Desse to styrer showet når VG-lista feirer 60 år

Christine Dancke og Vegard Harm skal leie jubileumssendinga frå Rådhusplassen.

Hipp hipp! I år er det 60 år sidan VG-lista vart publisert for første gong, og det er straks duka for verdas beste bursdag! I år går den største gratiskonserten i norden av stabelen 22. juni på Rådhusplassen.

Sjarmtrollet Vegard Harm blir med vår eigen Christine Dancke som programleiar frå Rådhusplassen i Oslo. Saman skal dei to ta oss gjennom ein magisk kveld med den beste norske og internasjonale musikken. Dei lovar oss full fest og rørande augeblikk.

– Det blir crazy, det blir amazing. Og det blir masse humor og gøy, og forhåpentlegvis litt dans! Eg elskar å danse, og eg må alltid vere litt ekstra. Håpar det blir fyrverkeri!, seier Vegard Harm.

22-åringen seier det er så stas å få programleiarrolla at han blir heilt ør av å snakke om det.

– Av og til gløymer eg det, og så kjem eg på at «shiiit, i juni skal eg faktisk stå der og leie eit show!». Det er litt som å ha fylleangst og plutseleg komme på noko du gjorde kvelden før. Eg er litt i sjokk.

Christine og klovnen?

Christine Dancke har vore programleiar for VG-lista tre gonger, saman med høvesvis Kåre Magnus Bergh, Stian «Staysman» Thorbjørnsen og Julie Bergan.


Vegard seier han finn tryggleik i ein erfaren makker ved si side.

– Det er så deilig at Christine har så mykje meir erfaring med TV og med programleiarrolla. Eg håpar ho kan vere den stødige av oss, og så kan eg vere klovnen ved sida av, seier han.

Christine er derimot sikker på at Vegard skal få nokre utfordringar når han leiar showet saman med henne.

– Hehe, ja, han er jo glad i å klovne! Men han skal nok få prøve seg litt på noko han ikkje kan. Eg veit ikkje heilt kva eg skal få han til å gjere enno, men eg merkar eg har lyst til å gjere han litt ukomfortabel.

– Men det blir veldig gøy! Vegard er veldig morosam, og eg gler meg til å bli betre kjent med han, seier Christine.

– Nydeleg møte mellom fans og artistar

Det kulaste med kvelden blir å sjå alle artistane opptre, trur Vegard. Men han seier han gler seg mest til det heile er over.

– Eg er generelt eit ganske nervøst menneske, og før eg skal på sit eg heile tida og tenkjer «herregud, tenk om noko skjer? Tenk om eg får hjarteinfarkt på scenen?!» Men med ein gong eg tek eit steg ut på ein scene foran menneske er det som å slå på ein brytar, då er eg på! Eg trur eg gler meg mest til den kjensla etterpå, fortel Vegard.

For Christine er det beste med VG-lista-konserten den unge musikkgleda.

– For mange som er for unge til å komme inn på konsertar er dette det første møtet deira med live-musikk, og den første konsertopplevinga som gjer at mange får eit bankande musikkhjarte. Det er så mykje meir enn ein stor fest, det er òg ein skikkeleg viktig arena for unge til å møte folk dei ser opp til, seier ho.

– Nettopp det betyr veldig mykje for meg. Det er jo det eg brenn for, det å bringe musikk ut til folket og gjere at artistar får eit publikum. VG-lista er eit nydeleg møte mellom fans og artistar. Ein ting eg kan love denne kvelden er masse rørande augeblikk, det blir det alltid!

I tillegg til Christine og Vegard, vil også programleiar Martin Holmen vere til stede på Rådhusplassen den 22.juni. Han skal under sending ta sjåarane med backstage – slik at alle får ta del i alt som skjer under 60-årsdagen.

Etter konserten på Rådhusplassen tek VG-lista-maskineriet turen vidare til Bergen (4. juli), Tromsø (11. juli) og Trondheim (18. juli) – kor Martin vil vere programleiar.

Vil du henge backstage under VG-lista saman med Christine og Vegard og artistane? Bruk emneknaggen #viviltilrådhusplassen og få sjansen til å vinne ein draumedag for deg og ein venn!