PÅ NETFLIX: «Twilight of the Gods» er ein grov og blodig hemnsaga med røtene godt planta i den norrøne folketrua.

ANMELDELSE: Den ville roboten – Maleriske kvaliteter

Tor med hamaren er her ein stormannsgalen og brutal gud med mange fiendar, og vi følger ein hemntørstig bande, leia av halvkjempa Sigrid, i jakta på Odin sin lynsinte son.

VILL VALD: Kampscenene er ein av dei store attraksjonane i «Twilight of the Gods». FOTO: Netflix

Valds-estetikaren Zack Snyder («300», «Justice League») er både regissør og medserieskapar. Han sørger for ein animert råskap kor stiliserte slagsmål og brutale detaljar flerrar over Netflix-skjermen. Og stemmeskodespelarane, som inkluderer eit skandinavisk stjernelag med Kristofer Hivju, Pilou Asbæk, Peter Stormare og Thea Sofie Loch Næss, gir røff personlegdom til både hemnarar og gudar.

ANMELDELSE: The Penguin – Gangstergodbit fra Gotham

Den ytre handlinga er meir tradisjonell med si eventyrbaserte antihelthistorie. I ei tid kor drøssevis av filmar og seriar stadig vrir og vender på etablerte førestillingar om velkjente heltar og skurkar, så blir det noko litt traust og føreseieleg over dette forsøket på å bore i karakteren til dei norrøne gudane.

Loke mot Tor – bror mot bror

I jakta på halvbroren Loke (Paterson Joseph), smadrar den blodtørstige guden Tor (Pilou Asbæk) eit bryllaup i riket til kjempene.

Bruda Sigrid (Sylvia Hoeks) overlever, og sver hemn over toreguden. Med hjelp frå vikingkongen Leif (Stuart Martin), og ein gjeng bitre og bistre slåstkjemper, set ho ut på jakt.

JAKTAR EIN GUD: Andvari (Kristofer Hivju), Hervor (Birgitte Hjort Sørensen), Ulfr (Peter Stormare), Seid-Kona (Jamie Clayton), Sigrid (Sylvia Hoeks) og Thyra (Thea Sofie Loch Næss) utfordrar sjølvaste toreguden i «Twilight of the Gods». FOTO: Netflix

Bak det heile skimtar vi Loke, guden for ugagn. Han har nemleg heilt spesielle grunnar for å øydelegge for Tor og dei mektige herskarane i Åsgård.

ANMELDELSE: The Boys S01 – Mørkt, brutalt og kjempegøy!

Med superkrefter, eit ukontrollert ego og gigantiske blindflekker, får Tor med hamaren litt «Homelander»-behandling i «Twilight of the Gods».

Homelander, frå serien «The Boys», er alfa-superhelten som i kraft av sin plass øvst på valdspyramiden blir ein maktmisbrukande tyrann – med eit sjølvbilde og ein forgylt fasade som ikkje stemmer overeins med hans brutale impulsar.

BRUTAL TOREGUD: Tor med hamaren (Pilou Asbæk) er her ein stormannsgalen og brutal gud. FOTO: Netflix

Tor har her ei liknande framferd, men «Twilight of the Gods» er ikkje nysgjerrig eller original nok til at det fresar særleg friskt av dei satiriske elementa.

Raus med raudfargen

Det skortar ikkje på action i den norrøne folketrua, og det veit «Twilight of the Gods» å utnytte.

Sjølv om manuset ikkje smell i sikringsboksen med kreativ skaparkraft, så dundrar serien på med vittige og visuelt slåande slagsmål på skjermen.

Zack Snyder og animatørane er gjennomgåande raus med raudfargen. Blodet renn, tyt og spruter i tjukke straumar, og gjennom saktefilm og uttrykksfulle nærbilde dyrkar serien ein kunstnarisk teikneserievald som både underheld og etterlet inntrykk.

IKKJE BLYG: «Twilight of the Gods» held ikkje tilbake i skildringa av sex og vald. Her koser Sigrid (Sylvia Hoeks) og Leif (Stuart Martin) seg framfor elden. FOTO: Netflix

Det er i dette grove toneleiet serien finn sin råskap og eigenart. Eit drygt stillandskap som malast ut med usjenerte sexskildringar, snert i replikken og mykje mørk humor.

Resultatet er ei saftig og frilynt eventyrverd med naturleg plass til drakar, magi, mjød, sverdkamp og draumen om Valhall.

Det humørfylte stemmeskodespelet, som er rikt på aksentar, gir serien ein kledeleg skandinavisk klang, noko som kling godt når æser, jotnar, vanar, vikingar og valkyrjer skal ut å kjempe om merksemda på den internasjonale Netflix-slagmarka.

«Twilight of the Gods» er ute på Netflix frå 19. september.

Om SERIEN

Twilight of the Gods
  • Twilight of the Gods
  • Slippdato: 19.09.2024
  • Sesong: 1
  • Regi: Zack Snyder
  • Utgiver: Netflix
  • Serieskaper: Zack Snyder, Jay Oliva og Eric Carrasco
  • Aldersgrense: 16 år
  • Sjanger: Action, Animert, Eventyr, Komedie, TV-Serie