nrk.no

Derfor faker dei orgasme

«Silje» og «Nadia» faker orgasme. Det er dei ikkje åleine om å gjere.

Å få orgasme åleine er ikkje noko problem for «Silje» (26), men idet ho har sex med andre, er det nesten som om det kjem opp ei sperre. Ho har aldri greidd å kome med ein partnar.

Då er det enklare å fake ein orgasme enn å ta den ubehagelege samtalen om kvifor ho ikkje kom.

– Mange gongar møter eg nokon som er veldig ivrig på at eg skal kome. Om eg då veit at eg ikkje kjem til å kome, hender det at eg faker orgasme. Det er mest for å gjere den eg ligg med, komfortabel og nøgd, og nokre gongar for å få fred og for at sexen skal bli ferdig, fortel Silje.

Ho er ein av mange unge som faker orgasme.

Ei fersk NRK-undersøking med 1000 deltakarar, kjem det fram at dei under 30 år later som om dei får orgasme oftare enn dei som er eldre.

I undersøkinga svarer fem prosent av dei mellom 20 til 29 år at dei ofte faker orgasme, medan to prosent i aldersgruppa alltid gjer det. Undersøkinga viser også at dei i tjueåra får sjeldnare orgasme når dei har sex med andre samanlikna med dei over 30 år.

Blir irritert på seg sjølv

Fordi faking av orgasme er eit sensitivt tema, ønsker Silje å vere anonym, og hennar ekte namn er bytt ut.

Silje hadde sex med ein partnar for første gong då ho var 22 år. Det var «eit dårleg one night stand», og Silje såg ikkje annan utveg enn å fake orgasme for å få heile seansen til å gå over. Det einaste ho ønskte seg var, at han skulle bli ferdig.

– Eg tenkte ikkje så mykje anna den gongen. Det var berre ein situasjon eg ville ut av, men eg trudde det var eit unntakstilfelle, fortel 26-åringen.

Illustrasjon av jente som ligg med hovudet på puta og holder armene over hovudet. Bakgrunnen er mørkelilla medan hårfargen er i lyslilla farger.
ENKLARE: For Silje kan det vere enklare å fake orgasme enn å måtte ta ein ubehageleg samtale.

Men sidan den gongen har Silje faka orgasme med fleire og har aldri klart å kome med nokon. Ho har heller aldri vore i eit fast forhold, men har hatt ein god del «one og two night stands».

– Kanskje eg hadde klart å kome om eg hadde vore i eit fast forhold med nokon eg stolte på.

Sjølv om Silje later som om ho får orgasme med enkelte av dei ho ligg med, blir ho irritert på seg sjølv.

– Det er mest flautt. Eg synest at ein ikkje skal gjere det. Dei gongane eg har faka orgasme tenker eg ofte «Søren, kvifor gjorde eg det? Eg klarer ikkje å lære opp nokon i kva eg liker ved å fake orgasme.» Eg burde vere ærleg, men det er meir behageleg å snike seg unna, seier Silje og sukkar.

I undersøkinga fekk NRK inn 90 svar på kvifor nordmenn i alle aldrar har faka orgasme. At sexen skal bli fort ferdig er den grunnen som hyppigast blir nemnt. Undersøkinga viser likevel at det er stor variasjon i årsaker til at nokon vel å fake orgasme:

«Følte det var forventet at jenter skal få orgasme»

«Noen ganger fordi jeg var lei, og ville få ham «i mål»»

«For at partneren skal føle seg bedre»

«For å late som at alt var bra»

«Ønsker ikke å skuffe partneren min» 

«Turte ikke si ifra når jeg kjente at det ikke kom til å skje/ikke var så godt. Så istedenfor å være ærlig så faket jeg, så det ikke skulle bli dårlig stemning» 

– Du frårøver deg ei god sexoppleving

Tone Roaldsøy Haldorsen er sexolog og driv mellom anna med seksualundervisning for heile grunnskulen.

Ho blir lei seg når ho høyrer kor utbreitt faking av orgasme er.

Bille av sexolog Tone Roaldsøy Haldorsen, ho ser inn i kamera og smiler med lukket munn. Ho har langt mørkeblondt hår og blå auger.
ORGASMEGAPET: Sexolog Tone Roaldsøy Haldorsen meiner vi kan tette orgasmegapet ved å auke kunnskapen om klitoris. Foto: Privat.

– Unge jenter snakkar om faking av orgasme som om det er vanlegare enn å oppleve faktisk orgasme. Om du faker orgasme, gjer du deg sjølv vondt fordi du frårøver deg ei god sexoppleving, samtidig som du lønner ein partnar som trur han har gjort noko bra, fortel Haldorsen.

Når ho besøker skuleklasser på vidaregåande og spør jenter om kvifor dei faker orgasme, er det spesielt to svar som ofte går igjen: Mange later som om dei får orgasme for ikkje såre sexpartnaren sin, og mange faker fordi dei vil bli fort ferdige med sex som ikkje kjennest bra ut. 

Haldorsen påpeiker likevel at biletet er komplekst.

– Det er vanleg å sjå på porno frå veldig ung alder av. Der lærer ungdomane at kvinna får høglydt orgasme berre av at mannen gnir seg opptil ho. 90 prosent av pornoskodespelarane faker, men det veit ikkje ungdommane. Sanninga er også at dårleg seksualundervisning gjer at unge jenter ikkje kjenner sin eigen kropp eller ikkje veit kva klitoris er for noko.

Lagar lydar for god stemning

Silje har sex med både kvinner og menn, men faker mest med menn. Tidlegare undersøkingar har vist at kvinner som har sex med andre kvinner, har større sjanse for å oppleve orgasme enn heterofile kvinner.

– Det hender at eg ligg med jenter som ikkje kjem, men når eg ligg med menn, kjem dei alltid. Det er alltid litt større press på å kome med menn, seier Silje.

Illustrasjon av ein mørkerosa munn som er open og kvite tenner visast. Bakgrunnen er lyserosa.
PORNOLYDAR: I porno ser ein ofte at kvinner får høglydt orgasme når mannen penetrerer.

Ofte lagar Silje ekstra lydar for å skape god stemning og for at partnarar av begge kjønn skal føle seg bra.

– Porno har lagt forventningar til korleis du skal høyrast ut. Eg er eigentleg ganske stille når eg koser meg. Det kan gjere at enkelte blir utilpasse, og då spør dei meg ofte om eg har det bra. Så då lagar eg lydar for å demonstrere at eg har det bra, fortel ho.

For Silje legg det ein dempar på sexen at ho lagar lydar for stemninga si skuld.

– Eg flytter fokuset mitt over på korleis eg står fram, eller skodespelet, heller enn innover på meg og korleis eg har det. Viss eg skulle ha fått orgasme, burde fokuset vere på meg sjølv.

Klitoris er nøkkelen

Haldorsen meiner at seksualundervisninga treng ei endring for å tette orgasmegapet. Orgasmegapet er gapet mellom kor ofte menn får orgasme i forhold til kvinner.

I NRK-undersøkinga kjem det fram at 55 prosent av alle menn får orgasme kvar gong, medan talet er 20 prosent for kvinner. For at kvinner skal sleppe å fake orgasme med ein sexpartnar, må ein auke kunnskapen om klitoris, meiner Haldorsen.

– Hadde vi lært om kvarandre sine kroppar, hadde vi fått fjerna orgasmegapet, seier sexologen.

Klitoris blir ofte kalla for nøkkelen til den kvinnelege orgasmen. Det er berre klitorishovudet som er synleg frå utsida, men klitoris strekker seg bakover i kroppen på kvar side av skjeden.

På same måte som penisen kan klitoris også få ein ereksjon.

Ein rosa illustrasjon av ein vagina. Omrisset på vaginaen er kvit, og i midten av vagina er det er ein kvit nøkkel.
STIMULI: Ein kvinneleg orgasme oppnår ein som regel ved at klitoris er godt stimulert.

– Dei fleste jenter treng stimuli av klitoris for å få orgasme, og om klitoris er riktig stimulert vil, også penetrering kjennast betre, forklarar Haldorsen og understrekar at sex er meir enn berre penetrering.

Sjekk ut NRKs sexguide for inspirasjon til alt frå onanering til penetrering!

Vil ikkje vere kjip

«Nadia» er i slutten av tjueåra og får orgasme ofte saman med ein sexpartnar. Likevel hender det at ho later som innimellom.

– Viss eg til dømes har sagt nei til å suge nokon, og så gjer vi ei stilling som er ukomfortabel, vil eg ikkje vere kjedeleg eller kjip overfor vedkomande. Då seier eg ikkje ifrå, men faker heller ein orgasme, fortel Nadia.

Ho ønsker også å vere anonym, og det ekte namnet hennar er bytt ut.

I ei RFSU-undersøking frå 2016, som blei gjennomført i alle dei nordiske landa, svarte 52 prosent av kvinnene at dei har lata som om dei har fått orgasme. Ifølge undersøkinga utgjorde norske kvinner den største andelen av dei som faka kvar gong eller ofte.

Likeins med Silje synest Nadia at det kan vere vanskeleg å vere ærleg på om ho fekk orgasme eller ikkje.

– Eg vil ikkje at vedkomande skal føle at noko er feil og bli usikker på seg sjølv.

Dei gongane Nadia ikkje har faka, eller har opplevd orgasme, har ho hatt ein veldig nær relasjon til sexpartnaren.

– Omstenda har då vore riktige. Det vakre og intime i sex er viktig for meg. Ein må ikkje gjere alle stillingar med ein gong, men heller bruke tid på å bygge opp tillit til partnar for at sexen skal bli god, seier Nadia.

– Brutal sanning

Sjølv om Haldorsen meiner at særleg gutane må lære seg om kvinneleg orgasme og korleis dei skal stimulere klitoris, har ho også eit bodskap til kvinnene.

– Det er ei brutal sanning, men vi kvinner må bli flinkare til å bli kjent med kroppen vår. Våg å bli kjent med deg sjølv og ta på deg sjølv. Våg å snakke med partnaren. Viss noko kjennest ekstra deilig, så sei det høgt, og viss noko ikkje fungerer, så sei det også høgt, forklarer sexologen.

Haldorsen opplever at det er eit prestasjonsjag blant unge for å få orgasme. Ho understrekar at desto meir ein stressar med å måtte få ein orgasme, desto mindre er sjansen for at det skjer.

Illustrasjon av to bein som stikk ut frå noko som ligner ei lilla sky som har blåskjær i seg.
ÆRLEG: Silje håper ho tør å vere ærlegare i framtida, slik at ho slepp å fake orgasme. Alle illustrasjonar: Anja Oppen/NRK.

NRK-undersøkinga viser at ein kjem oftare med partnar desto eldre ein blir. 30 prosent av dei spurde i aldersgruppa 20-29 år får orgasme kvar gong med partnar, medan talet stig til 41 prosent for dei som er mellom 30 og 49 år.

– Mange kvinner faker heile tjueåra, men så kjem ein til ein alder der ein ikkje gidd meir. Når ein blir eldre, er ein blitt lei av å fake, seier sexologen. 

Bryr seg litt mindre

For 26-åringen Silje har det blitt litt mindre skodespel med åra. Ho faka mest då ho var ny i sex-gamet.

– Etter kvart har eg fått litt meir sjølvtillit og brydd meg litt mindre. Men eg har også reflektert over at eg ikkje liker at andre eg har sex med, kanskje har faka, fortel ho. 

Silje har eit håp om at ho i framtida sjeldnare faker orgasme.

– Eg håper eg blir komfortabel med å kommunisere ærleg med dei eg kjem til å ligge med i framtida. Eg håper at eg tør å vere ærleg, seier ho optimistisk før ho fortset:

– Men det er ikkje garantert at det vil skje.

LES MEIR FRÅ P3.NO

Siste fra P3.no: