Vart dumpa av venninna: – Det var som ei kjærleikssorg

Dei fleste opplever at vennskap kan ta slutt, men då det skjedde med Frida, følgde det ho i fleire år etterpå.

«I fleire år etterpå hadde eg «kjærleikssorg». Me hadde eit så morosamt og genuint vennskap, og plutseleg var det stopp.»

Slik lyder e-posten til Frida. Ho er ei av mange som har sendt inn si erfaring rundt det å mista ein venn til P3.no.

No, fleire år etter at det skjedde ønsker Frida å dela historia si, men ikkje under hennar ekte namn. Det blir for flaut at alle skal få vita at dette skjedde med ho.

Alle namn er derfor byta ut av redaksjonen.

Frida og Fanny vart kjent då dei begynte på vidaregåande. Dei hamna i same vennegjeng, og dei to vart gode vennar.

– Eg såg på ho som ei av mine aller nærmaste venninner. Ho var ein sånn venn som ein kunne ha det kjempemorosamt med, men som ein også kunne dela vanskelege og såre ting med, fortel Frida.

Men etter tre år med vennskap skulle det heile ta ein brå og uforklarleg slutt.

Brotet

Sommaren etter vidaregåande reiste Frida på ferie til utlandet. Ein dag fekk ho ei melding av Fanny.

– Ho skreiv at ho fjerna mange vennar frå livet sitt. Ho måtte fokusera på seg sjølv og greidde ikkje ha så mange menneske rundt seg. Derfor følte ho for å forsvinna for ei stund, og ho håpte at eg forstod det, fortel Frida.

Fyrst tok ikkje Frida det så alvorleg. Ho skreiv tilbake halvhumoristisk: «Slår du opp med meg?» Svaret ho fekk tilbake, var ikkje det ho forventa. «Ja, litt», stod det på skjermen.

– Det var som å bli slått opp med på ekte. Det var så vondt og sårt. Eg vart kjempelei meg, men eg tenkte også at dette kom til å gå over. Eg tenkte at me kom til å vera vennar att om eit par månadar, for ho trong berre å finna seg sjølv litt. Det var jo slik ho skreiv det.

TUNG SAMTALE: Frida vart overraska då venninna sendte meldinga. Foto: Marit Eide / Illustrasjon: Mia Aasbakken

Det vart sendt mange meldingar mellom Frida og Fanny den dagen. Dei skreiv at dei var glade i kvarandre. Fanny sa at ho gråt mens ho skreiv meldingane.

Frida prøvde å støtta vennen sin så godt ho kunne, sjølv om ho ikkje heilt skjønte kvifor Fanny gjorde slik som ho gjorde.

I dei kommande vekene respekterte Frida Fanny sitt ønske om avstand. Fanny sletta ho som Facebookvenn, men Frida tok det ikkje så tungt. Ho tenkte framleis at venninna ville ta kontakt når ho var klar.

Men då Frida fortalde til deira felles vennar om kva som hadde skjedd, vart ho overraska.

– Eg var heilt sikker på at Fanny hadde sendt denne meldinga til fleire i vennegjengen sidan ho nemnde at det var fleire ho trong pause frå, men ho hadde ikkje gjort dette med nokon av våre felles vennar.

Dette syntest Frida var rart, ettersom ho var den i gjengen som hadde hatt det nærmaste vennskapet med Fanny.

– Det var openbert berre meg ho ikkje ville ha kontakt med lenger. Eg følte på ein sorg og ei usikkerheit på kvifor dette skjedde meg. Kva hadde eg gjort gale?

Men dessverre for Frida viste det seg at dramaet så vidt var i gang. Det heile skulle toppa seg nokre månadar seinare.

Thea vart ghosta

Det er ikkje berre Frida si historie me skal fortelja her. I likskap med Frida, mista Thea også ein venn – men ho vart ikkje dumpa. Thea vart ghosta.

Også Thea heiter noko anna i verkelegheita.

Det er bilete av ein murvegg, og i grafittistil er det teikna på ei trist jente i som held hendene samla og ser ned i bakken. Over ho heng ei sky som regner ned på ho, og inne i skya ser ein jenta og veninna som helder hender og smiler.
UBESVARTE SPØRSMÅL: Thea fekk aldri svar på meldinga ho sendte til venninna. Illustrasjon: Mia Aasbakken

Over telefonen fortel Thea om korleis ho vart kjent med studievenninna som me har valt å kalla Tamara.

– Eg sette meg tilfeldigvis ved sida av ho under fyrste førelesing, og me kom i prat. Men eg trur nok me hadde blitt kjent med kvarandre på eit tidspunkt uansett, sidan me var så like, fortel Thea.

Dei skumle følelsane Thea hadde rundt det å begynna på nytt studie, vart dempa av det nye bekjentskapet. Ho beskriv vennskapet som «lett og opent».

– Ho var enkel å prate med, og me hadde mykje til felles. Me snakka om alt, og ho støtta meg i mykje. Det gjorde at eg hadde ein veldig tillit til ho.

Eit år etter at dei fyrst møtte kvarandre, stengde Noreg ned. Korona førte til færre fysiske førelesingar, og etter dette gav Tamara stadig sjeldnare lyd frå seg.

– Ho hadde nemnt at ho var dårleg på å svara på meldingar, og at ho ikkje var så aktiv på sosiale medium. Men eg opplevde at ho trekte seg litt vekk mot slutten av tida vår saman, og at det kanskje hadde noko med meg å gjera.

Ein dag sende Thea ei melding der ho spurde om dei skulle møtast for å ta ein kaffi. Den meldinga fekk ho aldri svar på.

– Eg tok hintet om at ho ikkje var interessert i å vera vennar lenger, men å ghosta er ein feig måte å gjera det på. Det gjorde vondt, og eg sat igjen med ei usikkerheit om eg hadde gjort noko eller sagt noko feil. Det var frustrerande, og eg vart veldig lei meg.

Thea veit ikkje kvifor Tamara slutta å svara ho. Årsaka bak ghostinga er noko Thea har spekulert mykje på.

– Det har kanskje ei logisk forklaring, men det hadde vore fint om ho hadde sendt ei melding for å forklara seg, eller berre for å høyra korleis det går med meg.

Over eit halvt år seinare har Thea framleis ikkje høyrt noko meir frå studievenninna.

– Det er feigt gjort. Det får meg til å føla at eg ikkje betydde noko for ho, fortel Thea.

Naturleg at vennskap tar slutt

Kristina S. Moberg, psykologspesialist og forfattar, fortel at det er naturleg at nokre vennskap går over. Vennar veks frå kvarandre, flytter vekk eller vel ulike vegar i livet.

Portrettbilde av Kristina Moberg som har armane i kors, og som smiler til kamera.
EIN DEL AV LIVET: Psykologspesialist Kristina S. Moberg fortel at det er naturleg at nokre vennskap tar slutt. Foto: Bjørnar Strømsholm

– Vennskap handlar ofte om at folk er på lik plass i livet, har ein del til felles og har tid til kvarandre. Hugs at du alltids kan finna nye vennar gjennom hobbyar, jobb og naboar, oppmodar ho.

Men det hender også at vennskap tar slutt på ein bråare og vondare måte, som kan vera vanskelegare å takla.

– Nokre gonger er det større skjær i sjøen som er grunnen til eit vennskapsbrot. Det kan vera svik av eit slag, slik som at ein venn har baksnakka deg eller har stole kjærasten din.

Dersom nokon seier direkte til deg at dei ikkje vil vera vennar lenger, er det best om du prøver å respektera valet.

– Prøv å tenke at det er OK at vennen tør å ta et slikt val, og at vedkommande sikkert har sine grunnar. Forhåpentlegvis er det gjennomtenkt av den andre, for det er ikkje lurt å «dumpe» ein venn i affekt. Det er ei avgjersle som helst bør få marinera litt, synest psykologen.

Den nasjonale SHoT-undersøkinga frå 2018 viser at nesten éin av fire studentar ofte saknar nokon å vera saman med. Éin av seks norske studentar føler seg ofte isolerte og utanfor.

Éin av 10 svara at dei har ingen eller berre éin fortruleg venn.

Frida gjekk gråtande frå festen

Det hadde gått eit par månadar sidan Frida hadde blitt dumpa over melding. Frida ville gje venninna rom, så dei hadde ikkje hatt kontakt sidan den sommardagen.

Men no skulle dei endeleg sjåast igjen. For Frida var invitert på fest, og ho visste at Fanny også ville vera der.

– Eg hadde ikkje tatt meldinga så alvorleg, så eg tenkte berre at det var hyggeleg å skulle få sjå kvarandre att. Eg var litt nervøs, men eg tenkte at det kom til å gå bra, fortel ho.

Det skulle fort vise seg at Fanny ikkje hadde same tankegang.

Frida var så vidt komen inn døra då ei felles venninne fortalde at Fanny hadde sagt at ho ikkje klarte å vera i same rom som Frida. Frida vart sjokkert og snudde i døra.

– Det var jo ingen andre der som ville at eg skulle gå, men det vart så ubehageleg at eg ville ikkje vera der. Eg gjekk gråtande heim, og då slo det meg at dette var heilt grufullt. Det var så vondt og flautt.

Bilder viser ryggen til Frida som går vekk. Ho har på seg boblejakke og lue, og det rosa teikna håret flagrer i vinden. På veggen er det tagga ei mørk sky.
SJOKKET: Etter festen skjønte Frida at ho og Fanny aldri kom til å vera venner igjen. Foto: Marit Eide / Illustrasjon: Mia Aasbakken

Etter dette skjønte Frida at ho ikkje ville få vennen sin tilbake.

– Det var verkeleg som ein kjærleikssorg. Det var eit tomrom etter ein person som eg hadde vore veldig nær.

Det gnagande spørsmålet

Frida og Fanny snakka aldri saman igjen etter dei meldingane den sommaren, men tankane rundt kva som hadde skjedd, kverna i hovudet til Frida.

– Eg tenkte at dersom me ikkje kunne vera i same rom, så måtte eg jo ha gjort noko. Det var det vondaste: ikkje å vita kva eg hadde gjort for å såra ein person som eg hadde vore så innmari glad i. Det gnog på meg i fleire år etterpå.

– Kva hadde eg gjort?!

Dette ubesvarte spørsmålet gjorde Frida usikker og redd, både når det kom til vennar ho hadde hatt i fleire år, men også med nye vennar.

– Eg tenkte mykje på kva det var eg gjorde som eventuelt kunne få andre til å dumpe meg. Vennskap går så innmari på personlegdom, så det vart ei sånn usikkerheitsgreie rundt personlegdomen min.

Den dag i dag er det framleis berre nokre få som kjenner til kva som skjedde mellom Frida og Fanny.

– Eg har ikkje snakka så mykje om dette, anna enn med to-tre av dei felles vennane me hadde, fordi det var så flautt. Dette skjer jo ikkje med folk. Det var så innmari ubehageleg og sårt.

Redd for ikkje å vera god nok

Også Thea har fått kjenna på korleis venninne-ghostinga har gått ut over relasjonane hennar. Ho er redd for at denne opplevinga kan øydelegga for andre forhold seinare i livet.

– Eg redd for at det same skal skje med andre vennar eller med ein kjærast. Det tærer på meg å tenke på kvifor eg vart avvist.

Illustrasjonen likner på grafitti som er spraya på ein murvegg. Grafittien viser to vennskapsbånd, med ein avstand mellom dei halve hjartene.
TUNGT: Det tok tid å komma seg frå tapet av venninna. Illustrasjon Mia Aasbakken

Ghostinga har også ført til at ho har vorte meir usikker på seg sjølv.

– Eg er redd for kva andre synst om meg, redd for at eg kanskje ikkje er god nok for den andre personen. Men eg må gå vidare. Eg kan ikkje vera så redd heile tida.

No som Thea er ferdig på studiet, tenker ho ikkje like mykje på Tamara. Ho har fått nye vennar, og dei delane av sjølvbiletet som fekk seg ein knekk, har blitt bygd opp litt etter litt.

Det beste er å «fade» ut vennskapet

Opplever du at ein venn tar meir avstand og ignorerer deg, men ikkje seier kvifor? Då meiner Moberg at du må respektera at den andre treng rom, men at det framleis er lov å ta kontakt.

– Du kan jo spørja vennen din kvifor dei trekker seg vekk, for å sjekka ut om det er andre grunnar til at dette skjer. Det kan også vera fint å reflektera rundt eigen oppførsel. Kanskje har du gløymt vekk vennen din, eller tatt hen for gitt den siste tida?

Dersom du sjølv har lyst til å avslutta eit vennskap, rår psykologen deg til forsiktig å «fade» vennskapet ut, med omsorg og respekt.

– Eg tenker at det sjeldan er nødvendig å seie direkte ifrå om at eit vennskap er over. Nokre gonger går eit vennskap roleg over, for at ein så finn tilbake til kvarandre ei stund etterpå. Men dersom vennen spør, bør du vera ærleg på ein god måte, fortel Moberg.

Psykologen har sjølv mista eit vennskap då ho var ung, og ho meiner at det faktisk kom noko godt ut av det.

– Det har gjort at eg har blitt betre på å ta vare på mine beste vennar, fortel Moberg.

Det ubesvarte spørsmålet

For Frida følgde brotet med venninna ho i fleire år. Etter ei stund gjekk sorga over i sinne. Sjølv om ho innrømmer at ho bar nag ei stund, gjer ho det ikkje no lenger.

– Ein sluttar jo ikkje å vera glade i menneske sjølv om dei knuser hjarta ditt. Det hadde vore kult å høyra kvar ho er i verda, men eg har ikkje noko behov for ein relasjon med ho no.

Frida fortel at ho er forbi usikkerheita og dei vonde følelsane som vennebrotet forårsaka. Men spørsmålet om kva som fekk veninna til å dumpe ho, ligg framleis i bakhovudet hennar.

– Når eg kjem på det, fristar det veldig å sende ho ei melding og spørje om årsaka, men no er eg over det for lengst, seier ho og legg til:

– Eg har masse fine vennar, og det har ikkje skjedd noko liknande sidan. Det har vel kanskje vore tryggande, fortel ho og ler forsiktig.

LES MEIR: