Videopremiere: Sondre Lerche

Sjå musikkvideoen til låta «Lucky Guy». Videoen som fangar portrettbildet i bevegelse.

Sondre Lerche slapp albumet Please i september 2014. No har bergensaren laga ein splitter ny video til låta «Lucky Guy» saman med ven og fotograf Marius Hauge.

Spelte til det var tomt

– Det er ei ganske heftig låt å spele om og om igjen ein heil dag, så etterpå var eg heilt tom, seier Sondre Lerche.

«Lucky Guy» er ei kjærleikslåt til noko som har vore, men ikkje er lenger. Artisten sjølv seier at mange har tolka teksten veldig forskjellig.

– Nokon har lest teksten som ironisk og syrleg, medan andre har opplevd den som urealistisk diplomatisk og nobel. For meg handlar den om å finne verdigheit i ein vanskeleg situasjon, og sakte anerkjenne ein ny verkelegheit, fortel han.

Låta er nok den mest nedstrippa og direkte songen på albumet Please. Det var også litt av grunnen til at Marius Hauge, som står for både regi og foto, ønska å lage ein video til nettopp denne songen.

– Min ven, Marius, har fotografert meg mykje både privat og som artist. Han ønska å lage ein video som fanga portrettbildet i bevegelse, seier Lerche.

(Artikkelen held fram under bildet)

Sondre Lerche har laga video til låta "Lucky Guy" frå albumet Please. (Foto: Marius Hauge)
Sondre Lerche har laga video til låta «Lucky Guy» frå albumet Please. (Foto: Marius Hauge)

Tar fotoportettet eit steg vidare

Marius Hauge ville vidareutvikle måten han tok fotoportretter på då han skulle lage musikkvideoen til «Lucky Guy». Dei hadde både avgrensa budsjett og tid. Då var det effektivt å lage videoen slik:

– Enkel lyssetting, enkle utsnitt med fokus på mennesket og stemninga. Det er gjort i svartkvit, som eg også ofte brukar når eg tar portrettbilete, fortel regissøren.

Hauge ville strippe vekk det meste av overflata for å tydeleg formidle den essensielle følelsen i songen.

– Det er ei sterk låt om å vere audmjuk for den gåva kjærleiken er, og at ein ofte ikkje veit kva ein har før det er vekke. Det kjem forhåpentlegvis godt fram i videoen, seier han.