Egil Olsen gir ut si fjerde soloplate ooo what happened den 20. mars. Låta «Autopilot» er ein smakebit av det vi kan sjå fram til mot våren.
– No var du på autopilot, Egil
I det kommande albumet er Olsen meir personleg og sjølvreflekterande enn tidlegare. Han tar opp sin eigen 30-årskrise, det sjølvdestruktive kunstnarlivet, mørk kjærleik og sitt ambivalente forhold til religion.
Låta «Autopilot» brukte Olsen nesten eit år på å gjere ferdig. Han bestemte seg for at han måtte lage den då han deltok i eit rølpete bryllaup. Der han vart tvungen opp på scena for å spele seint ut på kvelden.
– Det er ubehageleg nok å spele for slekt, men i tillegg var det så og seie ingen som brydde seg – bortsett frå eit par fulle tanter og ei brud som ville eg skulle spele «Boombastic» om og om igjen, fortel Oslen.
– Heilt bak i lokalet sat ein litt alkoholisert fjern slektning. Då eg var ferdig kom han bort og sa: «Dette var ingenting, Egil. No var du på autopilot.»
Egil Olsen var eigentleg heilt einig sjølv.
– Han hadde heilt rett. Eg fekk ikkje orda ut av hovudet. Det måtte sjølvsagt bli ein song av det.
(Artikkelen held fram under biletet)
Flyg gjennom natta
– I ei periode var dette alt eg ville gjere. Legge ifrå meg gitaren og sveve over skogen i mørkret. På autopilot, seier Egil Olsen.
Med litt filmtriks er det endeleg mogleg. I den nye videoen får du sjå Olsen flyge over furutoppane i natta.
– Eg har nettopp flytta inn i skogen på Nesodden, så videoen er faktisk filma i hagen og klipt saman på stovegolvet, fortel Olsen.
Han fekk god hjelp av sin barndomsven og filmtriks-ekspert Eigil Jarl Halse. Men der er ikkje alt i videoen som er sjølvlaga:
– Tekstplakaten om bruk av profesjonelle modeller på slutten av videoen er henta frå ein gamal pornofilm eg fann i VHS-samlinga mi. «Blondes Have More Cum» er den klingande tittelen. Det er som å vere 15 år igjen!