Videopremiere: The Megaphonic Thrift

Sjå 25 bergensarar danse hemningslaust til den nye låta «lnterlopers».

The Megaphonic Thrift slapp albumet Sun Stare Sound den 20. februar. «Interlopers» er den siste singelen frå albumet, og Bergensbandet valde å lage ein ganske utradisjonell dansevideo til låta.

Dans til musikk

– Vi har lenge leika med ideen om å lage ein dansevideo. Dei fleste vil nok kanskje ikkje sjå på vår musikk som så veldig dansbar. For vår del handlar det meir om å skape dans til musikk enn å skape musikk til dans. Vi meiner alle kan danse, seier The Megaphonic Thrift-gjengen

I videoen får ein sjå medlemmar frå blant anna Datarock, Kakkmaddafakka, Razika, Young Dreams og Hypertext, samt artistar som Miss Tati, Skatebård og Kjetil Møster. Alle dansar hemningslaust til «Interlopers» utan å ha høyrd låta før.

– Vi spurde i underkant av 3o unge personar som vi ser på som nokre av dei som bidrar mest til Bergen sitt kulturliv. Vi ba dei danse ein og ein gjennom heile låta, heilt utan restriksjonar, fortel dei.

– Vi trudde kanskje tre av fire kom til å takke nei, men nesten alle sa ja. Vi endte opp med eit fantastisk, udødelig materiale av menneske som absolutt ikkje likar å danse, men som gjorde det likevel. For oss, smilar musikarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

The Megaphonic Thrift. (Foto: Karen Sofie Sørensen)
The Megaphonic Thrift. Frå venstre: Fredrik Vogsborg, Richard Myklebust, Njål Clemetsen og Linn Frøkedal. (Foto: Karen Sofie Sørensen)

Eit par kasser øl som budsjett

Musikkvideoen er spelt inn på Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Bandets egen gitarist, Njål Leinan Clementsen, tok seg av filminga.

– Vi hadde null kroner i budsjett, så det einaste vi har brukt pengar på er nokre kasser velfortent øl til dei fantastiske dansarane våre, seier han.

Tittelen på singelen, «Interlopers», kan bety mykje forskjellig. På norsk betyr det «inntrengarar» eller «ubodne gjestar». Sjølv om alle dei dansande gjestane i videoen var inviterte, var dei også musikalske inntrengarar i universet til låta. Bandet har sjølv fleire teoriar om kva dei har skapt:

– Kanskje er dette ei barnsleg lyst til å gi fingeren til dei som seier ein en forutsigbar. Eller ein hyllest til det enorme samholdet i musikk- og kulturlivet i Bergen?