Når Honningbarna reiser ut på turné i samband med debutalbumet La alarmane gå, ligg det an til å bli den reinaste signingsferda for dei ateistiske sørlandsgutane. Ein stor del av dei som har sett kvintetten live er allereie frelst, og ein skal vera ein eksepsjonelt kynisk anlagt konsertgjengar for ikkje å bli rive med av gjengens energi, engasjement og tilsynelatande urokkelege tru på at ei betre verd er mogleg. Når denne bomba av ungdommeleg ideologi no er detonert i albumformat, må musikken tåla å i større grad bli bedømt utifrå dens eigne kvalitetar. Det tåler den nokså greit.
Ingen kan skulda Honningbarna for å vika frå prinsippa på sin fyrste fullengdar. Det vert snerra om fridom, likskap og brorskap frå opningssporet «La alarmane gå» og heilt til dei avsluttar med sin tolking av Raga Rockers sin «Noen å hate», medan kontante gitarriff og bastant bruk av koring vert prioritert framfor snedige arrangement og meir subtile verkemiddel. La alarmane gå går med andre ord ikkje i bresjen for musikalsk nyvinning, men lener seg på og låner frå eldre representantar som Skambankt og Turboneger. Punken er død. Leve punken!
At Honningbarna er innstilt på å denga knyttneven like hardt i veggen over tolv spor er sjølvsagt beundringsverdig, men det spørs om ikkje teknikken treng litt finpuss før slaget sitter heilt som det skal kvar gong. Til tider fin bruk av vokalist Edvard Valberg sin dugleik på cello gjer lydbildet eit nødvendig ekstra bein å stå på innimellom, medan låtar som «Den gylne middelvei», «Klart blikk» og «Den eldre garde» viser eit band i stand til effektfull låtskrivarkunst. I sin fulle lengde avslører likevel La alarmane gå at det er eit stykke igjen før Honningbarna er like vellukka på plate som dei er live. Ein anelse meir dynamikk, nokre fleire avvik frå formelen, og eit par fleire minneverdige refreng hadde gitt albumet eit meir bestemt dytt i riktig retning.
Tekstane, framført på hissande sørlandsk, kaster frå seg den eine politiske brannfakkelen etter den andre, og ein kan i grunn beundra det totale fråværet av å forsøka å pakka inn det politiske bodskapet i eit meir raffinert omslagspapir. Det er likevel ikkje dei litterære kvalitetane som stikk seg ut på La alarmane gå, sjølv om bandet skal ha plusspoeng for å ikkje gløyma uretten dei amerikanske indianarane har opplevd i «Yankisane» – ein låt som for øvrig skil seg ut med sitt barnesongaktige vers. Eit lite minuspoeng for grov særskrivingsfeil i «Nikke Demokrati» er også på sin plass (kor var du, norsklærar ved Vågsbygd Videregående?).
Honningbarna lever på alle måtar opp til stempelet dei har fått som unge og lovande med debutalbumet. Dei stiller seg lageleg til for hogg med det som kan oppfattast som lett naive politiske standpunkt, kombinert med eit ungdommeleg vågemot, men dersom denne gnisten for alvor blir nøra opp under med betre trente musikalske musklar, kjem dette til å bli endå meir morosamt å følgja med på i framtida.
Maria Horvei