Verdens Rikeste Land på homojulebord

Niklas og Mathias var på julebord for eldre homofile. Les om korleis kvelden gjekk i tusen knas.

– Dei er veldig knusbare. Ber dei pent!

Klokka er ti over halv sju, og kasser med krystallbollar er komne. Dei ekstremt kostbare og ekslusive bollane skal fraktast opp fem etasjar (i Noregs eldste heis), utan å røre ved noko.

Det er duoen fra Verdens Rikeste Land, Niklas og Mathias, som har fått oppdraget med å bere dei opp.

Me befinner oss på eit julebord for eldre homofile. Og kvifor det?

For under P3-aksjonen lodda superteamet i Verdens Rikeste Land ut sin arbeidskraft. Gaysir vann budrunden med 5800, og donerte dagsverket vidare vekk til julebordet for eldre homofile, i regi av Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH). No er dagen komen, og Niklas og Mathias skal vere vertskap/krystallbolleberarar.

– Kva forventningar har de til julebordet?

– Eg har prøvd å sjå føre meg eit julebord for eldre homofile med krystallbollespel, men eg har ikkje greidd det, seier Mathias.

– Men eg gler meg til å sjå korleis alderdomen til Niklas kjem til å sjå ut, korleis juleborda hans kjem til å vere, held han fram.

Julebordet er for homofile over 50, og i regi av seniorlaget i LLH. I tillegg til julebordet, møtes dei ein gong i månaden på same stad.

– Det homofile miljøet er ungdomsfokusert. Her er eit tilbud for dei eldre, og me merkar at det vert sett stor pris på, seier Åsmund Vik (65), leiar av seniornettverka.

Åsmund Vik fotograferer Niklas og Mathias (Foto: Tom Øverlie).
Åsmund Vik fotograferer Niklas og Mathias (Foto: Tom Øverlie).

Niklas og Mathias veit lite om krystallbollane dei har frakta opp i femte etasje – berre at det er ein synsk, lesbisk healer ved namn Inge Ås som skal spele på dei.

– Ho er jo synsk, så eg lurer på om ho veit om me kjem til å knuse dei eller ikkje, lurer Mathias.

Så er det tid for mingling. Lokalet er delt i to: Eit mellomstort rom med eit langbord i midten. Bordet er pynta, men ikkje pådekka; her skal det nyttast papptallerknar. Går ein lenger inn, kjem ein til kjøkkenet, der koldtbordet står klart.

– At eg er homofil har aldri skapa noko problemar. Så eg er spent på å høyre korleis det var for dei eldre, seier Niklas.

Og dei eldre fortel gladeleg.

– Eg kom ikkje ut av skapet før eg var vaksen, og allereie hadde vore gift med ei kvinne i mange år. Etter eg kom ut, slutta familien min å prate med meg, fortel ein.

Niklas og Mathias ønskjer 16 kvinner og menn velkomne til julebordet (Foto: Tom Øverlie).
Niklas og Mathias ønskjer 16 kvinner og menn velkomne til julebordet (Foto: Tom Øverlie).

Det er ein time inn i julebordet, men ingen ser openlyst alkoholpåverka ut.

– Det er lite alkohol til å vere eit julebord. Og lite ligging.

Så er det tid for å ta krystallbollane i bruk. Inge Ås har gjort klar eit bord med 18 krystallbollar, og spør om me «er klare for litt musikk?» Ho held først eit femtan minutters langt føredrag, der ho fortel at ho måtte låne 15000 kroner for å ha råd til krystallbollane. Deretter tok ho dei med seg til ei øy, der ho satt og spela ein heil sommar.

– Dersom de er ekstra mottakelege, kan det kjennast ut som lyden speler inne i deg, seier Inge Ås, healer, musikar, og homopat (Foto: Tom Øverlie).
– Dersom de er ekstra mottakelege, kan det kjennast ut som lyden speler inne i deg, seier Inge Ås, healer, musikar, og homopat (Foto: Tom Øverlie).

Lyden er høg, spesiell og ikkje likt noko eg har høyrt tidlegare. Det er som ein slags blanding av kyrkjeklokker og panfløyte. Inge varierer mellom å dra pinnane langs bollane, og å slå på dei i varierande takt.

Så skal ho til å slå på den største bollen, den fremst i midten. I staden for ein harmonisk lyd, kjem eit skrærande skrik av ein lyd.

Ho stoppar brått. Noko er temmeleg gale.

– Det verker som den bollen her står på noko rart, seier ho.

Ho held fram utan den største bollen. I drøye ti minuttar speler ho, og ein mann i sekstiåra byrjar å grine. Andre kremtar litt, som om at «no er det nok».

– Det var som å vere i eit kyrkjetårn, i eit romskip, seier Mathias.

Niklas er meir skeptisk til den åndelege seansen. Han gjer det klart at desse «hippiegreiene» ikkje er noko for han.

Det er ikkje berre Inge Ås som er synsk. Tidlegare journalist Wenche Solberg-Hansen kan nemleg lese i handflater. Niklas er fyrst ute.

– Du har ei snill hand, startar ho.

Og suplerlativa kjem, ein etter ein: varm, intellektuell, og pen. Det einaste negative er at han brukar for mykje pengar.

Så er det Mathias sin tur. Han er også intellektuell, men han er også ikkje noko handy, og han – hold dykk fast – må vere varsam i 50-åra, for då kan han bli ramma av ein genetisk sjukdom. Det er ingen tvil kven som kom best ut av spå-seansen. Niklas lyser av tilfredsheit. Han har gått frå å vere ein skeptikar til å godta alle lovorda Wenche gir han. Mathias fnyser:

– Eit større bevis på at denne bransjen er sånn «wishy-washy» har me vel ikkje sett.

Wenche Solberg-Hansen har lese hender i over 20 år (Foto: Tom Øverlie).
Wenche Solberg-Hansen har lese hender i over 20 år (Foto: Tom Øverlie).

Det er tid for enno ein seanse med musikk. Men fyrst har Inge noko ho vil seie:

– Det viser seg at nokon har knust krystallbollen.

Det vert heilt stille. Mathias og Niklas ser på kvarandre. Det var dei som bar bollane opp, og no har den største bollen fått ein sprekk. Han er øydelagd.

– Eg blir veldig, veldig lei meg. Dei er ekstremt dyre. Men sånn er det, held ho fram.

Men så speler ho likevel. Denne gongen skal alle synge ein tone for kvar bolle ho speler på. Dette skal visstnok gjere godt for chakraane våre. Men me manglar ein bolle, og den representerer hjartet vårt. Så den chakraen får me ikkje jobbe med – seier ho bittert.

– Niklas og Mathias: Var de dykk som knuste bollane?

– Nei, det kan ikkje ha vore oss, seier Niklas bestemt.

Mathias er samd.

– Me bar kassane som om det var ein baby på spiker.

Julebordet er slutt, og det er tid for å rydde opp. Niklas og Mathias går bort til Inge for å høyre om ho treng hjelp til å bere bollane ned att i bilen.

– Det kan ikkje ha vore oss som knuste bollen, seier Mathias.

– Ikkje tenk på det. Eg blei berre veldig, veldig lei meg. Men det går bra, svarar Inge.

Etter bollane er trygt plasserte i baksetet i bilen, er kvelden omme.

Bolleknusarane, Mathias Nylenna og Niklas Baarli (Foto: Tom Øverlie).
Bolleknusarane, Mathias Nylenna og Niklas Baarli (Foto: Tom Øverlie).

– Korleis vil de summere opp julebordet?

– Eg kom jo hit for å sjå korleis alderdomen til Niklas kjem til å bli. Og det som er gøy, er at han som hatar hippiar, kjem til å bli ein sjølv, seier Mathias.

– Eg veit ikkje om eg syns det er eit julebord. Det var meir som ei alternativmesse, seier Niklas.

Men det er ingen tvil om kva som var mest minneverdig med julebordet.

– Me hadde éi oppgåve. Også klarte me å knuse den jævla bollen.

Bildegalleri: Verdens Rikeste Land på LLH OAs Seniornettverk julebord