Videopremiere: Støv

Sjå premiera av musikkvideoen til låta «Rives» – laga med ein god dose canadisk galskap.

Rives er ein smakebit av Støv sin kommande debutplate. Dei fire indierock-karane har blitt meir rufsete i stilen enn før, noko som absolutt blir gjenspeila i den nye musikkvideoen.

– Kva faen har vi skapt?!

Støv-gjengen spør seg sjølv kva dei eigentleg har laga, men understrekar at dei undrar på ein god måte.

– Då vi sendte dei merkelege ideane våre til Canada ante vi ingenting om kva vi kunne forvente. Vi sendte dei nokre bilete av hovuda våre – og ein månad seinare flyg vi opp i himmelen, morphar og blir til ein stor klump med englevingar, fortel bandmedlemane.

Støv sin klaraste tanke om videoen var at dei ville ha noko som var «LSD utan LSD».

– Vi tør ikkje tenkje på korleis regissørane har gått fram for å løyse oppgåva, vitsar dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Støv. Frå venstre: Magnus Dahle Clausen, Jun Villanueva, Jarle Skår Nor. Robin Skog sit fremst. (Foto: Christian Hovda Husan)
Støv. Frå venstre: Magnus Dahle Clausen, Jun Christian Villanueva, Jarle Skår Nor. Robin Skog sit fremst. (Foto: Christian Hovda Husan)

Elska låta med det same

Det er den canadiske duoen Joel Burford og Cole Kushner som har laga musikkvideoen. Dei har vore i gamet ei stund, og har samarbeid med canadiske stjerner som Marc DeMarco på CV-en.

Regissørane var ikkje i tvil om at dei ville lage musikkvideoen då dei fekk høyre låta for første gong:

– Vi elska låta med det same, og spelte den om og om igjen.

Målet deira var å skape noko som fekk sjåaren til å spørje seg sjølv «Kva er det eg nettopp har sett?».

– Det trur vi absolutt er ein kjensle som vil gå igjen når folk ser videoen, seier Burford og Kushner stolt.