Urørt musikk på Øya!

Lyst å høyre ny norsk musikk på Øya? Få tips om dei hottaste namna på klubbkvelden her.

Now we\'ve got members

Tirsdag startar Øyafestivalen med eit herleg lite musikalsk pang og ryddar plass til norske (samt nokre internasjonale) artistar på byens mange kaféar og barar. Urørt gir deg difor ei lita oversikt over kva du kan få med deg viss du er lysten på den nyaste og ferskaste innan norsk musikk. Det er nemleg ikkje lite, berre sjå her:

Now we’ve got Members samlar store delar av Metronomiconkollektivet på scena på Blå i kveld kl 21. Gjengen blandar det meste av musikalske genrar med dirvnade energi. På bandets Urørtprofil kan du lytte til og laste gratis fleire låtar bandet har laga, som for eksempel denne: Secret Tune.

The Megaphonic Thrift er ein blanding av tidlegare band som Low Frequency in Stereo og Stereo 21 og spelar på Mono i kveld kl 22:40. Nyfiken? Ta ein lytt til låta Break it Down.

X-Queen of the Astronauts har vert i Urørtstallen ei stund no og lagar herlege og poppa hoppe-opp-og-ned-på-golvet danselåtar som denne: mid 90s paradise. Vinteren 2006 var dei Ukas Urørt og kom på andre plass i Urørtfinalen 2007, berre slått av Ida «Queen of the World» Maria. X-Queen of the Astronauts spelar på Internasjonalen kl 17.00.

Syntax Terrorkester høyrast ut som alt og ingenting på ein gang. Finurleg er det i alle fall med låttittlar som «O herlega London», «Hm» og «Gammalt nytt». I kveld spelar dei på Garage kl 21.30. Les Ukas Urørte intervju med bandet og lytt og last ned låta: Dobbeltmoral.

Matias Tellez er Året Urørt 2008. Han spelar på John Dee kl 23.00. Lytt og last ned hitten Brand New Kicks.

YTO står på scena på Garage kl 22.15. Gå ikkje glipp av dette viss du har ein forkjæleik for det råe, harde og lidenskaplege! Varm opp med låta Little Wicked.

Like Rats From A Sinking Ship lysten på endå meir rock og hurtig tempo? Sjekk ut Like Rats From A Sinking Ship på Last Train i kveld kl 23.00. Urørts låttips her er You Can t Hug Your Children With Neuclear Arms.

Hope I Die Virgin stiller på Eldorado kl 17.00 og byr på «Seigmensk» pop-rock. Bandet var Ukas Urørt med låta To Stir Satan.

Koppen lagar morsom elektro-pop! Du kan oppleve det LIVE på Blå kl 00.10, om enn eit litt merkeleg tidspunkt. Bli bedre kjent med Koppen her og hygg deg med låta Damn Right!!.

Hiawata! byr på hengslete, skranglete og sommarvennleg indiepop med tekstlinjer som: sometimes I just wanna stay in bed. Les Ukas Urørte intervju med bandet og sjekk låta Shake it off.

Gå inn på Urørtprofilen til bandet for å laste ned og lytte til fleire låtar!

Desse banda og artistane spelar også på klubbdagen og har profil på Urørt: EstherOrkester, Magnus Hængsle, Kakkmaddafakka, Maldonado, Samfunnshelvete, Seven, Bazooka Boppers, Döden, The Heretics, Girl from Saskatoon, Caddy, Sirens And Us, My Little Pony, The Alexandria Quartet, LoFiMan, Nomber 5s, Cables, Kalashnikov, I was a King, VOM, Simon Says No!, Macho Savant, Lady Moscow, Go Ahead Drink Drink, Rampant Dogs, Lukas Kasha, Hermit, Youth Pictures of Florence Henderson, Senit, FORK, Petter Carlsen, Rockettothesky, The Firefly Effect, Merlin, Bedrock Bluesband, Silver Street, Barbarian Twins.

www.nrk.no/urort

God festival!