– Uverkeleg å vinne

Som deltakar i Mobilfotografene lærte Hanne C. Jonassen å stole på seg sjølv. Det vann ho på, og no er ho klar for å ha si eiga utstilling.

Hanne Jonassen blir gratulert av Emma og Morten.  Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles
Hanne Jonassen blir gratulert av Emma og Morten. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles

– Det var uverkeleg å vinne heile greia! Det var ei heilt utanomjordisk oppleving, seier Hanne C. Jonassen.

Seks deltakarar har i Mobilfotografene fått ulike utfordringar som dei skal løyse med å kun bruke kamera på mobiltelefonen.

Som vinnar får Hanne frå den 31. oktober stille ut 20 bilete på Rådhusplassen i Oslo, ei utstilling ho kallar «Hverdagsblikk».

– Bileta eg har valgt ut er kvardagsbilete. Det er det som er styrken med mobiltelefonen også, at ein kan fange desse augeblikka, seier Hanne.

– Som om eg arva morfar sine evner

Tips 6 Få apper. Foto: Hanne Jonassen
«The road less traveled by» er eit av bileta Hanne skal stille ut på Rådhusplassen. Hanne likar å ha mykje «luft» i bileta sine, og tittelen er henta frå eit diktet The Road Not Taken av Robert Frost.

Som premie får Hanne også ei fotoreise, og den har ho valgt at skal gå til Svalbard.

– Det gjer eg fordi morfar som var fotograf elska Svalbard! Han var der mange gonger, budde i telt, og tok bilete av isbjørnar og lyset der oppe. Han var fascinert over Svalbard!

Sjølv er Hanne arkitekt og planleggar i Asplan Viak, og meiner ho har arva fotointeressen av morfaren som dreiv Aune Forlag.

– Dei var einerådande på prospektkort i Noreg, men firmaet blei nyleg selt. Då eg vann følte eg at arva etter morfar gjekk videre! Det var utruleg rørande!

  • TIPS FRÅ HANNE: Slik blir du en vinner på Instagram
  • LES OGSÅ: Slik får mobilbildene wow-faktor
  • (Saka held fram under biletet)

    Det var med biletet "Groruddalen" at Hanne vann Mobilfotografene. Det biletet vert også stilt ut på Rådhusplassen.
    Det var med biletet «Groruddalen» at Hanne vann Mobilfotografene. Biletet som Kenneth stilte opp på skal også stillast ut på Rådhusplassen.

    Imponert over deltakarane

    Hanne Jonassen saman med hovuddommar Jonas Bendiksen. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles
    Hanne Jonassen saman med hovuddommar Jonas Bendiksen. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles

    Hovuddommar Jonas Bendiksen som sjølv er fotgraf, er imponert over det deltakarane har fått til i Mobilfotografene.

    – Det er ein litt nådelaus kontekst når dei får ei utfordring og så har dei kanskje ein time å løyse den på, og det utan førebuing og med eit kamerateam på slep! Eg er ikkje skråsikker på om eg hadde løyst dei oppgåvene så bra kvar gong, seier han.

    Jonas er særskilt imponert over korleis Hanne har tatt utfordringane undervegs.

    – Ho brukar seg sjølv, er søkande, open, leiken, og entusiastisk. Ho kastar seg inn i oppgava, og får fort kontakt med menneske. Det blir nære og meir naturlege bilete, seier han.

    – Ho tar bilete som ikkje roper altfor høgt, men dei er naturlige, og som arkitekt har ho utrolig godt auge for linjer, legg han til.

    Sjølv meiner Hanne at ho lært mykje med å vera deltakar i Mobilfotografene.

    – Eg har lært at eg må stole på meg sjølv og mine eigne valg, at du må vera konsentrert og fokusert, litt som ein idrettsutøvar, seier ho.

    Sjå fleire bilete:

    Tips 3. Jobb med lyset. Foto: Hanne Jonassen
    «MDG» vil Hanne stille ut, og det ho synest gjer biletet så interessant er det at ho har snudd det opp-ned.

    Skogen. Foto: Hanne Jonassen
    «Woods» blir også stilt ut. Det var med dette biletet Hanne vann nest siste konkurranse, og deretter kom videre til finalen.

    "Day off" er eit av bileta som Hanne skal stille ut. Augeblikket fanga ho ein dag naboungane hadde favorittkostymet sitt til vask.  - Det var verkeleg "day off", ler Hanne.
    «Day off» er eit av bileta som Hanne skal stille ut. Augeblikket fanga ho ein dag naboungane hadde favorittkostymet sitt til vask. – Det var verkeleg «day off», ler Hanne.

    "The Giant" er eit bilete Hanne har tatt av sonen sin, og som også skal stillast ut. Ho er særskilt nøgd med lyset. og skuggane i biletet.
    «The Giant» er eit bilete Hanne har tatt av sonen sin, og som også skal stillast ut. Ho er særskilt nøgd med lyset, og skuggane i biletet.

    Se Mobilfotografene tirsdager klokka 22.15 på NRK1 eller på tv.nrk.no

    Følg Mobilfotografene på Instagram: @nrkmobilfotografene.

    Bruk #nrkmobilfotografene på Instagram når du deltar i seerkonkurranse.