Vil du gi pengar til P3aksjonen?

SMS, Vipps og kontonummer er blant alternativa. Full oversikt finn du her!

SMS

Som vanleg er det mogleg å bidra ved å sende oss ein SMS. Kodeord P3A til 26606.

VIPPS

Gjennom Vipps kan du enkelt velje nøyaktig kor mykje du vil gi. For å overføre til oss må du trykke på «betal», som biletet under her viser, og bruke Vipps-nummer 26606:

Og slik ser alternativa ut inne i appen:

AUKSJONAR

Eit originalmanuskript frå «SKAM», få stova di innreda av Ikea, eller skaff deg ein eksklusiv pakke til landstreffet i Stavanger. Dette er blant tinga du kan by på i våre auksjonar! Full oversikt over auksjonane våre finn du HER.

KONTONUMMER

Kontonummeret vårt er 8382.08.05200. Merk overføringa med P3 – så blir det registrert under P3aksjonen.

Dette tilsvarar 250 kroner til P3aksjonen:

1000 blyantar
80 skrivebøker
29 boksar skulekritt.
13 boksar med tavlemaling
25 Gradskriver og linjalar til bruk på tavla.
11 basketballar
3 fotballar
56 boksar med fargeblyantar
140 små tavler
8 skulesekkar