nrk.no

Visste du at det er mogleg å reise i tid?

Her er fem vitskapleglege teoriar som enno ikkje er motbevist.

Å tenke på alt vi ikkje veit om universet, kan både vere skremmande og spennande på same tid.

Du har kanskje sett «Star Trek» eller «Guardians of the Galaxy» og tenkt at det dei driv med, berre er oppdikta og fantasifullt. Men noko av dette har faktisk vore forska på, utan å ha blitt motbevist.

I podkasten «Ukjent» kjem det opp fleire kjente og mindre kjente teoriar. Vi har samla fem av dei mest crazy teoriane som faktisk kan vere moglege.

Halve biletet er gult med eit kvitt eitt-tal. Ein middelaldrande mann med gul drakt. Han har kort mørkeblondt hår med nokre grå striper i. Drakta han har på seg har eit sølvmerke på venstre side av brystet.

«Warp drive»

Dersom du har sett Star Trek, har du mest sannsynleg høyrt om denne måten å reise på. Der flyg dei gjennom universet med ei fart som er høgre enn lysets hastigheit.

Men det går vel ikkje an? Ingenting kan vel bevege seg raskare enn lyset?

– «Warp drive» kan likevel gjere det mogleg, seier Torkild Jemterud, som har studert matematikk og fysikk og var med å lage «Ukjent».

Ein blå himmel med skyer som ligg under ein flokk med flygande maskiner. Maskinene er grå, blå og raude, og dei har eit lys der motoren er. Lenger opp er det eit større flygande objekt. Det er mørkt go langt. Det er områder med røy rundt omkring dei flyande maskinene, og det kan sjå ut som dei skyt på kvarande.
WARP DRIVE: Det er umogleg å reise raskare enn lyset. Foto: © Marvel Studios

For å forklare kva «warp drive» går ut på, kan du sjå for deg at du lever på eit sjakkbrett og er plassert på midten av det. Om du presser saman rutene framfor deg, samtidig som du utvidar rutene bak deg, skyv du sjakkbrettet bakover i staden for å hoppe framover.

– Det er jo ein idé frå Star Trek, men det har blitt rekna på av fysikarar, og dei meiner at det faktisk er teoretisk mogleg, seier Torkild.

I Torkild sin podkast «Abels tårn», i episoden «Abels bakgård – UFO-spesial! (er vi alene?)» svarer han og fleire andre på spørsmål om «warp drive» og andre teoriar.

Det er likevel ein del problem med denne teorien, som nødvendigheita av å skape «negativ masse» og «negativt trykk». Dette er noko vi ikkje er særleg nære å få til.

Halve biletet er gult med eit kvitt to-tal. Eit spøkelse har på seg eit laken, men utklipte auge.

Fleire dimensjonar

Denne teorien kan forklare kvifor nokon ser spøkelse eller UFO-ar.

Har du nokon gong følt at nokon prikkar deg på skuldra, men når du snur deg, er det ingen der? Kanskje er det den fjerde dimensjonen som melder seg?

Ein nattehimmel full av små lys, som vi ser frå bakken. Vi ser opp tretoppane, og mellom dei er det ein stor flygande UFO. Den er mørk med eit blått lys på midten.
UFO: Kan glimta vi ser av uvanlege skikkelsar, eigentleg kome frå ein annan dimensjon? Foto: iStock / Getty images

– Vi lever i ei tredimensjonal verd og kan altså bevege oss framover, bakover, opp, ned og sidelengs. Eit ark er todimensjonalt, sidan det berre har framover, bakover og sidelengs, startar Torkild med å forklare.

Om du teiknar to strekpersonar på eit ark, ser du enkelt kva det er, fordi du ser det ovanfrå. Dersom dei to strekpersonane kunne sett på kvarandre, ville dei berre sett ein rett strek, fordi det er alt ein kan sjå frå det perspektivet.

Dersom du, som er i ei tredimensjonal verd, røyrer strekpersonen på det todimensjonale arket, ville han ikkje kunna sjå fingeren din, men han hadde kanskje kunna kjent at du tok på han. På same måte som at dei ikkje kan sjå anna enn ein strek av kvarande, kan dei ikkje sjå ut i det tredimensjonale og sjå at det er du som tek på han.

– På same måte, om det er ein fjerde romleg dimensjon vi ikkje ser, ville dei berre kunna oppstå her eller inni deg, seier Torkild.

Derfor, om det finst ein fjerde dimensjon, kva kan vi eigentleg sjå av han?

Kanskje kan vi berre føle han? Kanskje kan vi berre sjå eit glimt av han av og til? Og kanskje kan den fjerde dimensjonen følge med på oss, slik som vi klarer å følge med på strekpersonane på arket?

Halve biletet er gult med eit kvitt tre-tal. Harry Potter sit på ein sopelime. Han har mørkt hår og briller, og har på seg ei raud jakke med gule striper. himmelen bak er full av grå skyer.

Ormehol

Å transportere frå ein stad til ein annan dukkar blant anna opp i «Harry Potter», saman med flygande sopelimar og snakkande hattar. Sjølv om det kanskje høyrest tullete ut, er faktisk ormehol ein teoretisk mogleg måte å transportere på.

– Eit ormehol er ein slags snarveg frå ein stad i universet til ein annan. Det er ein hypotetisk tunnel som går gjennom tomt rom, seier Torkild.

Sjå for deg at universet er eit ark, og du teiknar to punkt på dette arket. Du skal kome deg frå det eine punktet til det andre, og for å gjere vegen dit raskare, brettar du arket, slik at punkta er rett ved kvarandre.

Dersom du tek ein blyant og stikk gjennom arket, får du ein tunnel frå det eine punktet til det andre.

Når arket ligg flatt, er det todimensjonalt, som vil seie at ein kan bevege seg sidelengs, framover og bakover, men når du brettar det, må det gå utover i det tredimensjonale rommet. I det verkelege liv, som er tredimensjonalt, må ein altså brette seg inn i ein fjerde dimensjon for å kunne lage eit ormehol.

– Ormehol er noko mange fysiskarar meiner er mogleg. Einstein publiserte faktisk sjølv ein artikkel om dei, seier Torkild.

Sjølv om det kanskje høyrest rart ut, er det ikkje motbevist. Vi kan jo ikkje utelukke at det finst ein fjerde romleg dimensjon?

Halve biletet er gult med eit kvitt fire-tal. Doctor Stange står i ei gate. Han har på seg ei mørk kappe, og har mørkt kort hår. Han har laga eit lysande gult tannhjul rundt seg, men fleire små runde lys inni tannhjulet.

«Multiverset»

Dersom du er Marvel-fan, har du garantert høyrt om «multiverset». Der er det uendeleg av parallelle univers, som har små eller store forskjellar, og nokre av superheltane har moglegheit til å forflytte seg mellom disse universa.

– Det er mange forskjellige måtar å forstå multiverset på, men denne teorien er ein av dei mest utbreidde, seier Torkild Jemterud.

Sju personar står framfor ei tavle full av fysikk-likningar og teikningar skrive i kvitt kritt. Fem av personane er same person med ulike klede, ein mann med halvvlandt hår og skjegg. Den første har briller og svart skjorte. Den andre har ei opa raud jakke og ei kvit skjorte under. Den tredje har på seg ein hatt, og har ein sigarett i munnen. Den fjerde har på seg ei grøn t-skjorte og ser utslitt ut. Den femte har satt bak håret, har på seg briller, og har ein lapp over det eine auget. Den sjette personen er ein gutt med kort hår og ein raud sekk hengande på eine skuldera. Den siste personen er ei dame med håret satt opp bak, og ho har på seg ei lilla open skjorte med ei kvit t-skjorte under.
TERNINGKAST 6: Den nye norske filmen «Thomas mot Thomas» handlar om ein fysikar som jobbar med multivers-teorien. Foto: Maipo Film / Nordisk Film Distribusjon

For å forklare korleis det fungerer, kastar Torkild ein fiktiv mynt i lufta. Dersom vi seier at denne hendinga er heilt tilfeldig, vil det vere to utfall, som er kron eller mynt.

Når denne mynten «bestemmer» seg, deler universet seg i to parallelle univers. I det eine universet blir utfallet kron, og i det andre mynt, forklarar han.

– Det er faktisk ganske mange fysikarar som støttar denne teorien, spesielt i USA, men dei er ueinige om kva dette betyr i praksis.

I Marvel-universet flyt nokre karakterar mellom dei ulike universa og lagar krøll i multiverset. Det spørst om dette er overførbart til den verkelege verda, men om multiverset faktisk eksisterer, hadde vi kanskje ikkje lagt så mykje merke til det?

Halve biletet er gult med eit kvitt fem-tal. Det er klokker som er sølvfarga og beige, og har svarte visarar.

Tidsreise

Om du skulle hatt ei superkraft, kva hadde det vore? Mange ville kanskje valt å reise i tid. Men kva om du berre kunne reise fram, og ikkje tilbake?

– Dette er ein utruleg fasinerande ting, som er 100 prosent innafor teoriane, seier Torkild Jemterud.

For å forklare korleis ein kan reise i tid, ber han oss sjå for oss at ein person står på jorda, og ein annan aukar farta opp mot lysets hastigheit og inn i sentrum av galaksen vår. Personen som reiste ut, snur og kjem tilbake i same fart som på veg inn. Då har det teke tjue tusen år for den personen som står på jorda, men for den som er i romskipet, har det ikkje gått lenger tid enn 20 år.

– Du kan, sjølv om vi har desse uoverstigelege hastigheitene, reise til sentrum av galaksen. Du vil aldri kunne kome tilbake, fordi eg ville vore død for lenge sidan, og alle mine etterkomarar også, seier Torkild.

Torkild seier at dette har vore forska og rekna på, og at det ikkje er noko kontroversielt.

– Det er altså mogleg å reise veldig fort ut i verdsrommet og kome tilbake i «framtida». Tidsreise er faktisk mogleg.

Sjølv om det er mogleg å reise fram i tid, må du først finne ein måte å kome deg opp i den farta som skal til.

Foto, alle runde bilete:
Christopher Pike: Paramount. Spøkelse: Rune Lind, NRK. Harry Potter: Universal Orlando, AP / Reuters. Doctor Strange: Marvel Studio. Klokke: Nima Taheri, NRK.

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: