Ungdom blir snillare

Dagens ungdom drikk mindre, røykjer mindre, og ser meir opp til foreldra sine.

Ungdom no til dags er betre enn sitt rykte. Dei rusar seg mindre, slåst mindre, og tilbringer meir tid med foreldra sine.

Har norsk ungdom blitt ein gjeng gullungar?

Fleire teikn tyder på det. Forsking gjort av Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) syner mellom anna at drikking blant norsk ungdom er halvert sidan 2002. Dette gjeld for ungdomsskuleelevar.

I tillegg kjem det fram at når ungdom røykjer hasj og drikk mykje alkohol vert det oppfatta som mindre positivt i dag enn før.

Gjer mindre ugagn

«Ungdom no til dags sit berre inne og spelar data», og «då eg var ung, var me mykje meir ute og leikte.»

Dei har sikkert du fått servert av mor eller far eit par gonger. Og dei har rett. Dagens ungdom brukar meir tid inne. Men dei er ikkje mindre med venene sine – slik ein kanskje skulle tru.

Medan foreldra dine som regel måtte ut i gata for å møte på vener, treng ikkje dagens ungdom det. Mobiltelefonar og sosiale media har gjort det lett for oss å alltid halde kontakt med våre nære og kjende, og på den måten blir det enklare å planleggje tid og stad for sosialt samkvem. Det fører til at me heng sjeldnare ute på gata. Forskar Christer Hyggen ved NOVA meiner dette er ei av årsakene til at ungdom er blitt snillare.

– Ungdom har venene sine tilgjengelege, og treng ikkje ut i gata på leit etter fart og spenning. Dei er meir heime, og driv mindre hærverk.

Også i skulen gjer ungdomar mindre ugagn. Dei kranglar mindre med læraren, skulkar ikkje like ofte, og blir ikkje sendt ut av klasserommet i like stor grad.

Mor som førebilete

Trening har blitt ein viktig del av ungdomens kvardag. Anette trener opptil fem timar kvar dag. (Foto: Benjamin Ree)

Skitalentet Anette Kjellbergvik flytta frå familien då ho var 16 år for å  gå på Norges Toppidretsgymnas i Tromsø. Sjølv ho bur vekke frå foreldra, snakkar ho med mora fleire gonger om dagen på telefonen. Og når det kjem til kven ho ser opp til, er det ikkje tvil.

– Førebiletet mitt er mor mi. Ho og pappa har alltid vore der.

Lars Lien, psykiatar og forskar trur ikkje det er uvanleg å ha mor som førebilete.

– Mor har teke utdanning, og ho klarar å forsørgje og drive familien. Ho er blitt idealet for mange unge kvinner, trur eg.

Mindre avstand mellom foreldre og barn

Før i tida var det gjerne ein klar avstand mellom foreldre og barn. Dei høyrte på forskjellig musikk, og kledde seg ulikt. Hyggen meiner at dette skiljet er i ferd med å viskast ut, og at det heng saman med at foreldra er meir engasjerte i barna sine.

Kristin Vasbø, forskar ved UiO, meiner foreldra har større kontroll over ungdomane sine i dag, enn ved førre generasjonar.

– Først og fremst handlar dette om at ungdomane fortel meir til foreldra sine. Dei opplever også at dei får vere med på å forhandle om grenser.

Også Hyggen stiller sak bak dette, og meiner at dagens ungdom slepp foreldra meir inn på liva deira. Og når foreldra har kontroll på kvar ungdomen deira er – så treng ein kanskje ikkje å vere like opprørsk som før?

Ikkje sjølvopptekne

Fjernsynsprogram som tek utgangspunkt i bortskjemde, late, og sjølvopptekne ungdomar, er ikkje få. Teenage Boss syner oss ungdomar som ikkje ønskjer å hjelpe til heime, og som har eit pengeforbruk utan grenser. Men er dette normen for norsk ungdom?

– Dette er påstandar som ikkje har forankring i verkelegheita. Me veit at dagens ungdom korkje er latare, har dårlegare arbeidsmoral, eller er mindre aktive, seier Hyggen.

Ein forskingsrapport frå NOVA syner også at dagens ungdom er meir aktive enn før.

Hyggen meiner at påstandane om ein opprørsk ungdom heng saman med ei moralsk bekymring hjå foreldra.

– Det er ein moralsk panikk som alltid vil vere til stades i foreldregenerasjonen.

Ungdom no til dags

Det ligg nok i naturen vår å snakke nedlatande om dagens generasjon. Allereie omtrent 400 før vår tidsrekning skal visstnok Sokrates ha ytra: ”våre dagers ungdom […] har dårlige manerer, forakter autoritet, har ingen respekt for eldre mennesker, og nøyer seg med å prate i stedet for å arbeide. De opponerer mot sine foreldre, […] og tyranniserer sine lærere”. Og sjølv om Sokrates var kjend for å setje ting på spissen for å provosere, så er desse ytringane like relevante i dag.

Jau, ein vil nok ofte ha motførestillingar mot dagens generasjon. Men trass alt, så står det ikkje så verst til.

Sjå dokumentenaren Status Norge: Ungdom – nå til dags i kveld på NRK2 klokka 20.45, og bli meir kjend med Anette.