Dei viktigaste låtene

Høyr Tommy Tee gi Justin Bieber terningkast fem, og Paris Hilton si nyaste låt bli slakta.

Kvar fredag inviterer Christine eit anmeldarpanel i studio for å snakka om dei viktigaste låtene i veka som gjekk. Først ut var Tommy Tee og Mats Borch Bugge som var dommarane.

Pop lagt litt til venstre

Først ut er ein av dei mest aktuelle artistane i landet akkurat no: Truls. Førre veke slapp han den tredje singelen frå debutalbumet TRVLS som no er ute – «Tear Me Up»

– Det er ikkje så veldig R&B i mine øyrer. Men det er god, litt annleis pop. Den legg seg litt til venstre. Eg likar Truls, men om eg høyrer den 5-6 gonger blir det kanskje litt mykje – litt intenst. Men eg likar det, seier Tommy.

Tommy kallar låta 80-tals og litt retro, men meiner den kanskje er litt meir keisam enn dei to andre.

– Det er Truls, det er melodifokus og det er berre det. Den har ein melodi som står fram og berer låta. Som Tommy seier – det er 80’s, samkøyrd med M83, meiner Mats.

Han hugsar fleire augneblink i sveitte konsertlokale der han har nikka taktfast til Tear Me Up, ei låt som stikker seg ut på scena.

Mats: Terningkast 5

Tommy: Terningkast 4

Høyr Tommy og Mats anmelda Truls her:

Nett Tommy og Mats om Truls UVL41

Eurodance anno 2013

Foto: Promo
Tommy Tee og Mats Borch Bugge er ikkje imponert over den nye låta til Paris Hilton. Foto: Promo

Neste låt ut er kanskje den mest oppsiktsvekkande. Paris Hilton har fått med seg Lil’ Wayne på låta «Good Time» – og her var lyttarane raske på labben med å gi si meining oppsummert i tre ord.

Snekkar Kristian skriv «dårleg, elendig og søppel». Nokon skriv «heilt ok russelåt», nokon skriv «L O L» – medan andre skriv «pornografisk, rått og ambisiøst»

Christine opnar det heile med eit spørsmål til hip hop-gudfaren Tommy Tee: Kvifor er Lil’ Wayne med på dette?

– Det er nok mykje pengar som ligg her, for Lil’ Wayne greier verkeleg ikkje å seia nei til pengar. Eg trur han et det, røyker det.

– Er ikkje dei på same selskap? Det må jo vera noko slikt, skyt Mats Borch Bugge inn. Før han held fram si noko krasse vurdering av Paris Hilton og Lil’ Wayne.

– Det høyres så utruleg døvt ut. Ein må slutta å reisa til Nederland for å laga eurodance anno 2013. Dette her funkar ikkje, det er latterleg dårleg.

Terningkasta frå dei to er det difor liten tvil om.

– Er vel einaren som er heilt lågast?

Tommy konkluderer med terningkast 1, og Mats kastar seg på.

– Dette er Bad Time, siste gong me høyrer låta. Einig med Tommy, terningkast 1.

Mats: Terningkast 1

Tommy: Terningkast 1

Høyr Tommy og Mats anmelda Paris og Lil’Wayne her:

Nett Tommy og Mats om Paris og Lil’ UVL 41

Flaut, men godt

Justin Bieber tok også pauser under sine konserter i Dubai for å la fansen få tid til å be. Foto: NTB Scanpix / Jumana El Heloueh, Reuters.
Justin Bieber slepp ei ny låt kvar måndag. Først ut er «Heartbreaker» . Foto: NTB Scanpix / Jumana El Heloueh, Reuters.

Til slutt, eit sjølvsagt bidrag i oversikta over dei viktigaste låtene førre veke. Justin Bieber skal den neste tida sleppe ei ny låt kvar måndag, og først ut er «Heartbreaker»

Mats tykkjer låta var eit langt gjesp.

– Miley Cyrus har klart å rista av seg barnekjensla på kort tid, medan Justin Bieber framleis jobbar med det. Og dette med ei ny låt kvar måndag er og litt keisamt, sjølv om det ikkje er han som styrer med det. Dette er sikkert eit greit albumspor for fansen, men det må komma nokon singlar derifrå.

Tommy derimot, er av ei litt anna oppfatning.

– Jeg ble faktisk litt, tja, imponert. Ein høyrer ganske tydeleg at her har mest sannsynlig Usher eller ein av dei gutane som har vore med i miksen. Det er ei blanding av 70-tals R&B, og litt 90-tals R&B. Eg er litt flau over det, men eg likte det litt.

Christine er einig, og trekk paralellar til Drake – og Tommy avslører at han likar sangstemma til Bieber betre enn sangstemma til Drake.

– At Bieber syng utruleg bra, kan ingen betvila, skyt Mats inn. Likevel endar han på eit terningkast 3 – eit likegyldig skuldertrekk.

Tommy, derimot tenkjer seg litt om. Så slår han i bordet med terningkast 5 til Justin Bieber.

Mats: Terningkast 3

Tommy: Terningkast 5

Høyr Tommy og Mats anmelda Bieber her:

Nett Tommy og Mats om Bieber UVL41

Ny veke, nye låter

Neste fredag kjem eit nytt panel i studio, og tre nye låter skal vurderast. Medan du ventar, kan du høyra heile sendinga her. Utanom Tommy Tee og Mats Borch Bugge var og Foals innom Christine denne fredagen.