nrk.no
FANTASYKJÆR: Aurora Martine Waaktaar seier fantasy er nært og kjært for ho, medan kjærasten hennar Håvar Skancke fortel at han ber nerdetittelen med stoltheit. Foto: Anette Sivertstøl.

Aurora (22) og Håvar (26) har laga eigne fantasyspråk

Er du ein stor nok fantasynerd kan du fort ende opp med å lage ditt eige språk. Det har dette kjærasteparet gjort.

Du har kanskje ikkje høyrt om conlanging før, men du har definitivt høyrt om fantasispråka Elvish («Ringenes Herre»), Parseltongue («Harry Potter») og Dothraki («Game of Thrones»).

Dette er såkalla «Constructed Languages», også kalla conlang.

Slike sjølvlaga språk finn ein i nesten all fantasy og sci-fi, og det har også inspirert ein Tromsø-gjeng til å lage sine eigne språk.

Krydder i spelinga

På ei kald desembernatt i 2019 sat Håvar Skancke Karlsen (26) på jobb og kjeda seg. Han jobbar deltid som hotellresepsjonist, og på nattevakta var det lite som skjedde. Så han sysla heller med hobbyen sin.

Han hadde allereie begynt forarbeidet til ein større kampanje som «Dungeon Master» i «Dungeons & Dragons», også forkorta D&D.

D&D er eit rollespel som er sett i ei fantasyverd med magi og monster, og det er eit bordspel der ein fysisk møtast for å spele. Spelet er organisert slik at ein «Dungeon Master» har laga eit eige univers og eventyr, og spelarane står fritt til å seie kva deira rollefigur gjer i spelet. Med eit sett med reglar kan «Dungeon Masteren» seie om det let seg gjere eller ikkje.

Ein ser skyggane av ein mann med briller, og ved han står det to hyller fylt med miniatyrfigurar.
MINIATYRAR: Håvar har hyllene fulle av miniatyrfigurar som han har måla og som han brukar i D&D-spelinga. Foto: Anette Sivertstøl

Ei speleøkt, også beskriven som ein kampanje, kan ofte gå over fleire månadar.

– Eg hadde tiltenkt ein antagonist (motstander jour.amn) som eg skulle introdusere. Eg begynte å tenke på samfunnet deira, og så tenkte eg: «korleis ville dei ha kommunisert med kvarandre?», fortel Håvar før han fortset:

– Språket hadde ikkje nokon tittel på det tidspunktet, og eg kalla det berre for «Goblin-language». Og så pløygde eg på med enkle omgrep, og så følgde eg på med nokre adjektiv, og så laga eg eit lett verbsystem.

Som eit ekstra krydder ønskte Håvar å lage eit språk som kunne nyttast i D&D-spelinga.

Han studerer russisk ved Universitetet i Tromsø (UiT), og han fekk etter kvart nyss om at den eine professoren hans skulle halde eit fag i «Constructed Languages».

– Eg tenkte: «oi! Det er jo faktisk det eg driv med akkurat no, og eg kan få studiepoeng for det. Det er jo dritbra. Lets go!» Vipps, så sat eg i eit klasserom, og eit par månadar seinare hadde eg eit språk rett framfor meg.

Fantasy inn med morsmjølka

Håvar har blitt fostra opp på store mengder fantasy og sci-fi. Då han var tre år brukte mora hans å lese «Hobbiten» for han og broren før leggetid.

– Eg fekk det inn med morsmjølka, og eg har vakse opp på Tolkien. Interessa mi for fantasy starta i veldig ung alder, og så har det berre aldri slutta.

Leilegheita hans er fylt med miniatyrfigurar som Håvar har måla og som blir brukt i D&D. Det er drakar, orkar og goblins overalt, og målinga står pent oppstilt ved gamingtastaturet.

I tillegg til figurane som er stilt ut, har han også ein koffert full av D&D-tilbehøyr som han, kjærasten hans og D&D-vennane har laga.

Håvar bur saman med kjærasten Aurora Martine Waaktaar (22), som heller ikkje er framand for å lage eigne språk.

Ho har alltid vore glad i å illustrere karakterane ho har spelt i D&D for å gjere dei meir levande. Med eit språk kunne ho også gjere karakterane meir verkelege med å gi dei ei stemme.

– No kjem eg til å høyrast ut som den største nerden, flirer Aurora, før ho begynner å forklare korleis språkreisa hennar starta.

– Det begynte med at eg laga ein karakter som heiter Xiomara, som er ein D&D-karakter. Ho er ein lilla tiefling. Ein tiefling er ein djevelliknande fantasy-rase.

Ein ser bakhovudet til ei jente med svart hår. Ho sitt i ein sofakrok og teikner ein illustrasjon av ein tiefling. Ein ser ned på skjermen der ho teikner denne skapningen.
KUNST i SOFAKROKEN: Aurora brukar som regel å sitte i sofakroken når ho illustrerer D&D-karakterane sine. Foto: Anette Sivertstøl.

Aurora enda også opp med å ta conlang-faget.

– Då bestemte eg meg for å lage ein heilt ny nasjon for denne sivilisasjon av tieflings.

Sidan kultur og språk heng saman, er det også viktig å dikte opp ein eigen kultur når ein skal danne eit eige språk.

– Hovudintensjonen min var å vise kulturen deira gjennom språket, forklarar Aurora, som studerer engelsk språk og litteratur.

Bokhyllene til Håvar og Aurora er fylte til randen med kjente fantasy- og sci-fi-forfattarar som J. R. R. Tolkien, Frank Herbert og Neil Gaiman. Sjølv om dei har kvar si bokhylle, er Aurora rask med å påpeike at det eigentleg er ho som eig dei fleste bøkene.

Nerdegreier

Håvar si interesse for fantasy har heilt klart påverka korleis han laga språket sitt. Språket til Håvar heiter «Tekal». Det blir snakka i hans fantasiverden Dorumos, som også er universet for D&D-kampanjen hans.

Dorumos har han hovudsakeleg basert på gresk mytologi.

– Språket blir snakka av goblins, som er ein slavehær, og så har du dei som gir dei ordrar som også brukar dette språket når dei snakkar til goblinane. Tankegangen min her var at denne antagonisten er eit særs krigersk folk. Slagmarker er høglydte fordi du har element som hestar som galopperer og lyden av stål mot stål, forklarar Håvar engasjert om språket sitt.

Ettersom Håvar sin verd er lagt til ei gamaldags fantasysetting, tenkte han at folket hans skulle kunne gi ordrar og kommandoar over desse lydane.

Det er ei glasshylle som er fylt med små miniatyrfigurar som skal førestille alvar, orcer, drager og goblins. Figurane er mala i fargerike fargar.
MÅLEINTERESSE: Håvar har både hyller og ein koffert full av figurar som han har måla. Foto: Anette Sivertstøl.

– Kva sa dei andre spelarane i D&D til deg då du sa du hadde laga ditt eige språk?

– «Sjølvsagt gjer du det, Håvar», seier han etterfølgt av latter.

– Eg har alltid vore tilbøyeleg for denne type nerdegreier. Eg hadde aldri trudd i mine villaste drøymer at eg skulle lage mitt eige språk.

Ei kvinne med mørkt hår og ein mann med lite hår og briller sitt ved eit bord. Jenta ser bort på mannen medan han stirrar ned på bordet der det ligg miniatyrfigurer og D&D-spesialterningar.
D&D-SPRÅK: Aurora og Håvar diggar D&D så mykje at dei skal bruke språka sine i spelinga. Foto: Anette Sivertstøl.

Utvikla ein ny religion

Når det kjem til lydane i språket til Aurora, som heiter «Dzjaemethi», har ho henta inspirasjon frå både spansk og italiensk.

– Mykje av intensjonen bak språket mitt er at det skal høyrast pent ut. Eg vil at språket skal kunne høyrast fint ut viss ein brukar det i poesi. Eg ønskte at det skulle vere melodisk.

For å vekke språket til live har Aurora illustrert både folket som snakkar det og gudane som desse tieflingane trur på. For ja, ho har også utvikla ein heilt ny religion som er sentral i korleis språket hennar er bygd opp.

– Eg tok inspirasjon frå den spanske inkvisisjonen som hende mot slutten av mellomalderen og av Amarna-perioden i Egypt.

Det er ei periode av Egypts historie då ein farao tvang ei polyteistisk befolkning, altså eit folk som trur på fleire guddommer, til å tru på ein religion med kun ein guddom.

– Dette er ikkje eit folk som berre trur, men dette er ekstremistar. Religionen er deira måte å forstå verda på, fortel ho.

Aurora er ein stor fantasy-entusiast, men ho ser ein større verdi ved desse sjangrane enn berre underhaldning.

Ein illustrasjon av ein lilla tiefling, som er ein djevelliknandes skapning. Tieflingen sitt i ein grøn skog og ser opp mot det som skal førestille lysstrålar.
ILLUSTRASJONAR: Aurora har teikna mange illustrasjonar av karakteren sin Xiomara. Illustrasjon: Aurora Martine Waaktaar.

– Desse sjangrane er eit godt middel for å reflektere over ting i den verkelege verda. Sjølv om det er fantasi, så er det mykje som kan lesast som direkte kritikk av verkelege fenomen. Det har eg hatt i tankane mine når det kjem til utviklinga av språket mitt, altså at det eg laga kan lesast som ein metafor for verkelege fenomen. For meg så er det ein kritikk mot ekstrem tru og kor skadeleg det kan vere, fortel ho.

Språket til Aurora har allereie så smått blitt brukt i D&D-spelet som venninna hennar er «Dungeon Master» i.

– Ho har vist stor interesse for språket mitt og har lyst til å bruke det i spelekontekst, seier ho entusiastisk.

data-nrk-aspect=»1:1″»>

60.000 medlemmar

Våren 2021 var første gongen conlang-faget blei tilbydd ved UiT, og professoren bak faget, Laura Janda, opplyser at elleve studentar tok eksamen.

– Emnet produserte elleve språk våren 2021, men det er titusenvis av konstruerte språk i verda. Det er ei reddit-side for conlangs som har over 60.000 medlemmar, fortel Janda.

Når ho skal forklare kor vanskeleg det er å lage sitt eige språk, påpeiker ho at det kjem an på kor ambisiøs ein er og kva ein meiner med å vere ferdig med eit språk.

– Ein må setje saman mange forskjellige ting som for eksempel lydsystem, ordforråd, bøyingsmønster, pronomen, talord, setningsstruktur. For nokre er det ei kortvarig sak, andre får glede av å pusle med sine konstruerte språk i årevis.

Faget inngår no som eit valfritt emne i ein bachelorgrad i språk ved UiT.

Steinsirklar og åndefolk

Ein annan medstudent av Håvar og Aurora, Linn Thea Josefsen (25), omtalar seg også som ein fantasynerd.

Likevel gjekk ho inn i conlang-faget mest for å utfordre seg sjølv fagleg ved å inkludere vanskelege element frå språkvitenskapen. Linn Thea studerer russisk og beskriv seg sjølv som over gjennomsnittet glad i språk.

– Eg ville lage noko nytt og rart. For å ha noko å bygge på fann eg opp eit åndefolk, fortel ho.

Universet som språket hennar er i, er forma rundt ein faktisk plass i Russland.

For nokre år sidan var ho på sommarskule i Arkhangels-regionen. Der er det ei øygruppe som heiter Solovki-øyene og som har ei dyster historie med arbeidsleirar.

Ei kvinne med kort mørkeblondt hår smiler forsiktig inn i kameraet. Ho har mørkebrune auger og har på seg ein grå strikkagenser. Ho står på eit bibliotek og du ser så vidt nokre bokhyller i bakgrunnen.
CONLANG-ARKIV: – Eg jobbar med å sende inn skildringa av språket mitt til Fiat Lingua, som er eit slags arkiv med conlang-artiklar som blir drive av «Language Creation Society». Dei tek imot artiklar til vurdering og eventuelt publisering, seier Linn Thea. Foto: Anette Sivertstøl.

– Det som eg blei veldig fascinert av, var at det er nokre steinsirklar der som ein ikkje er sikker på kva har blitt brukt til. Så då tenkte eg: «Okei, men no lagar eg ei forklaring på desse steinsirklane.»

Linn Thea begynte difor å dikte opp ei historie om eit åndefolk som brukar steinsirklane til å fange månelys fordi det er det åndefolket lever av.

Vidare laga ho ei forteljing om ein folklorist som på 1930-talet blei sendt på arbeidsleir til Solovki-øyene og som rømte og oppheldt seg med desse åndefolka.

– Det er liksom han som har teikna ned språket.

Kjente conlang-språk

  • Elvish (Ringenes Herre)
  • Klingon (Star Trek)
  • Dothraki (Game of Thrones)
  • High Valyrian (Game of Thrones)
  • Cityspeak (Blade Runner)
  • Na’vi (Avatar)
  • Huttese (Star Wars)
  • Newspeak (Språket i boka 1984)

Vislete lyd

Språket til Linn Thea heiter «i: an:ia ve’a:hfeohon:esŧ: ve’a:s:emaŧeđeŧ:he-a:ŋoi’efu ef a:sma’eŧ:he», men kan forkortast til «ef a:sma’eŧ:he».

Korleis språket skulle høyrast ut, var noko av det første ho tok fatt i.

– Eg hadde ein sterk tanke om korleis eg ville at det skulle høyrast ut. Fordi dette skulle vere ein type åndefolk, så ønskte eg at det skulle høyrast vislete ut. Dermed har eg eit veldig utypisk sett med lydar.

Linn Thea tenker å bruke språket sitt mest for eiga glede. Ho er også ein aktiv D&D-spelar, men på spørsmål om ho også kunne tenkt seg å bruke språket i spelinga, har ho eit klart svar:

– Nei. Slett ikkje.

LES MEIR FRÅ P3. NO: