Usett

– Der var den sendt! No får vi vente og sjå.

I CV-en til Lena Gimse står det at ho er 26 år, at ho har utdanning og leiarerfaring. Ho er utan tvil ein kvalifisert søkjar – problemet er berre at ho er blind.

– Det er frustrerande å aldri vite om arbeidsgivaren kvir seg fordi eg er synshemma, eller om eg faktisk ikkje er kvalifisert, seier Lena.

På eitt år har ho sendt frå seg femti søknadar. Femti avslag har kome i retur.

– Det finst omlag 10.000 praktisk blinde i Norge. Av desse er det nokre tusen som ønskjer seg ut i jobb, anslår Sverre Fuglerud, seksjonsleiar for informasjon i Blindeforbundet.

Samstundes kjem blinde og synshemma nedst i søknadsbunken, viser ei undersøking gjort blant bedriftar i 2006. Under rullestolbrukarar, døve og tidlegare straffedømte. Fuglerud trur ikkje holdningane har forandra seg sidan den gong.

– Mange seier at dei ikkje blir kalla inn til intervju dersom dei skriv at dei er blinde.

Høyr dokumentaren | Les alle sakene

 

– Nokon blir overraska når vi gjer ting som å skrive e-postar og å sende meldingar med emojis.

– Lena (26)

 

 

Lena ser inn i kamera med morskt blikk. Ho har på seg svart hettejakke og står foran ein grå redskapsbod. Det snør. Lena meiner fleire arbeidsgivarar burde gi blinde ein sjanse. – Eg skriv ikkje i søknaden at eg er blind. Eg ringer dei heller og fortel det «face to face». Det er vanskelegare å avvise ein person enn eit stykke papir, seier ho. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Lena ser inn i kamera med morskt blikk. Ho har på seg svart hettejakke og står foran ein grå redskapsbod. Det snør. Lena meiner fleire arbeidsgivarar burde gi blinde ein sjanse. – Eg skriv ikkje i søknaden at eg er blind. Eg ringer dei heller og fortel det «face to face». Det er vanskelegare å avvise ein person enn eit stykke papir, seier ho. Foto: Lars Erik H. Andreassen


 

Høgt utdanna, lite attraktive

 

Det siste året har Lena Gimse sendt fleire titalls søknadar frå seg, men har berre fått avslag i retur. Kvifor er det så vanskeleg for ho å skaffe seg ein jobb?

 

– Folk veit ikkje kor mykje vi faktisk kan gjere. Dei trur at blinde berre sit heime og høyrer på lydbok. Nokon blir overraska når vi gjer ting som å skrive e-postar og å sende meldingar med emojis.

Lena er utdanna massør, eit yrke mange blinde vel. Som massør må ein føle seg mykje fram og kjenne på musklar, noko som gjer at mange blinde føler dei kan mestre jobben like godt som sjåande. Sosionom, jurist og pianostemmer er også yrker som ofte har vore assosiert med yrkesvala blinde tek. Felles for dei tre yrka er at dei krev høgare utdanning.

Med laptop i sekken og telefon i lomma har det blitt lettare for blinde å fungere i mange jobbar. Samstundes er stereotypane i ferd med å bli vaska bort, men ein ting har ikkje forandra seg.

Sjølv om dei slit med å få seg jobb, har blinde meir utdanning enn gjennomsnittsnittnordmannen.

Det er difor ikkje unormalt at CV-en til blinde ser ganske heftig ut. Lena er ein av dei som unngår å skrive at ho er blind – ho trur det aukar sjansane for at ho får komme på jobbintervju.

– Eg skriv ikkje i søknaden at eg er blind. Eg ringer dei heller og fortel det «face to face». Det er vanskelegare å avvise ein person enn eit stykke papir.

Lena tastar inn ei melding på mobiltelefonen. Ho har på seg rosa t-skjorte og svart jakke. Ho har stort krusete gult hår som fell nedover skuldrene. I bakgrunnen er det planter. Lena har skrudd av skjermen på iPhonen for å spare batteri. Ho navigerer med swipes og talestyring. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Lena tastar inn ei melding på mobiltelefonen. Ho har på seg rosa t-skjorte og svart jakke. Ho har stort krusete gult hår som fell nedover skuldrene. I bakgrunnen er det planter. Lena har skrudd av skjermen på iPhonen for å spare batteri. Ho navigerer med swipes og talestyring. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Når Lena får eit nei føler ho ofte at det er fordi ho er blind. Dei gongane ho opplever kjensla av å vere ein likeverdig søkjar, sit ho igjen med ei god kjensle, sjølv når avslaget på søknaden kjem.

– Det er godt å vite at det faktisk er nokon som ser på kvalifikasjonane mine, ikkje berre på det at eg er synshemma.

Uansett kor takksam Lena er for å bli vurdert på lik linje med alle andre, vil ikkje det gi ho nokon jobb. Lena er 26 år, ferdig utdanna, arbeidslaus, og bur heime hos faren sin.

Den dagen verda vart raud

Lena har ikkje vore blind heile livet, men har slite mykje med synet på grunn av ein medfødd sjukdom som heiter Retinoblastom. Sjukdommen fører til at det veks kreftsvulstar på netthinna, og som barn var Lena mykje inn og ut av sjukehuset. Fram til ho var nesten seks år såg ho nok på det eine auget til å orientere seg rundt i verda.

Det endra seg ein dag Lena var i barnehagen.

– Eg hugsar at eg satt på huska på leikeplassen. Plutseleg byrja himmelen å sjå raud ut. Det raude spreidde seg, og snart var alt eg såg på raudt.

Det eine auget til Lena er allereie operert ut, no har ho fått nok ei bløding på det auget ho har att. Verda Lena ser vert gradvis meir og meir filtrert gjennom blodet som lekk inn i auget hennar.

– Mamma tok meg med rundt i huset og bad meg fortelje kva farge ting hadde. Eg visste jo svaret, men for meg såg alt raudt ut. Veggen, puta, alt.

Lena sit på ei huske, det snør og ho har snøkrystaller i håret. Lena kan framleis hugse dagen då alt vart raudt. Ho satt på huska på leikeplassen. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Lena sit på ei huske, det snør og ho har snøkrystaller i håret. Lena kan framleis hugse dagen då alt vart raudt. Ho satt på huska på leikeplassen. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Familien får eit val. Legane kan enten prøve å redde synet til Lena, eller fjerne den vesle synsbiten som er igjen. Å behalde synet inneber mange operasjonar og sjukehusopphald, derfor bestemmer foreldra hennar seg for å fjerne siste rest av syn. Lena blir lagt på operasjonsbordet og legen skjer ut det auget ho har.

Når ho vaknar er ho heilt blind.

– Eg er glad for at dei gjorde det, eg brukte mykje krefter på å bruke det synet eg hadde. Då eg vart blind slapp eg fokusere på å sjå, og foreldra mine har sagt at eg vart ein gladare unge etter at eg vart blind, seier Lena.

I dag har ho protese på begge auga.

Jobb er meir enn pengar

– Eg kjenner på at det er på tide å flytte heimanfrå, seier Lena. Med ein jobb vil det bli lettare å begynne på livet for meg sjølv.

På rommet til Lena heime hos faren hennar står pappkasser stabla langs veggen. Ein koffert full av klede står midt på golvet. Det flyt over av ting, og ho har forståeleg nok aldri lyset på. Sjølv om ho har budd her i to år får ein kjensla av at det heile er mellombels.

At ho bur her mens ho leiter etter noko anna.

Lena høyrer til gruppa «funksjonsnedsatte utan jobb». Berre ein av fire i denne gruppa seier at dei opplever seg sjølv som likeverdige borgarar i samfunnet. To av tre med jobb svarar det same.

Lena sit i stova der ho bur. Ho har kvit bluse og blondt krusete langt hår. Lena bur heime hos far sin mens ho ventar på jobb. No er ho veldig klar for å flytte ut. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Lena sit i stova der ho bur. Ho har kvit bluse og blondt krusete langt hår. Lena bur heime hos far sin mens ho ventar på jobb. No er ho veldig klar for å flytte ut. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Lena ventar på ein benk på togstasjonen. I bakgrunnen ser vi betalingsautomater og trappa opp til perrongen. Lena reiser mykje, og aller oftast med tog. Når toget kjem blir ho fulgt ut på perrongen av konduktøren. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Lena ventar på ein benk på togstasjonen. I bakgrunnen ser vi betalingsautomater og trappa opp til perrongen. Lena reiser mykje, og aller oftast med tog. Når toget kjem blir ho fulgt ut på perrongen av konduktøren. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Det å ha ein jobb å gå til handlar om meir enn å ikkje vere avhengig av stønad. Det handlar om å oppleve at ein bidrar og finn meining i kvardagen.

I tida etter at ho vart ferdig utdanna har Lena vore leiar i Blindeforbundets Ungdom. No har ho gått av, og det kjem til å vere mindre å gjere framover. Presset rundt det å finne seg arbeid blir større for kvar dag som går.

Ein av søknadane Lena har skrive denne hausten gjekk til Blindeforbundet i Trondheim. Ho har mykje organisasjonserfaring og kjenner forbundet godt. Ho er kvalifisert, men likevel er det eit lite nederlag å søkje jobb nettopp her. Ho er utdanna massør, og aller helst vil ho jo ha jobb innan det ho er utdanna til.

– Forbundet er stort, men dei har ikkje plass til alle som er blinde. Det må vere sånn at andre arbeidsplasser også legg til rette for synshemma og blinde.

Det verserer ein del fordommar om at blinde ikkje kan jobbe, desse slepp ho å tenkje på når ho søkjer jobb i blindeforbundet. Ho slepp å drive aktiv vaksenopplæring av avdelingsleiarar for å ha moglegheita på jobb.

37 søkjarar er det til stillinga ho har søkt på. Lena er ein av dei heldige som blir invitert på intervju. Ho veit at dette godt kan bli hennar femtiførste nei, men denne gongen har ho i alle fall ein real sjanse.

Situasjonen til Lena kan kanskje få arbeidslivet til å framstå som ein høg mur for blinde. Men for Markus Rakstad-Larsen (20) har mangel på syn aldri vore ei hindring.

Kromma metallstenger og ledlys

Frosten ligg som eit tynt lag på bakken i et industriområde utanfor Hamar. Markus har akkurat fjerna to buss-seter frå ein gammal rutebuss. Han løfter dei og bærer dei ut av bussen, deretter kjem han tilbake med eit bor og eit metermål med blindeskrift. Det skal drillast.

Det er nesten heilt mørkt der han jobbar, men det gjer ikkje noko, for Markus ser ingenting uansett.

Markus står i ein av russebussane han har laga. I bakenden er det ein lounge. Firmaet til Markus kjøper gamle rutebussar, fiksar dei og sel dei vidare til russ på Austlandet. Dette er ein av bussane han har jobba med. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Markus står i ein av russebussane han har laga. I bakenden er det ein lounge. Firmaet til Markus kjøper gamle rutebussar, fiksar dei og sel dei vidare til russ på Austlandet. Dette er ein av bussane han har jobba med. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Markus borar eit hol i ein kvitmåla buss. Kollegaen Per Kristian inspiserer. Markus treng ikkje å sjå for å bore hol - men han spør kollegaen sin om han kan dobbeltsjekke høgda før han byrjar. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Markus borar eit hol i ein kvitmåla buss. Kollegaen Per Kristian inspiserer. Markus treng ikkje å sjå for å bore hol – men han spør kollegaen sin om han kan dobbeltsjekke høgda før han byrjar. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Rett etter vidaregåande starta Markus sitt eige AS. Firmaet hans kjøper gamle rutebussar, fiksar dei skikkeleg og sel dei vidare til betalingsvillig austlandsruss. Det går i kvitt imitert skinn, kromma metallstenger, ledlys og anlegg med dundrande bass.

– Det kan gjerne stå tre til fire bussar som dundrar på ein parkeringsplass utan at nokon reagerer, men er det ein av våre bussar som står der kjem politiet alltid før det har gått ein halvtime.

Ein av bussane skal snart inn på kontroll hos Vegvesenet, så no jobbar han veka rundt for å få bussen klar.

Køyrer buss i blinde

– Det er ingen som tør å seie det til meg direkte, men det skjer over melding. Folk skriv ting som «korleis skal du klare å ordne ein buss til oss om du ikkje kan sjå?». Då må eg enkelt og greitt fortelje dei at eg ikkje gjer all mekkinga sjølv, ein del leiger eg inn folk til.

Markus flaggar ikkje at han er blind på nettsidene til selskapet, men det står under fana «om oss». Likevel er det få som går inn og kikkar der før dei kontaktar han på epost og gjer ein avtale.

Markus lener seg inn i eit motorrom bak på ein kvitmåla buss. Han har på seg raud arbeidsjakke og svart arbeidsbukse. Markus får start på eit aggregat som fuskar litt slik at han kan få straum i bussen. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Markus lener seg inn i eit motorrom bak på ein kvitmåla buss. Han har på seg raud arbeidsjakke og svart arbeidsbukse. Markus får start på eit aggregat som fuskar litt slik at han kan få straum i bussen. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Markus måler opp avstand på ei bussdør. Han føler seg fram på linjalen for å finne rett lengde. Blindeskrift på metermålet gjer at Markus får nøyaktige mål utan å sjå. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Markus måler opp avstand på ei bussdør. Han føler seg fram på linjalen for å finne rett lengde. Blindeskrift på metermålet gjer at Markus får nøyaktige mål utan å sjå. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Det hender folk blir litt stressa når dei forstår at dei har signert avtale på ein halv million kroner med ein fyr som ikkje kan sjå.

– Det verste er når dei kjem og skal inspisere bussen, og eg skal prate om kva stand bussen er i og køyreeigenskapar og sånt, dei tenkjer vel at eg ikkje kan vite noko om det utan å ha køyrd bussen. Det har eg jo, men det trur ikkje dei på.

Utanfor hallen der Markus mekkar, omlag femti meter nedover ein stor grusplass, står to gamle rutebussar perfekt parallelt parkert. Før sto dei i garasjen. Det er Markus sjølv som har flytta på dei.

– Eg har jo ikkje busslappen, så eg køyrer ikkje på offentleg veg, men her inne på området flytter eg dei rundt. Det er ikkje så vanskeleg så lenge ein er forsiktig.


Markus’ guide for å rygge med buss

1. Få start på bussen.
2. Gå ut og føl etter kor mange meter klaring du har til næraste hinder.
3. Vri rattet til du trur hjula står i rett vinkel.
4. Gå ut og kjenn etter om framhjula svingar passeleg mykje.
5. Sett bussen i revers, og la den gli et par meter bakover.
6. Gå ut og kjenn etter.
7. Gjenta steg 2-6, heilt til bussen er der du vil ha den.


 

Ein av bussane i hallen er ein gammal campingbuss. Markus og samarbeidspartner Per Kristian bruker denne til å slappe av mellom øktene. Her ligg det strødd med verktøy, arbeidsklede og kaffikoppar.

På bordet ligg det også ein stor, svart luftpistol. Det er Markus sin.

– Du skal eigentleg berre pumpe den opp åtte til ni gongar. Men eg har funne ut at den går mykje lenger om du gir den 15 – 20 pump.

Markus går mot ein kvitmåla buss med ryggen mot kameraet. I bakrunnen er det eit vatn og skog. To raude bussar står parkert lenger borte på plassen. Markus treng ikkje sjå bussen for å finne den - han går målretta mot den i blinde. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Markus går mot ein kvitmåla buss. I bakrunnen er det eit vatn og skog. To raude bussar står parkert lenger borte på plassen. Markus treng ikkje sjå bussen for å finne den – han går målretta mot den i blinde. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Markus tek med våpenet og nokre kuler ut for å leike seg. Blinken består som regel av rask som ligg i ein skraphaug på industriområdet der Markus held til. I dag er det vindauget på ein gammal båt som får gjennomgå. Han må fram og kjenne på kor vindauget er før han går eit par meter bakover og siktar så godt han kan. Kula treff nede til venstre på vindauget. Ruta sprekk ikkje, kula lager berre eit lite hol.

Markus lader opp på nytt.

– Det er eg som har kjøpt pistolen, eg gjekk berre ned på butikken sjølv. Signerte og greier. Ingen sa noko på det, seier Markus.

– Ikkje ei unnskyldning

Markus har alltid utfordra grensene, han syklar, køyrer firehjuling og har vatnscooter. Samstundes som han har respekt for at alle blinde er forskjellige, så trur han at mange let det å vere blind styre dei for mykje.

– Det hender at eg blir irritert over kor lite enkelte får til. Hadde eg sett kunne eg kanskje ikkje ha sagt noko, men eg er blind, og eg veit kva som er mogleg å få til. Det handlar berre om å prøve.

Markus løfter to busseter og bærer dei ut av bussen. Det er mørkt og bussen er halvvegs demontert. Markus er dagleg leiar i bedrifta, men er ikkje redd for å ta i eit tak. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Markus løfter to busseter og bærer dei ut av bussen. Det er mørkt og bussen er halvvegs demontert. Markus er dagleg leiar i bedrifta, men er ikkje redd for å ta i eit tak. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Markus og kollegaen Per Kristian lener seg mot ein kvitmåla rutebuss. Dei har arbeidsklede på. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Markus og kollegaen Per Kristian lener seg mot ein kvitmåla rutebuss. Dei har arbeidsklede på. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Kva er unnskyldninga til dei som ikkje prøver?

– Det er vel det at dei ikkje ser, stort sett.

Det var kanskje eit dumt spørsmål?

– Nei. Det å ikkje sjå er ikkje ei unnskyldning.

Svaret kjem

Ei veke etter intervjuet hos Blindeforbundet får Lena telefonen: Nokon var meir kvalifiserte enn ho til jobben. Det 51 nei-et er såleis offisielt, og anledninga til å flytte ut let seg vente på.

Lena må halde fram med å skrive jobbsøknader, ringe massasjestudio og samstundes snike inn i samtalen at ho er blind, men informere om at ho likevel kan bruke både PC og mobiltelefon.

Lena ser tenkande ut i lufta. Det snør og Lena har på seg svart hettejakke. I bakgrunnen er faren til Lena sitt hus. Lena fekk ikkje jobben hos Blindeforbundet. – Eg veit at det er vanskeleg å få jobb som blind, så eg kan ikkje gjere anna enn å halde fram med å søkje, seier ho. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Lena ser tenkande ut i lufta. Det snør og Lena har på seg svart hettejakke. I bakgrunnen er faren til Lena sitt hus. Lena fekk ikkje jobben hos Blindeforbundet. – Eg veit at det er vanskeleg å få jobb som blind, så eg kan ikkje gjere anna enn å halde fram med å søkje, seier ho. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Dama i telefonen frå Blindeforbundet fortel at Lena gjorde eit godt intervju, og hadde skrive ein god søknad. Ho nådde berre ikkje heilt opp denne gongen. Det tek Lena med seg når ho sit seg ned for å komponere søknad nummer 52.

– Eg veit at det er vanskeleg å få jobb som blind, så eg kan ikkje gjere anna enn å halde fram med å søkje.

Gir du opp om du får femti nye nei?

– Det trur eg ikkje. Eg har så lyst på jobb, så eg må berre prøve. Ein veit aldri, kanskje blir det ja på neste søknad. Eller kanskje får eg i alle fall komme på intervju. Då er eg eitt skritt nærare.

► Høyr heile historia om jobbjakta til Lena (26) i P3-dokumentaren «Usett»

Lars Erik H. Andreassen

Dokumentarist Lars Erik H. Andreassen

Frid Kvalpskarmo Hansen

Dokumentarist Frid Kvalpskarmo Hansen


 

Fleire historier frå P3 Dokumentar

 

dropout

 

Linda er 27 år og har vore avhengig av trygd heile sitt vaksne liv. No har ho lyst til å ta igjen den tapte tida. Sjekk ut P3-dokumentaren «En dropout dropper inn».
 

annleis_nok

 

Har Shirin (17) autisme? Har ho vanskeleg for å forstå kva andre føler – eller bryr ho seg berre ikkje? Sjekk ut P3-dokumentaren «Annleis nok?».


 

P3dok som podkast

 

Alle våre radiodokumentarar kan lastast ned som podkast, slik at du kan høyre på desse når du vil – og kor du vil. Abonner på våre podkastar enten via Itunes eller via RSS.

(NB! All musikk som vert brukt i våre dokumentarar er ikkje alltid med i podkastversjonane grunna opprettshav. Fullversjonane – slik dei vert sendt på radio – kan du strøyme her på vår nettside.)