YouTube-stjerna Nellie ville vere normal – laug om at ho hadde fått mensen

– Eg var den siste i klassen min som fekk mensen, seier Nellie Krokstad (26).

– Det var ein dag med mange følelsar, fortel youtuber Nellie Krokstad (26) og siktar til dagen ho endeleg fekk mensen.

Ho og YouTube-kollega Amalie Olsen (21) er gjester i mini-talkshowet «Mensen», eit program som skal gjere det enklare å få mensen gjennom at kjente folk deler sine erfaringar.

Sjekk ut «Mensen» med Nellie Krokstad og Amalie Olsen.

Nellie var femten år og gjekk i 10. klasse på ungdomsskulen i Gol. Saman med resten av klassen var ho på vidaregåandebesøk for å bli kjent med dei ulike linjene ho kunne søke seg til året etter.

Under den eine forelesinga begynte det å murre i magen, og Nellie gjekk på do.

Mensen hadde gjort sin entré.

– Eg blei både glad og letta, men også litt redd, for eg hadde jo sagt til folk at eg hadde fått mensen, så eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere.

Ville berre vere normal

I ein samtale over telefon utdjuper Nellie kva det var som fekk henne til å lyge på seg mensen.

– Det var mykje uro heime, og eg var eit veldig stressa barn. I tillegg hadde vi lite pengar.

– Eg ville jo berre vere mest mogleg normal, forklarar ho.

– Sånn at viss eg først skulle lyge om ting, så var det mensen, sidan ingen kunne sjekke om det var sant eller ikkje.

FØLTE SEG UNORMAL: Nellie Krokstad var 15 år og sist av alle i klassten til å få mensen. FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK

– Eg var den siste i klassen min som fekk mensen og det var mange venninner av meg som slapp unna gymmen på grunn av det. Dei verka så vaksne, forklarar ho.

I tillegg flytta Nellie på denne tida til ein fosterheim, noko som også var sårt for henne.

Ba til gud

– Det var så etterlengta å få mensen, seier Jenny Skavlan (34) som også har vore gjest i «Mensen» saman med Tinashe Williamson (35).

Skavlan hadde blitt fjorten år, og hadde framleis ikkje fått mensen. Dei venninnene som fekk han då dei var tolv år hadde snakka om det i årevis.

– Eg drog lygetrikset lenge, konstaterer ho.

I starten stemte Jenny i då venninnene klaga over kor slitsamt det var å ha mensen, blø masse og byte bind.

Men lyginga tok på, ikkje hadde ho nok kunnskap om kor ofte og kor mykje ein blødde heller.

Til slutt sa ho ikkje noko då dei andre snakka om mensen.

LENGTA: Jenny Skavlan fortalde at ho venta kjempelenge på at mensen skulle kome. FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK

I rein desperasjon bad ho til høgre makter om å gripe inn.

– Eg sa til Gud: «Viss ikkje du gir meg mensen, så kjem eg til å skjere meg opp.»

– Det skulle blø! fortel Jenny Skavlan med skrekkblanda fryd.

Ho ler av det no, men den gongen var det heilt forferdeleg ikkje å vere ei av dei som hadde fått menstruasjon.

Kva er normalt?

– Eg tenker at det handlar om at vi er litt flokkdyr. Vi har ikkje lyst til å skilje oss ut, vi har liksom lyst til å passe inn og vere som alle andre.

Tilde Broch Østborg er spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar og overlege på kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus.

OVERLEGE: Tilde Broch Østborg er overlege på kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus og seier at dei aller, aller fleste får mensen før eller sidan. FOTO: Eva Rose.

Ho fortel at det er store variasjonar i alder når folk får mensen. Alt mellom ti og seksten år er heilt normalt.

– Gjennomsnittet for Skandinaviske land ligg på om lag tolv år, seier ho over telefon.

– Får ein menstruasjon før ein er fylt ti år, reknar vi det som for tidleg mensen, og viss ein framleis ikkje har fått det når ein har passert seksten år, så kan vi begynne å tenke på korfor, seier Tilde Broch Østborg.

Ho legg til at ein av grunnane til at nokre får mensen seint, kan vere at ein er veldig slank, trener mykje eller har ein spiseforstyrring.

Når det gjeld for tidleg mens, er det ikkje alltid lett å finne årsaka til det.

– I enkelte tilfelle kan det vere behov for å utsetje utviklinga av puberteten med hormonblokkerande medisin, seier ho.

Gjennomsnittet går ned

Grunnen til at nokre får mensen tidleg og nokre seint er, som det meste i livet, samansett.

Etnisitet, arv og kva type mat ein et kan spele inn. I Skandinavia har vi god tilgang på næringsrik mat og blir tidlegare ferdig utvikla.

Difor har gjennomsnittet for når jenter får mensen falle jamnt og trutt dei siste hundre åra.

Debutalder for mensen har falle ned til 12-årsalderen. Tidlegare var alder for mensen 1416 år, og det er ganske stor forskjell på ein 12-åring og ein 16-åring i modning og korleis ein møter mensen.

Brunt blod

Som overlege på kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus jobbar Tilde Broch Østborg tett på kvinnehelse.

I ein kronikk i Tidsskriftet for Den norkse legeforening skriv ho at ho trudde ho skulle døy då ho fekk mensen for første gong. Ho var 10 år og hadde fått beskjed om at ho åt alt for mykje salt.

Då blodet i trusa var eit faktum, tenkte ho det var nyresvikt. Først ein halvtime seinare skjønte ho at det måtte vere mensen og ikkje døden.

Likevel sa ho ingenting til familien sin før det hadde gått ei veke.

Mangel på informasjon om mensen gjer at ein kan bli usikker på kva som er normalt og ikkje.  

– Ofte er brun utflod eller blod i trusa typiske teikn på at menstruasjonen er komen, seier Tilde Broch Østborg.

Kanskje litt uventa farge for mange, men heilt vanleg og ufarleg, forsikrar ho.

– Veldig mange har også uregelmessig mens dei første åra etter at dei får han, enkelte får først éin menstruasjon, og så blir han borte i månadsvis før han kjem igjen.

Ho forklarar at kroppen gjerne har ein innkøyringsfase som kan gå over nokre år før mensen legg seg i ein syklus som vanlegvis varar mellom 21 og 35 dagar. 

Kor mykje er å blø for mykje?

Det betyr ikkje at ein blør gjennom heile syklusen. Det normale er å blø mellom to og sju dagar, så det er store variasjonar i kor mykje folk blør.

– Må ein bruke nattbind om dagen eller dobbelbeskyttelse i form av tampong og bind og skifte meir enn annankvar time, så blør ein for mykje. Eller om ein blør gjennom på natta eller gjennom klede trass beskyttelse, forklarar Tilde Broch Østborg.

Den mest vanlege måten å redusere kraftige blødningar på, er å tilby p-pille, noko som funkar bra for mange.

Eit litt mindre kjent, men trygt alternativ, er medikamentet Cyklokapron eller traneksamsyre.

Det blir berre brukt under menstruasjonen og kan redusere blødningar med 50 % og gir ingen hormonelle bivirkningar som ein del kan vere plaga med i p-piller, seier ho.

Storesøster

GÅVE: Nellie Krokstad og Amalie Olsen med kvar sin putekjæraste som dei fekk i gåve då dei var på besøk i «Mensen». Nellie fekk artist Post Malone og Amalie fekk skiløper Johannes Klæbo. FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK

– Eg misunner dei som har eldre søsken som dei kan gå til, spesielt jenter, då, med mensen og alt som kjem.

Nellie Krokstad prøver å forklare kva ho kunne ha trengt då ho var tenåring og fekk mensen for første gong.

– Det å ha eit tett forhold til ei dame som har gått gjennom det same.

Eg følte meg veldig aleine og kunne trengt ein vaksen person å snakke med.

I dag har ho ein YouTube-kanal med over 90.000 abonnentar. Ho snakkar mykje med dei som følgjer henne og brukar gjerne litt ekstra tid på dei som er fosterbarn. 

– Eg prøver å ta på meg nettopp den rolla som storesøster eg kunne trengt sjølv, forklarar ho.

– Eg skulle berre ønskt at eg hadde hatt den chille haldninga som eg har no, om at ting kjem når dei kjem.

Nellie Krokstad og Amalie Olsen er gjester i «Mensen» i nrk tv. I heile haust inviterer programleiar Tamanna Agnihotri kjente folk i studio som deler sine erfaringar med mensen, slik at det skal bli enklare å få menstruasjon. Ny episode kvar tysdag.