fremst, kan velja om hen vil sjå rett fram, eller om ein vil vri seg rundt for å sjå på partnar og kyssa.

– Du kan òg velja å ta beinet over han, slik at han har det eine beinet mellom dine, og då ligg de i ei slags halvskei. Då kan ein ligga litt på ryggen, slik at ein har fri passasje til å stimulera seg sjølv, og han har fri passasje til å kna på puppar og greier, forklarar Guttormsen.

Nummer 5 og 6:

  • Ein illustrasjon som viser to menn ha sex i doggie. Ein mann står på kne og lener seg fram på armane. Partneren står bak han, med skrittet mot rumpa til han framfor. Mannen bak held på ryggen og lener seg litt over han andre.
  • Illustrasjonen viser sexstillinga Liggande tiger. Ein mann ligg flat ut på magen og ser vekk. Armane ligg rett fram. Ein anna mann sit oppå han rett bak rumpa. Mannen på topp held ei forsiktig hand på ryggen til han på botnen.

«Doggy» er ein høglydt klassikar med ein del klasking og smelling, kanskje særleg når ein ser det på porno.

– I porno er doggy hardt, rått og brutalt.

Men slik treng den nødvendigvis ikkje vera. Guttormsen fortel at ein kan utføra doggy på ein stillare måte, dersom ein mjuknar meir opp i hoftene.

– Ha meir sensuelle bevegelsar og roter pikken, framfor å ha den statiske ut og inn. Alle sexstillingar kan bli gjorde både høglydt, men òg stille, vakkert og sensuelt, basert på korleis du vel å utføra dei, også doggystyle.

Men dersom ein verkeleg skal fokusera på å vera stille, foreslår ho «Liggande Tiger», som er i same sjanger som doggy.

– Du kan ligga rett som ein strek i senga og bli tatt bakfrå. Då får du ikkje nødvendigvis desse harde klappelydene, eller bjøllene som slår deg i kjønnsleppene. Partnar kan ligga heilt oppå og penetrera roleg. Dei fleste mannfolk synest det er veldig deilig.

Nummer 7:

Illustrasjon viser eit par som utfører sexstillinga Saksa. To kvinner ligger på ei seng med hovudet vekk frå kvarandre. Dei er inntill kvarandre i skrittet. Ei ligg halvvegs oppreist, og held rundt låret til ho andre. Ho andre ligg ned på ryggen og held rundt låret til ho andre.

«Saksa» er kanskje for mange kjent som ein stilling for kvinnelege par, men denne funkar faktisk for alle. Og så seier det seg nesten sjølv at denne er ein av dei stillare sexstillingane.

Her skal ein sitja så tett inntil kvarandre som ein klarar, med spreidde bein. Ein kan halda seg til gnikking, men dersom ein har lyst til å prøva å penetrera, kan det vera lurt at ein sit på ei pute.

– For å få til penetrering må ein føla seg litt fram, for penis kan fort falla ut, forklarar Guttormsen.

– Det er ikkje alle sexstillingar som passar alle par med tanke på størrelse på penis, djupn på vagina og så vidare. Så det handlar litt om å bli kjend med eigen kropp og partnars kropp, korleis ein funkar saman og korleis dei ulike sexstillingane funkar for dykk som par.

Nummer 8 og 9:

  • Illustrasjonen viser eit par som utfører sexstillinga misjonær. Ei kvinne ligg på ryggen på ei seng. Ho har ei hand ned langs sida og ei hand opp på hovudet. Ein mann ligg over ho, men løfta overkroppen sin med armane. Dei ser på kvarandre.
  • Ein illustrasjon viser eit par som utfører sexstillinga Silkeorm. Ein mann ligg på ryggen, han har armane og beina omslynga rundt mannen på topp, som ligger bøyd over. Dei kysser.

«Misjonæren» er det ein kan kalla «old but gold».

– Dette er ei av dei stillingane som flest kvinner seier er deira favoritt. Det er ikkje utan grunn, fordi du har ganske fri passasje til å stimulera klitoris! Det fine med misjonæren er at ein kan kommunisera på ein stille måte, utan at ein treng å seia noko som helst.

Denne stillinga kjem i mange forskjellige variantar.

– Ein har ein versjon der personen på topp ikkje ligg heilt oppå deg, slik at du kan stimulera klitoris mens penis eller strap-on penetrerer godt inne i skjeden og kan treffa g-punktet, særleg dersom ein legg ei pute under ryggen.

I tillegg kan ein prøva seg på varianten som heiter «Silkeormen». Her skal den som ligg nedst, omfamna den på topp med armar og bein. Denne er kanskje enda stillare enn Misjonæren, fordi bevegelsane blir enda rolegare når ein ligg så tett omslyngd.

– I det du brukar beina og bekkebotn for å halda rundt partnar, så blir det strammare for den som penetrerer inn. Og så er det ein hyggeleg nærleik i akta.

Nummer 10:

Ein illustrasjon viser eit par utfører sexstillinga Ståande munnfull. Ein mann står, mens ein anna mann sit på kne og utfører oralsex på han som står. Mannen på kne held hendene på låra til mannen som står, og han held hendene på ryggen og hovudet til mannen på kne.

Å gå ned på nokon som står, er ei stilling som ein ofte ser i porno, fortel Guttormsen.

– Den kan ein kopla til det å vera dominant og det å vera submissive. Den som står, har maktposisjonen, og der nede sit partnar som syg eller sleiker. Her kan ein vera både dominant og submissive utan at ein behøver å gjera noko særleg meir med det, ein står jo berre og mottar, eller så sit ein og gir.

Denne er fin å ta i dusjen, meiner ho.

– Den lagar ikkje så mykje bråk. Å gje oralsex ståande og sittande er deilig sex for dei som likar det.

Nokre siste tips

Uansett kva stilling ein vel å prøva, har Guttormsen nokre generelle råd du kan ha i tankane dersom det er fleire heime.

– Ein kan setja på musikk! Folk kan godt skjøna at når den spelelista blir sett på, då veit dei kva som skjer. Då kan dei andre gå ut ein tur eller skru på TV-en litt høgare.

Om knirkinga frå senga eller bankinga i veggen overdøyver musikken, har ho løysinga:

– Ta madrassen og dynene ut av senga, og legg dei på golvet!

Sexologen ønsker også å slå eit slag for «slow sex».

– Det å ha roleg, sensuell, kjærleg sex utan for mykje lyd er fantastisk. Slow sex kan vera ganske rått og intenst. Det er altså så undervurdert!

Men er det eigentleg lov til å klaga på nokon dersom det blir for mykje sexlydar frå naborommet? Ja, meiner Guttormsen.

– Me må tora å snakka om sex, uansett kva sexpraten handlar om! Ein må kunna seia at «eg er superglad for at du har det fint med det mennesket, eller har one night stands, men nokre gongar blir eg litt prega når eg et knekkebrød og drikk te, og høyrer at du blir tatt knallhardt bakfrå».

– Så lenge ein ikkje kjeftar på kvarandre, viser forståing og respekt, tenker eg at det er lov å seia ifrå og komma til ei felles løysing på «problemet», meiner ho.

Og heilt til slutt: Hugs at du treng ikkje ein partnar for å ha sex!

– Det er masse fantastisk sex du kan ha aleine. Då ligg du jo ikkje og roper «jaaa», så me veit jo at ein kan ha sex utan å laga lyd. Altså, sex aleine, halleluja!

Høyr «Lørdagsrådet» løysa problem om sex og heilt andre ting når som helst i appen NRK Radio, eller her!

Illustratør: Malin Skagen Rotnes

Journalist: Marit Eide

LES MEIR OM SEX:

Siste fra P3.no: