Andre rynker på nasen når desse et maten sin

Prøvd smågodt i taco? Eller karbonadedeig på brødskiva? La deg inspirere (eller provosere) av desse ville matkombinasjonane.

Enten du vrir deg i avsky av folk som et makrell i tomat rett frå boksen, eller jublar når du ser ei salamiskive oppå nugatti, kan me vere einige om éin ting: matkreativiteten blant unge i Norge kjenner ingen grenser!

Det er iallfall me i P3 rimeleg sikre på etter me etterlyste uvanlege matkombinasjonar frå følgjarane våre på Instagram. Nesten 250 kommentarar og mange meldingar seinare er konklusjonen at alle enten kjenner nokon som likar ein eller anna merkverdig matkombinasjon – eller gjer det sjølv.

Sjokolade dyppa i guacamole, egg og nugatti, grandiosa med kanel. Lista over kombinasjonane me har fått inn er lang og vakker! Eit utvalg av det raraste, finaste og mest provoserande finn du nedst i saka. ?

Me har snakka med fem unge mat-glade menneske som tør å pushe grensa for kva som er «innafor» og ikkje på matfatet. Vel du å lese vidare har me ingen garanti for at du ikkje ender opp svolten, småkvalm, provosert eller inspirert (eller alt).

?? Smågodt i tacoen ??

Ada Njerve (22) frå Asker jobbar som matkjemikar i Chicago og elskar taco med smågodt.

– Mange likar jo å ete taco med både ananas og mango, så det er ikkje SÅ sjukt å ha litt smågodt på fredagstacoen.

Kombinasjonen oppdaga ho ganske tilfeldig for eit par år tilbake, etter ho flytta til USA.

– Me var ein gjeng som skulle lage norsk fredagstaco. Vel heime frå handletur oppdaga eg at me hadde gløymd å kjøpe ananas – noko som er heilt krise, sidan det er ein viktig taco-ingrediens for meg.

Ada måtte derfor vere kreativ, sidan taco ikkje er heilt det same utan det søte innslaget.

– Eg prøvde éin tacobit med smågodt først, berre for å teste. Det var ei heilt ny oppleving!

SMÅGODT: Ada Njerve elskar å putte smågodt i tacoen. (FOTO: Privat)

No har smågodt blitt eit fast innslag i tacoen for Ada.

– Favoritten er sure føtter og bubblizz, men sidan eg bur i USA og det er lite smågodt å få tak i her, blir det som regel sour patch kids.

Ho prøver stadig å spre den glade bodskapen om smågodt-taco, men så langt er det berre éi venninne som har tort å smake:

– Ho syntest det var godt, men sa også at ho aldri kom til å spise det igjen, fortel Ada smilande, før ho legg til:

– Eg har fleire venner som fortel at når dei skal dele ein «funfact» om seg sjølv, pleier dei å seie at dei har ei venninne som et smågodt på tacoen. ?

?? Tunfisk og banan i salaten ??

Simon (23) går for den uvanlege miksen frukt og fisk.

BANAN OG FISK: Simon elskar å blande tunfisk saman med banan. (FOTO: Privat)

– Eg såg ein kar eg jobbar med blande saman most banan og tunfisk, og syntes det såg digg ut.

23-åringen bestemte seg for å prøve sjølv – og angrar ikkje.

– Kva er det ikkje å like ved det? Tunfisk er godt, banan er godt. Men det er viktig at det er tunfisk med olje, den i lake er ikkje like god saman med banan.

Simon tenkte aldri at det var ein rar kombinasjon då han testa det, men merkar at folk rundt han reagerar når han tek fram salaten sin:

– Folk seier sånn «KVA I ALLE DAGAR, det der er ein sjuk kombo, WOW», fortel han lattermildt.

??? Knekkebrød med mais og ketchup ???

– Eg hugsar romkameraten min hang seg veldig opp i at eg likar å dyppe gulrøtter i sursøt saus, fortel Malin (23).

Ho elskar saus – og aller helst saus av den sterke typen.

KREATIVT KNEKKEBRØD: Malin elskar å ete knekkebrød med mais og ketchup. (FOTO: Privat)

– Tabasco og sriracha er digg, men tacosaus og ketchup er også store favorittar.

Sistnevnte et ho gjerne på knekkebrød saman med mais.

– Det var systra mi som inspirerte meg, ho er nemleg ganske lik meg i matvanane. Når me er heime hos mamma og pappa kan me finne på å ta ut alt me liker frå kjøleskapet og teste ut nye kombinasjonar, fortel ho lattermildt.

Malin trur vegetarianer-tilværet har gjort ho meir kreativ i matvegen.

– Det går jo mykje i ost og sånt, og då er det deilig å kunne heve dei smakane bittelitt. For eksempel er eg blitt veldig glad i det britiske pålegget Marmite. Saman med egg og avokado blir det ein uslåeleg kombinasjon!

Men også sylta og fermentert mat går ned på høgkant:

– Både sylteagurk og rødbetar kan eg maule rett frå glaset. ?

?? Brødskive med rå karbonadedeig ??

Noko av det beste Henriette Simone Arheim (27) får er brødskive med rå karbonadedeig.

NESTEN SOM BIFF TARTAR: Henriette Simone Arheim (27) elskar brødskive med rå karbonadedeig. (FOTO: Privat)

– Eg blir jo nesten litt flau av å snakke om det, men det er sjukt godt: Brød, smør og karbonadedeig fint dandert, toppa med salt og pepper, rå lauk og masse sylteagurk.

Henriette fortel at denne brødskiva har fulgt ho sidan barndomen.

– Det var pappa som introduserte meg for det. Han har nemleg jobba som kokk ein gong i tida.

Mora pakka ned brøskivene saman med kjøleelement i nistepakken på barneskulen – det var jo viktig at karbonadedeigen og skiva holdt seg kald.

REAKSJONAR: Henriette har fått mange reaksjonar på sin kjærleik for rå karbonadedeig opp gjennom åra. (FOTO: Privat)

– Det var mange som la merke til nista mi, og eg blei jo litt mobba for det, fortel ho.

Det førte til at ho følte ho måtte gøyme bort den merkverdige matvanen sin. Men ein episode frå folkehøgskulen endra alt.

– Eg hadde lengta etter skive med karbonadedeig lenge, så eg gjekk på butikken og kjøpte alle ingrediensane eg trengte, og gøymde meg deretter i ein krok i kantina. Eg trudde eg hadde gøymd meg godt, men plutseleg stod alle vennene mine rundt meg og lurte på kva eg holdt på med, ler ho.

Reaksjonen frå klassekameratane blei ikkje som ho hadde forventa:

– Det var endeleg ok å ete det på folkehøgskulen. ❤️

– Men eg blir jo framleis sett på som litt galen når eg for eksempel bestiller subway med berre sylteagurk! ?

SYLTEAGURK: Henriette Simone Arheim (27) kan finne på å bestille Subway med berre sylteagurk. (FOTO: Privat)

? Ei skei med rått mjøl ?

Lovisa Petersson (20) elskar pasta og deig – og et det gjerne rått!

– Sidan eg var liten har eg alltid likt å ete det andre kanskje vil beskrive som rart. For eksempel hadde eg ein periode eg åt mykje reint smør.

Lovisa fortel at ho alltid har likt deig. Derfor blei det også naturleg å prøvesmake alle bolle-ingrediensane.

– Gjær og rått mjøl er favorittane mine, men bakepulver holder eg meg langt unna. ?

RÅ PASTA OG MJØL: Lovisa fortel at ho gjerne kan ete ei skei med rått mjøl eller knaske på litt rå pasta. (FOTO: Illustrasjon)

Sidan gjær ikkje er så bra å ete rått held ho seg stort sett unna det også, men ho tek seg ei skei med mjøl innimellom.

– Når ein et mjøl er det viktig å passe på at skeia ikkje er for full, sånn at ein ikkje får mjøl-hoste. At ein set mjølet i halsen, altså, ler Lovisa.

20-åringen er vand med at folk reagerar og får ofte spørsmålet «kva er det du et?!» når ho dreg fram ein av sine merkverdige kreasjonar, som for eksempel agurk oppå syltetøy, eller et paprika som eit eple.

Lovisa har aldri vore redd for å køyre sitt eige løp og innrømmer at ho også har prøvd å smake på både vaskepulver og såpe.

– Men berre bittelitt sånn at smaken er på tunga, altså, legg ho til.

Ein skulle kanskje trudd at livretten til ein person med så nysgjerrige smakslaukar er nokre sjuke greier, men for Lovisa er det faktisk så enkelt som pasta. Men ho knaskar riktignok ein del pasta medan ho lagar middag.

– Eg likar den knasande følelsen og smaken av mjøl!

– Generelt synst eg at alle burde prøve nye ting! Og viss ein likar å ete noko burde ein berre køyre på, sjølv om det i andre sine auge ikkje er «innafor».

Les også: