Victoria trudde gutane såg på henne fordi ho var søt, men så skjøna ho korfor

Youtuberane Victoria Skau (21) og Sara Høydahl (20) trudde dei visste kva det ville seie å få mensen, men då han kom, blei dei stressa og redde.

Victoria Skau (21) merka blikka frå gutane som såg på henne og likte merksemda ho fekk.

– Det var heisblikk opp og ned, og eg tenkte: «Yes! Eg skal snakke med boys i kveld.»

GODE RÅD: Victoria Skau seier det er viktig å ta vare på seg sjølv når ein har mensen. Sjølv brukar ho lindre menssmertene med varmeflaske. Her er ho på besøk i «Mensen». FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK.

Ho hadde berre hatt mensen i eitt år då ho var på ferie i Spania, og rutinene for kor ofte ho måtte skifte bind og tampong var ikkje heilt på plass. 

Heile dagen hadde ho vore rundt omkring på sightseeing i den spanske byen, og kjent murring og menssmerter i magen.

Sidan det kom så lite blod, tenkte ho at det ikkje var nokon fare for å blø igjennom.

Victoria skau (21) og youtube-kollega Sara Høydahl (20) er gjester i mini-talkshowet «Mensen» som har premiere tysdag 25. august.

Victoria står i studio og viser korleis ho strategisk gjekk forbi ein gjeng med kjekke gutar som stod på gata utanfor hotellet ho budde på. 

Eller «gjekk» er ikkje riktig ord, for det var nok heller snakk om eit slags forsøk på å gå catwalk.

Ho gjekk langsamt forbi og kasta på håret. Blikka let ikkje vente på seg.

– Så kom eg opp på hotellrommet, og der såg eg at det var heilt blodbad.

Eg trur ingen kan forstå  men heile rumpepartiet mitt – den shortsen var ikkje lenger lyseblå, den var blitt rød, gestikulerer Victoria der ho i dag sit trygt i ein kvit sofa på NRK. 

Det blei ikkje noko av den sommarflørten, sukkar Victoria oppgitt. 

? Mamma gratulerte ?

Som mange sikkert har opplevd, eller vil oppleve, så er det éin ting å høyre om mensen og ein annan ting å faktisk få han.

Eg skreik på mamma, som kom springande. Ho trudde sikkert at eg hadde fått kneet ut av ledd eller noko, fortel ho.

Men Victoria Skau hadde fått mensen for aller første gong. 

GLAD: Victoria var 13 år då ho fekk mensen og skulle begynne i 8. klasse. FOTO: Privat.

Då mamma såg at det var mensen, sa ho: «Gratulerer, jenta mi!» Ho syntest det var dritfeitt og at no var eg liksom med i klubben, fortel ho vidare. 

Sjølv kjente ho seg ikkje spesielt høg i hatten.

For trass opne samtalar om mensen med mamma og tanta si i oppveksten, blei det ikkje som forventa å få han.

Eg blei jo dritstressa. Eg synest det var ekkelt og torde ikkje å gå med beina nærme kvarandre, så eg gjekk bortover som ei krabbe. 

? Følte seg klar, blei kjemperedd ?

Venninne og youtuber, Sara Høydahl (20) kjenner seg igjen. Ho hadde snakka med mor si om kva mensen var og følte seg klar.

POPULÆR: Sara Høydahl (20) har over 100.000 følgjarar på YouTube-kanalen sin, der ho har spesialisert seg på  å snakke om uoppklarte krimsaker. Her er ho gjest i «Mensen». FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK.

Eg skulle vere veslevaksen sant, eg sat på do og såg ned mellom beina mine og måtte rope på mamma: 

Kva er dette for noko?

Det er mensen, sa mamma, og eg tenkte: «Kva gjer eg no då?» fortel Sara.

– Eg blei dritredd! 

? Følte seg ekkel ?

Sjølv om mensen ikkje var direkte flautt å snakke om, opplevde Sara at det ikkje var eit

TENÅRING: Sara fekk mensen då ho gjekk i 7. eller 8. klasse og syntest det var både skummelt og spennande. FOTO: Privat.

stort samtaleemne blant henne og venninnene då dei fekk mensen.

Bestevenninna mi fekk det før meg og sa at eg ikkje måtte fortelje det til nokon. Det var liksom noko vi ikkje snakka om, allereie der blei det litt tabu.

Ho opplevde også at mensen blei meir akseptert då dei kule jentene som spelte handball begynte å få det.

Men då vi andre fekk det, var det ekkelt. Då blei det jo litt sånn at ein tenkte at ein var ekkel.  

?‍♀️ Unnskyld for at eg blør ?‍♀️

– Det å få mensen blir opplevd veldig ulikt frå person til person, seier Trine Aarvold over telefon. Ho er lege ved Sex og samfunn i Oslo der ho dagleg møter unge folk på klinikken.

– Blir det laga ein fest for å feire at mensen har kome, eller er det berre nokon som stikk til deg eit bind eller tampong utan å snakke så mykje meir om det? 

Ho seier måten vi blir møtt på når vi får mensen kan ha mykje å seie for kor greitt vi synest det er. Sjølv opplever ho ofte at pasientar beklagar seg når dei har mensen og ho skal gjere undersøkingar.

TRINE AARVOLD: er lege ved Sex og samfunn klinikken i Oslo. Ho seier blod frå kjeden er tabubelagt fordi det er knytta til fertilitet og seksualitet. I tillegg er det mykje nytt å forhalde seg til når ein får mensen. FOTO: Kai Myhre.

– Dei er redde for at dette er ekkelt for meg eller gir meg ekstra belasting. Eg forklarar at mensen for meg er som blod for ein kirurg som skal operere i magen. Det er heilt naturleg. 

Ein annan ting som Aarvold trekker fram, er at mensen også er knytt til det å ha sex og det å få barn, noko som kan bli overveldande å ta inn over seg.

– Sjølv om kroppen er moden nok til å få mensen, så er ein sjeldan moden nok til å forhalde seg til seksualiteten sin når ein får mensen, seier ho.

– Ein kan glede seg over at ein er komen i puberteten, men når han kjem, så kan det dukke opp mange andre ting som er knytt til seksualitet, seier Aarvold. 

– Nokon synest blod er ekkelt uansett kor det kjem frå, og då kan det kjennast ekstra vanskeleg når det kjem store mengder frå ein stad på kroppen ein kanskje ikkje har tenkt så mykje over før, anna enn at ein går på do.

? Ei god historie ?

På spørsmål om kva ein skal seie til dei som kvir seg til å få mensen eller opplever å kjenner seg ekkel fordi dei har det, kjem det klar tale frå Victoria:

Mensen er heilt normalt. Folk må berre vite at det ikkje er ekkelt, ikkje er farleg og ikkje rart. Eg har hatt mange kleine opplevingar med mensen, og veit du kva eg tenker?

«Shit happens.»

Du får ei jækla bra historie ut av det. Det er dritflautt der og då, men du kjem til å sitte å le av det om berre ei veke.

MENSEN: Tamanna Agnihotri (23), Victoria Skau (21) og Sara Høydahl (20) under innspeling av «Mensen» i juni. FOTO: NRK

? Kriblar i magen ?

Kvar veke i haust er det programleiar Tamanna Agnihotri (23) som inviterer nye, kjente folk i studio for å dele sine erfaringar med mensen. Ho gler seg til å kome i gang med sendingane og kjenner på ei blanding av kribling i magen, spenning og at det er litt skummelt.

På spørsmål om korleis det blir å snakke om mensen under heile hausten 2020, svarar ho:

– Mange trur mensen berre betyr blod, men det er ikkje sant. Det å få mensen forandrar kroppen både fysisk og psykisk. Det er viktig å snakke om desse endringane, skriv ho i ein e-post.

«Mensen» har premiere tysdag 25. august kl. 06:00 i NRK TV. Håpet er at serien skal dele ulike erfaringar og opplevingar med mensen og at det skal bli mindre kjipt å få det.

– Eg er sikker på at eg kjem til å lære mykje sjølv også. Så skal vi ha det gøy og gjere mensen mindre skummelt å snakke om.

LES MEIR FRÅ P3.NO: