OnklP er aktuell med ei kritikerrost plate med OnklP & De Fjerne Slektningene, og har allereie lagt bak seg ei lang karriere. Han svarar på 10 kjappe spørsmål hos Ruben!
Sjå OnklP gi deg ein versjon av Admiral P sin «Skakke Gi Opp» saman med Jaa9 og Oslo Ess øvst i saka. Det skjedde då heile gjengen besøkte Christine i fjor haust.
Kva er ditt første musikalske minne?
– Det kan ha vore Billy Joel. Eg veit ikkje, noko mor og far spelte i bilen. Mor var hekta på Elton John, far var hekta på Billy Joel.
Korleis oppdaga du at du kunne rappa?
– Eg veit ikkje eigentleg, det berre klikka på eit tidspunkt. Då eg skjønte at trikset var å gjera det på norsk. Det skjedde omtrent då dei første norske, Uro MCs, Klovner i Kamp og slikt kom ut.
Kva er den aller første sangen du hugsar at du diggar?
– Det må vera Michael Jackson eller noko slikt. «Bad». Eg prøvde meg på nokre moves, å kasta meg på knærne og slikt. Nesten som MJ.
Då OnklP var på besøk hos Christine i haust saman med Jaa9 og Oslo Ess, vart gjestene utfordra i aktteikning. Sjå korleis det gjekk!
Korleis skjønte du at du skulle bli musikar?
– Eg har alltid hatt det i meg, inni meg ein stad. Eg har prøvd alle moglege instrument og alle former for å laga musikk heile barndommen. Det var eigentleg først med rappen at det fekk ein form.
Eg trur eg berre er fødd musikar, om eg får lov til å kalla meg sjølv det.
Vil du høyra heile sendinga til Ruben, der OnklP var gjest? Det kan du gjera i nettradioen!
Kvifor byrja du å laga den musikken du lagar?
– Det er akkurat det – eg veit endå ikkje heilt sjølv kva musikk eg lagar. Det er alltid i endring. Eg rappar, det er våpenet eg er utstyrt med. Det held eg meg til, og vil alltid halda meg innafor formatet mitt.
Kva låt har vore viktigast for din eigen musikk?
– Alle låtene på Snoop sin Doggystyle, kvar einaste ein. Det trur eg er utgangspunktet til meg og veldig mange i min generasjon. Både i og utanfor rap.
«Gz and Hustlas», når klokkespelet startar og trommene byrjar – frå det første sekundet eg høyrde det var det over. Generelt ferdig snakka.
Når dansar du?
– Det er svæært sjeldan. Eg prøver å sei at eg aldri gjer det, men eg har nokre moves når eg blir tilstrekkeleg full.
Når høyrer du ikkje på musikk?
– Det går stort sett i musikk heile tida, men eg er ikkje han fyren som spelar på full guffe når eg vaknar, ikkje no lenger.
Kva sjanger høyrer du på i dag som du ikkje høyrde på for ti år sidan?
– Eg har alltid prøvd å høyra på alt mogleg, og å vera litt altetande. Men eg har blitt introdusert for ein del obskur rock og slikt. Men eg høyrer eigentleg mindre på til dømes R n’ B no enn før.
Kva er tidenes beste låt?
– Ååå.
Eg tykkjer me skal gå tilbake til Doggystyle, og «Gz and Hustlas». Heile skiva er fantastisk, og akkurat den er den tøffaste låta på den tøffaste skiva i verda. Den tek meg tilbake til då eg var ung og endå dummare enn no. Det er litt vanskeleg å setta ord på den sangen – det er eit soundtrack du bør ha i hovudet uansett kva du gjer.
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=qXNsINpnqSA&w=741&h=421]