– Vi går aldri inn til tigrane og løvene våre. Då vil dei drepe oss med ein gong

Veterinær i Kristiansand dyrepark, Rolf-Arne Ølberg, fortel kor gale det står til med behandlinga av ville dyr i dokumentarserien «Tiger King».

Det kan verke som om veterinæren i Kristiansand dyrepark, Rolf-Arne Ølberg, ikkje heilt veit kor han skal starte. Han har sett fem episodar av den amerikanske dokumentarserien «Tiger King» då P3.no pratar med han over telefon.

– Eg har visst at det har eksistert mykje av dette i USA og at det har vore eit problem i alle år, men eg hadde aldri innbilt meg at det var så sinnssjukt som når eg ser på den serien, det er jo heilt hårreisande, seier Rolf-Arne og ler oppgitt. 

Serien, som har tatt verda med storm og lege på topp 10-lista til Netflix i fleire veker, handlar i hovudsak om folk som eig tigrar, løver og andre ville dyr, i private dyreparkar eller såkalla «roadside zoos» i USA.

Til no er det også personane som figurerer i serien som har fått størst merksemd, og kanskje lar vi oss distrahere litt for raskt frå det eigentlege problemet.

ROADSIDE ZOO: «Joe Exotic» poserer med ein tiger i sin private dyrehage i Oklahoma. No er Joe i fengsel, og parken blir driven av Jeff og Lauren Lowe, som også er med i dokumentarserien. Det er uvisst korleis det går med dyra og parken. FOTO: AFP/NETFLIX

Ville dyr er ikkje kjæledyr

– Eit generelt stort problem er dette med å behandle denne typen dyr som kjæledyr. Du ser dei køyre rundt med tigrane i bilane sine, og har dei heime. For at dei skal få til det, tar dei ungen frå mora og pregar han, fortel Rolf-Arne.

Tigerungar knyter sterke band til mora når dei er små. Det er slik dei lærer å kjenne miljøet dei veks opp i og korleis dei skal oppføre seg som ein tiger.

I «Tiger King» ser vi nyfødde tigerungar bli tatt frå mora rett etter fødsel. Dermed knyter dei seg til menneske i staden for mora. Sjølv om dyra skulle ha vent seg til menneske frå starten av, er det umogleg å ha eit «vennskap» med tigrane, slik dei gir uttrykk for i serien.

TRYGGLEIK: Rolf-Arne Ølberg er veterinær og har ansvar for alle dyra i Kristiansand dyrepark. FOTO: Iris Elin Ullvang/NRK

I Kristiansand dyrepark har dei aldri slik nærkontakt. Sjølv om tigrane og løvene er rolege og dyrepassarane kjem veldig nærme dei, er det alltid eit gitter imellom.

– Vi går aldri inn til tigrane og løvene våre. Då vil dei drepe oss med éin gong. Ikkje fordi dei er aggressive eller vondskapsfulle eller noko slikt, det er det naturlege for dei. Det er heilt unaturleg for dei ikkje å ta oss.

Han har jobba med ville dyr i seksten år og er klar over at mange er prinsipielt imot dyreparkar, men meiner det er viktig ikkje å blande det ein ser i «Tiger King» med korleis seriøse dyreparkar driv sine parkar.

Den overdrivne nærkontakten med dyra vi ser i serien, uroar Rolf-Arne spesielt.

– Vi er ikkje i nærkontakt med nokre av kattedyra våre. Viss vi har ungar på dei, så handterer vi dei for å gjere nødvendige helsesjekkar, men held det til eit minimum, seier Rolf-Arne til P3.no.

Dette gjeld også om dei har nyfødde tigerungar som må få vaksine og anna medisinsk oppfølging.

BREKT BEIN: Rolf-Arne opererer ein tigerunge som har brekt beinet sitt. FOTO: Dyreparken

– Dei kan handterast berre i kort tid medan mora er i eit anna rom, og må sleppast saman med mora igjen så fort som mogleg. Det går fint, men det er ikkje noko ungane set pris på, og ettersom dei blir eldre, blir dei vanskelegare å handtere.

Dyr som eigentleg ikkje eksisterer

Det finst i underkant av fire tusen ville tigrar igjen i verda. Dyret er utryddingstrua, mykje på grunn av måten vi menneske behandlar dei på og påverkar oppførselen deira.

– Det er ganske mange problem knytt til sosialisering med ville dyr. Ofte blir ungane mata opp for hand for å få dei tamme. Dyra mistar veldig mykje av sin naturlege åtferd og måten dei skal leve på. Dette kjem klart fram i «Tiger King», seier Rolf-Arne.

– Dei avlar uhemma, dei har ein haug med dyr stua saman på for liten plass, dei fôrar gjerne feil, og medisinsk oppfølging av dyra finst ikkje.

I serien ser vi mellom anna Bhagavan «Doc» Antle vise fram ein «liger», eit resultat av at du kryssar ein tiger med ei løve. Dette dyret har aldri eksistert i naturen og finst berre i fangenskap.

LIGER: Slik ser ein «liger» ut, eit resultat av at du kryssar ei løve med ein tiger. Bahier, som vi ser på bildet, blei fødd i ein privat dyrehage i 1990 og seinare flytta til Tyskland. Bahier skal ha døydd i 2010. FOTO: Christian Charisius/SCANPIX.

– Det er så gjennomsyra av mangel på kunnskap om artane og dyra sine behov. Det er ein kynisk business fordi nokon har funne ut at det er kult og gøy å ha.

– Det er det som blir så vilt. Det blir heilt gale å sjå på, seier Rolf-Arne.

Tigeren er i utgangspunktet heller ikkje flokkdyr, i naturen lever dei aleine. Det handlar om at det er dét som lønner seg for dei for å overleve. Får dei nok mat, kan dei tolerere kvarandre, men å stappe fleire tigrar saman i bur og ha dei som kjæledyr, er altså ingen god idé.

Makt og status

– Det gir status å ha farlege og sjeldne dyr, seier Ragnhild Sollund.

Ho er professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo og skriv for tida bok om relasjonen vi menneske har til dyr. «Tiger King» står på lista, men ho har ikkje orka å sjå serien enno.

Ho har forska på trua dyreartar i om lag ti år og kan fortelje at tradisjonen med private dyrehagar går langt tilbake i tid.

– Pablo Escobar, kokainbaronen i Colombia, hadde sin eigen private dyrehage. I Saudi-Arabia er det ganske vanleg å ha ville dyr, dei har haukar osv., men også kattedyr.

OVERTATT: Pablo Escobar smugla ikkje berre narkotika, men også dyr. Etter at han blei drepen i 1993, har flodhestane i dag mangedobla seg og tatt over elva. Dei truar lokale dyreartar og skremmer menneska som bur i området. FOTO: Ivan Valencia/SCANPIX.

I Noreg er det ikkje lov å ha korkje tiger eller løve i privat eige. Det er eit stort problem at fleire statar i USA ikkje har ei lov mot dette. Ragnhild seier situasjonen i USA er spesielt ille og at det har vore slik i ganske mange år.

Til saman eksisterer det fleire tigrar i fangenskap i USA enn det finst i naturen på verdsbasis.

Ho baserer mykje av forskinga si på data henta frå straffesaksmateriale, inkludert beslag som politi og tollerar gjorde av reptilar før reptilforbode blei delvis oppheva i 2017.

I dei fleste av desse sakene har personen som smugla dyr ulovleg inn i landet, også gjort andre brot på lova knytt til narkotika og vald.

– Der er det fotografi av menn som poserer med ein stor slange rundt halsen og som legg ut video av seg sjølv på YouTube med det som skal sjå ut som farlege slangar.

Ho seier det går hand i hand med dei som vil ha hunderasar som er forbode fordi dei står fram som, og er definerte som, farlegare enn andre hunderasar og fordi dei gir status i subkulturane deira.

Eit kjapt søk på internett viser at Tollvesenet også har beslaglagt nasebjørn, jakopapegøyar, vaskebjørnar og ein serval på veg over grensa til Noreg.

Selfie-dyr

«Joe Exotic» og resten av gjengen i «Tiger King» tener pengar på å la folk klappe og ta bilde av seg sjølv med dyra. Etterspurnaden er med på å halde oppe handel med ville og ofte utryddingstrua dyr.

URETT: Ragnhild Sollund, professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo. FOTO: Per Jørgen Ystehede.

Det er ikkje berre i USA dette er eit problem, tilbod om å ta bilde med små apar eller tigrar som er lenka fast og kosing og mating av små løveungar, er verdsomspennande.

– Eg trur rett og slett at folk ikkje tenker og er klar over kva dei eigentleg er med på når dei gjer det, seier Ragnhild.

– Éin ting er at dei ikkje veit at det dyret dei tar bilde med er kidnappa frå jungelen, at kanskje mødrene deira er drepne for at dei skal bli selfie-dyr, at det er masse mishandling forbunde med dette og at trua artar rett og slett går til grunne på grunn av det.

– Det er dét, at dei kanskje ikkje veit det, seier ho.

Etter som dyra blir eldre, blir dei umoglege og farlege å ha med å gjere, og dei fleste dyra blir avliva når dei ikkje lenger eignar seg for omgang med menneske.

Det same gjeld for dei fleste beslaglagde dyr på grensa inn til Noreg. Det er allereie umogleg å returnere dei til naturen fordi det er for ressurskrevjande.

Rolf-Arne fortel at det også finst stader i Afrika som lokkar med jobb som dyrepassar for ville kattedyr og at du skal få hjelpe dei tilbake til naturen, men også her viser det seg at dei har tatt dyra frå mora.

– Det er mykje folk misforstår og gjer i god tru fordi dei ønsker å hjelpe til. Du koser med ein løveunge fordi du skal vise at du er glad i han, men den løveungen ønsker ikkje at du skal kose med han. Han ønsker å vere med løvemora. Det er der han skal vere. Det er ikkje eit kosedyr, rett og slett.

Folk vil vere unike

Professor Ragnhild Sollund fortel at når vi kosar med eit dyr, så produserer vi kjærleikshormonet oxytocin. Å ha kjæledyr kan difor vere bra for oss på mange måtar.

Hundar og kattar har blitt domestisert i tusenvis av år, og så lenge dei får godt stell, kan dei leve gode liv saman med menneske.

– Det gir velvære å kose med eit dyr. Samstundes er det jo vennskap. Mellom menneske og hundar og kattar kan det vere ein gjensidig relasjon der ein har utbyte av å vere saman.

Men for enkelte er det ikkje nok. På spørsmål om kva som kan vere grunnen til at nokon vil ha ville dyr som kjæledyr, svarar veterinær Rolf-Arne:

– Folk prøver på alle måtar å vere unike og ha tilgang til noko andre ikkje har tilgang på. Det er ikkje bra nok å ha ein huskatt, for det har alle andre, så då må dei helst ha ein puma eller leopard heime.

– Er det mogleg for eit menneske å ha eit spesielt band til ein tiger eller løve?

– Ja, det trur eg. Dyra er smarte og har forskjellige personlegdommar. Dyrepassarane i Dyreparken har på mange måtar spesielle band til løvene og tigrane. Likevel går dei ikkje inn til dei.

Rolf-Arne presiserer:

– Det handlar om å respektere at desse dyra er store og sterke, at det ligg naturleg for dei å ta livet av store byttedyr. Eg trur ikkje det er mogleg å ha eit slikt band med ei løve eller ein tiger der det er trygt å gå saman med dei.

FLYTTA: Her er éin av dei 39 tigrane Wild Animal Sanctuary i Colorado overtok i 2017, då «Joe Exotic» måtte i fengsel. Han lét nokre av dyra få reise til denne parken. Resten blei igjen i Oklahoma. FOTO: Marc Piscotty/SCANPIX.

Håpar på ny lov i USA

Som kriminolog er Ragnhild Sollund oppteken av urett og sosial ekskludering.

– Dyr er kanskje dei som er mest sosialt ekskluderte av alle i vårt samfunn. Dyra behandlar vi akkurat som vi vil, seier ho.

Ho vil finne ut av kva mekanismar det er som gjer at vi handlar slik vi gjer, og ho meiner vi har eit nesten forhistorisk forhold til dyr.

– Vi tar ikkje omsyn til følelsane og interessene deira, det gjer vi i særs liten grad, enten vi snakkar om det industrielle husdyrhaldet eller om handel med trua artar, som eg skriv om.

Rolf-Arne i Kristiansand dyrepark håpar i det lengste at dokumentaren kan bidra til at USA får på plass ei lov som gjer at det blir ulovleg å ha desse ville dyra i privat eige.

– Vi ønsker jo at folk skal vere interesserte i ville dyr, men eg håpar så mykje meir at folk skal interessere seg for dyra sånn som dei er naturleg, det som er normal åtferd og flokkstruktur. Ein treng ikkje å klappe ein tiger for å bli fascinert av han.

– No er det blitt sånn på jorda at vi menneske har stole nesten alle leveområda til dei ville dyra. Det er nesten ingen stader igjen for dei å leve i naturen, og det er kritisk for mange av dei, avsluttar han.

Fekk du med deg denne? «Oppdatert» har laga ein podkast-episode om «roadside zoos». Høyr han her.