Victor blei kjent som «han der som brente ned byen»

Det verste er at han eigentleg ikkje skulle ha vore på jobb den dagen frityrgryta tok fyr.

– Eigentleg var det ein kollega av meg som skulle ha den tidlegvakta, men eg byta med henne, fortel Victor Skjærvik i podkasten «Kunne vært meg» på P3.

PODKAST: Victor fortel om ein ganske dårleg dag på jobb i podkastserien «Kunne vært meg». FOTO: Privat.

I serien høyrer vi folk fortelje om ein dag eller ein episode der alt gjekk skikkeleg på trynet.

Dette er historia frå verkelegheita om då det begynte å brenne i frityrgryta på restauranten der Victor arbeidde.

Vi skal tilbake til ein vanleg dag i desember 2002. Victor Skjærvik var 22 år og jobba ved serveringsstadene Ricks og News som låg i Nordre gate, midt i Trondheim sentrum.

Restaurantane delte kjøkken, og Victor jobba som kokk her.

Han hadde starta i skrubben og jobba seg opp i kjøkkentenesta. Til slutt fekk han fast jobb som kokk.

News hadde litt finare klientell og serverte biff-, kylling- og fiskerettar. På Ricks gjekk det mest i hamburgar og pizza. Om kvelden blei begge restaurantane forvandla til utestader med cocktailbar, pub og diskotek.

Restaurantane låg i gamle trehusbygningar frå 1841.

Frityr i fyr og flamme

– Det var ein kald morgon og ganske klart, seier Victor.

Som vanleg sette han i gang med å førebu dagens arbeid.

– Eg slo på omnane, byta oljen i frityren og vaska han, slik eg vanlegvis gjer.

Deretter går Victor til kontoret for å byte til kokkeklede.

– Så kjenner eg ei lukt, som brent metall. Rundt hjørnet ser eg at det liksom blinkar som eit lys, og så var det full fyr og flamme.

Det er eit veldig syn av flammar som står heilt opp i taket. Ein vegg i metall hadde smelta og begynt å renne nedover.

– Eg sprang til servitøren og sa: «det brenn på kjøkkenet!» Og ho sprang opp og knakka på til bebuarane oppe og fekk sagt ifrå til dei på kontoret.

Victor fann fram brannsløkkingsapparatet og fór inn til flammane på kjøkkenet, men det er ikkje lett å kvele frityrflammar.

– Så vidt eg kan hugse, så var det noko som blussa opp igjen. Då kom han eine som var på kontoret og drog meg ut frå kjøkkenet, for det begynte å bli litt heftig.

Surrealistisk

Alle kom seg ut. Brannalarmen tuta og dura høgt. Saman stod dei ute på gata og venta på brannvesenet.

Og akkurat der og då, tenkte Victor:

Faen, no kan eg ikkje jobbe på eit par veker, no er kjøkkenet brunne ned.

Han må humre litt av seg sjølv frå den gongen, for lite visste han at alt skulle bli så uendeleg mykje verre.

– Då kjem ho som eigentleg skulle ha vakta. Eg stod jo i kokkeklede, så ho gjekk og kjøpte ein ullgenser til meg, ein god og varm ein. Så gjekk vi til hotellet i nærleiken og følgde med resten av dagen. Vi hadde ganske bra utsikt, seier Victor.

Det er no det går opp for han kva som eigentleg skjer.

På hotelltaket blir dei vitne til at røyken og flammane breier om seg frå News og Ricks til resten av bygningane i kvartalet.

– Det er så surrealistisk. Du ser ikkje det der kvar dag, akkurat.

INFERNO: Slik såg brannen i Nordre gate ut frå lufta den 7. desember 2002. Etter to timar hadde heile kvartalet brunne ned. FOTO: Skjermdump/VG

Krigssone

Brannen spreidde seg raskt, og det kom fleire brannbilar til. Vindauge eksploderte, og flammane velta ut.

– Det var heftig og såg ut som ei krigssone. Den dagen var ganske surrealistisk, seier Victor ettertenksamt.

Journalistar ville ha tak i kokken som jobba på kjøkkenet der brannen starta, og Victor sa ja til intervju, sjølv om han ikkje er så glad i merksemd.

– «Skulle bare lage pommes frites,» stod det i Dagbladet.

Victor måtte forklare kva som hadde skjedd til politiet i avhøyr, etterpå reiser han heim der foreldra prøvde å trøyste han så godt dei kunne.

Dagen etterpå er Trondheim i sorg, folk strøymer til sentrum for å sjå det nedsvidde Nordrekvartalet.

Han er ikkje akkurat den mest populære mannen i byen.

DAGEN DERPÅ: Brannvesenet brukte lang tid på å sløkke brannen. Til og med dagen etterpå føregjekk sløkkingsarbeid. FOTO: Thor Nielsen SCANPIX

Ikkje Victor sin feil

Verdiar for 50 millionar kroner gjekk tapt, og trehus frå 1841 var borte for alltid.

Victor blir sett på som «han som brente ned byen».

Lenge kvidde han seg for å reise til branntomta.

– Det var eit par månader der eg ikkje ville gå dit, eg prøvde liksom å unngå den plassen. Men så blei eg litt meir sånn: «No skal eg gå dit, no skal eg sjå, no skal eg manne meg litt opp og møte det», seier Victor.

Men storbrannen var ikkje Victor sin feil. Brannvesenet i Trondheim seier feilen låg i ventilasjonsanlegget.

Victor gjorde difor alt rett då han prøvde å sløkke brannen med apparatet.

Det gjekk nemleg ein del rykte i etterkant om at kokken hadde helt vatn over frityrgryta, men det visste Victor at han ikkje skulle gjere. Ricks og News hadde ironisk nok gjennomført ei brannøving rett før ulukka.

– Det var ganske bra vi hadde hatt kurs, for viss eg hadde hatt eit anna brannsløkkingsapparat med vatn i seg, så hadde det eksplodert i kjøkkenet.

Victor var berre på feil stad til feil tid.

Firestartar

I dag bur Victor i Finland der han jobbar med eksport av dekk og felgar til Noreg og Sverige.

Han rømte ikkje dit. Han fann kjærleiken og flytta etter henne.

Han blei buande ei god stund til i Trondheim, men sidan arbeidsplassen var nedbrunnen, begynte Victor å jobbe i barnehage, noko han treivst godt med.

Det var nok av galgenhumor mynta på «kokken som brente ned Trondheim», men Victor seier at dei fleste vitsane ikkje var særleg morosame, med unntak av éin:

– Då det var nokon som sette på The Prodigy-låten «Firestarter» på fest, ler Victor. Han begynte å legge merke til alle songane som handla om brann.

– Det er jo fine trehusbygningar der no, seier Victor om område som brann ned.

– Eg hugsar ikkje korleis det såg ut der før.

– Det gjer eg! ler Victor.

Høyr Victor fortelje om då frityrgryta tok fyr i «Det kunne vært meg».