Rives er ein smakebit av Støv sin kommande debutplate. Dei fire indierock-karane har blitt meir rufsete i stilen enn før, noko som absolutt blir gjenspeila i den nye musikkvideoen.
– Kva faen har vi skapt?!
Støv-gjengen spør seg sjølv kva dei eigentleg har laga, men understrekar at dei undrar på ein god måte.
– Då vi sendte dei merkelege ideane våre til Canada ante vi ingenting om kva vi kunne forvente. Vi sendte dei nokre bilete av hovuda våre – og ein månad seinare flyg vi opp i himmelen, morphar og blir til ein stor klump med englevingar, fortel bandmedlemane.
Støv sin klaraste tanke om videoen var at dei ville ha noko som var «LSD utan LSD».
– Vi tør ikkje tenkje på korleis regissørane har gått fram for å løyse oppgåva, vitsar dei.
(Artikkelen held fram under biletet)
Elska låta med det same
Det er den canadiske duoen Joel Burford og Cole Kushner som har laga musikkvideoen. Dei har vore i gamet ei stund, og har samarbeid med canadiske stjerner som Marc DeMarco på CV-en.
Regissørane var ikkje i tvil om at dei ville lage musikkvideoen då dei fekk høyre låta for første gong:
– Vi elska låta med det same, og spelte den om og om igjen.
Målet deira var å skape noko som fekk sjåaren til å spørje seg sjølv «Kva er det eg nettopp har sett?».
– Det trur vi absolutt er ein kjensle som vil gå igjen når folk ser videoen, seier Burford og Kushner stolt.