Vinn ein draumedag på Rådhusplassen!

Bruk emneknaggen #viviltilrådhusplassen og delta i konkurransen.

Lyst på ein magisk kveld med VG-lista på Rådhusplassen i juni? Og i tillegg henge med artistane backstage?

Nordens største gratiskonsert går av stabelen på Rådhusplassen 22. juni. Det blir ein heidundrande festkveld, og DU har sjansen til å vinne ein draumedag for deg og ein venn!
 

Alt du må gjere er å legge ut eit bilete eller ein video på Instagram der vi får treffe deg og den du har lyst til å ta med deg, og bruke emneknaggen #viviltilrådhusplassen.

Fristen er 8. juni, og du kan legge ut akkurat det du vil!

Har du ikkje Instagram? Send oss dit bidrag til p3konk@nrk.no.

 

Vinn du, får du og kompisen din dekka reise, opphald på hotell og ein fantastisk dag full av spennande overraskingar og kjendismøter. Ikkje gå glipp av sjansen til å oppleve sommarens aller kulaste konsert frå første rad!

#viviltilrådhusplassen

Malin og Guro vann konkurransen i fjor. Sjå reaksjonane deira då dei vart overraska av Christine Dancke og Julie Bergan: