Videorama!

N.E.R.D er nesten like freaky som Of Montreal. Sjå vekas sexistiske nye musikkvideoar.

N.E.R.D er ute med ny singel,  «Hynotize U». Videoen er regissert av Paul Hunter, og speler på at Pharell for det fyrste har ei eiga evne til å å hypnotisere kvinner, og for det andre at han bur i eit veldig stort hus. Spørsmålet er om synet av ein innsåpa Pharell i dusjen er nok til å vega opp for dei tvilsame konnotasjonane som ein flokk tanketømte ungjenter i bomullsundertøy bringer med seg.

 

I Of Montreals video til  «Famine Affair», regissert av Jason Miller og Nina Barnes, er rollane snudd om. Den viser ei verd styrt av kvinner, der mannen er ein underart som ikkje er verdt meir enn sine reproduktive evner. Frontmann Kevin Barnes forklarer til Spin Magazine:

«It’s the story of a man living in a feminine empire. As a male, he is considered lower class. He is expected to abstain from any social interaction with members of the ruling class, and provide sperm for breeding rituals. Each household is provided by the State with one male, the housemale is not permitted to leave the grounds. The housemale must live in the estate he is assigned to until death or sexual impotence.»

MTV har i samarbeid med Mean Magazine lansert Supervideos, ein planlagt prosjektserie som skal bringa musikk, film og TV nærare saman. Enklare sagt: Regissørar lagar nye videoar til ny musikk. Fyrst ut er regissør David Ayer, som har fått med seg Up In The Air-skodespelarAnna Kendrick i sin film til LCD Soundsystems «Pow Pow.»

For å gå vekk frå heile dominans-greia: Kori Pop har laga ein svært søt video til «Nowhere Near My Heart». Og ho har teikna alle teikningane sjølv:

Cee-Lo Green kjem som kjent med sitt nye album The Lady Killer 9. november. Ein foreløpig video til «It’s OK» er no ute, som gjer det enkelt å synga med. Dersom du kan synga, sjølvsagt:

Diplo og Lunice sin remix av «Helicopter» av Deerhunter er herleg. Det same er videoen The KiD har laga til låta, med klipp frå filmen «Slow Moscow» av Andrey Stvolinsky.