nrk.no

«Dina» er berre 18 år, men trur at ho aldri kjem til å ha sex

«Dina» liker å flørta og kle seg i sexy undertøy, men blir ukomfortabel av tanken på å vera i eit forhold.

For eit par år sidan slo «Dina» opp med kjærasten på valentinsdagen.

Dagen etter bad ho sine to nærmaste venninner om å møta ho på eit grupperom på skulen. Opp frå sekken tok ho skule-laptopen og ei kake kjøpt på matbutikken.

– Så snudde eg PC-en og sa at «dette er eit flagg som representerer meg, og no skal me feira at eg kjem ut som aseksuell». Dei tok det veldig fint, og så åt me eigentleg berre kaka, fortel ho.

Flagget som representerer aseksuelle, er svart, grått, kvitt og lilla.

Symbolikken bak det hadde ho kjent til sidan ho var 14, men ho tenkte at dei følelsane av forelsking og tiltrekking som alle andre følte på, også ville komma til ho etter kvart som ho vart eldre.

Men det var fyrst to år seinare at Dina var sikker.

Vil ikkje dela kroppen sin med andre

Forholdet Dina var i som 16-åring, føltest feil for ho.

– Det var ikkje noko som eg var komfortabel med. Eg kjente meg meir og meir att i dei beskrivingane eg las på nettet om korleis det er å vera aseksuell.

Ei kake står på eit fat. Kaka har to etasjar, den nedste er lilla med kvit glasur. Den øvste har lys lilla med svart glasur. På toppen står eit lilla og grått-stripete lys som er tent.

Å vera aseksuell betyr i utganspunktet at ein ikkje kjenner på seksuell tiltrekking, altså at ein ikkje føler på kåtskap og lyst. Ein har rett og slett ikkje lyst på sex.

Men det er ikkje svart-kvitt.

Nokon har aldri lyst til å ha sex og kan til og med bli uvel av å tenka på det.

Andre kan ha lyst på sex dersom dei har ei sterk emosjonell tilknyting til den andre personen, og nokon kjenner så sjeldan på lyst at dei føler seg på grensa mellom aseksuell og seksuell. Me seier gjerne at aseksualitet er eit spekter.

Dina har aldri hatt sex, og slik som ho føler det no, trur ho heller ikkje at ho kjem til å ha det i framtida.

– Sidan eg er aseksuell, treng eg ikkje dela kroppen min med nokon andre, og det er ei lette for meg. Det følest som om eg ikkje kjem til å dela han med nokon andre nokosinne, og nokre gonger kan eg føla meg litt «empowered» av det.

Vil ikkje ha sex, men liker å føla seg sexy

Dina ser på seg sjølv som introvert, men dei som ikkje kjenner ho så godt, ville kanskje ha beskrive ho som ein sosial person. 18-åringen liker å sminka seg og kle seg feminint.

– Eg føler at det er få opne aseksuelle jenter som er feminine av seg.

Dina føler at utsjånaden hennar ofte bryt med folk sitt stereotypiske syn på aseksuelle.

– Mange trur at alle aseksuelle er like, at alle vil skjula kroppen sin eller tar totalt avstand frå alt som handlar om å føla seg vel. Eg kan ta på meg eit fint undertøysett med blonder og føla meg skikkeleg sexy, men det betyr ikkje at eg vil ha sex.

– Eg føler meg vel og fin i eigen kropp, men det betyr ikkje at eg vil dela den kroppen med nokon andre, forklarer ho og legg til at dette er hennar oppleving, men at aseksuelle har ulike tankar rundt dette.

Illustrasjon av ei jente som ser flørtande inn i kamera. Ho har haka vendt litt ned, mens ho ser opp over hjerteforma solbriller. Ho har lilla-stripete hår og augebryn. Leppene hennar er knall rosa.

Dina meiner at fordi ho ser ut som ho gjer, har legningen hennar komme som eit sjokk på fleire av vennane. Men det skaper også problem på andre område.

– Eg har lett for å bli seksualisert, det har eg blitt sidan ungdomsskulen. Gutar har komme med kommentarar, og eg har høyrt kva som har blitt sagt om meg. Det at nokon ser på meg som ein seksuell person, er kanskje det som gjer meg mest ukomfortabel, fordi det er ikkje noko som eg ser på meg sjølv som.

Alt er ein «ick»

I tillegg til å vera aseksuell er Dina også aromantisk, som betyr at ho ikkje kjenner på romantisk tiltrekking. Ho har altså ikkje noko behov for romantikk og intimitet.

Allereie som lita jente kjente Dina at det var noko som skurra. Dei uskuldige barndomskjærastane gjorde ho utilpass.

– Det er ein djupt ukomfortabel følelse som eg kjenner fysisk på kroppen, fortel ho.

Dette skjer når nærleiken kjem over ei viss grense. Kvar linja går, er litt uklart for Dina, men plutseleg begynner ho å oppføra seg «teit og rar».

– Eg vil ikkje snakka, eg vil berre sova og ikkje vera rundt folk i det heile tatt. Kanskje eg blir frekk til og med, fordi eg vil ikkje at dei skal vera nære meg. Eg kjenner ikkje meg sjølv att i den situasjonen.

Sjølv om Dina blir ukomfortabel av nærleik, er det ein annan ting som er litt spanande.

– Dersom det er snakk om eit ordentleg forhold, så taklar eg det ikkje, men dersom det er snakk om å flørta litt, så synest eg det er gøy.

Men dei gongene ho har møtt nokon ho har flørta med på date, har problema dukka opp. Alt ved den andre personen blir ein «ick». Til og med at den andre personen har øyre, kan bli ekkelt for Dina.

– Forskjell på å vera aleine og å vera einsam

Det at folk er ivrige på å mista jomfrudommen, har ho aldri skjønt. Då barndomsvenninna fortalde at ho hadde hatt sex for fyrste gong, kom det som eit sjokk på Dina. Ho gjekk grinande heim frå skulen den dagen.

– Det er framleis noko som kan gjera meg litt trist når eg tenker på det, for det forsterkar følelsen av at eg er annleis enn folk på min eigen alder.

Ei jente med lilla-stripete hår sitt på golvet. Ho har føttene i bakken og knea opp mot brystet, mens ho held armane over knea. Ho ser rett fram, men me ser ikkje noko ansiktsuttrykk. Over ho ser me ein grå, svart og lilla krusedullar.

18-åringen meiner at det å vera aseksuell og aromantisk har sine opp- og nedturar. Nokre gonger grublar ho mykje over det at ho er annleis enn vennane sine og kan føla på einsemd.

– Så har eg dei periodane der eg er ganske positiv til det og ikkje tenker så mykje over det. Det er berre ein del av meg, og det følest fint å vita at eg har eit ord som definerer meg.  

Dina drøymer om å finna ein venn som er lik ho sjølv når ho flytter vekk for å studera, men ho trur ikkje det er veldig realistisk. Dei einaste andre aseksuelle ho kjenner, er folk på nettet.

– Dersom eg aldri møter nokon som er som eg, kjem eg kanskje til å føla meg litt einsam. Eg liker å vera aleine, men det er forskjell på å vera aleine og å vera einsam.

Intimitet er meir enn berre sex

Universitetslektor Sunniva Árja Tobiasen ved UiO er ein av tre personar i Noreg som har forska på aseksuelle.

Om lag ein prosent av befolkninga er aseksuelle.

– Det er ikkje heilt sikre tal, fordi forskinga rundt aseksualitet som identitet er ny, ho har berre eksistert i rundt 20 år, seier Tobiasen.

Det at Dina liker å flørta og føler seg vel i fint undertøy, kan bryta med mange si førestilling om aseksuelle.

– Det finst ingen reglar som seier at aseksuelle skal vera kjedelege! Sjølvsagt kan aseksuelle lika å kle seg i kva som helst, dei kan lika å flørta, og dei kan lika fysisk nærleik som ikkje er seksualisert for dei.

Sunniva smiler og held hendene folda framfor seg. Ho har på seg ein svart gensar, klokke og briller. Ho har kort, krøllete brunt hår. Ho står framfor ein bilveg og det er snø på bakken bak ho.
GÅR OPP OG NED: Sunniva Árja Tobiasen påpeiker at det er heilt normalt å ikkje alltid ha lyst på sex eller føla tiltrekking. Det betyr ikkje nødvendigvis at du er aseksuell. Foto: Marit Eide, NRK P3

Tobiasen meiner at det er fint for oss å tenka over at ting me vanlegvis forbind med sex, ikkje nødvendigvis treng å vera seksualisert.

– Det å gå i undertøy, for eksempel, treng det alltid å bli seksualisert? Må intimitet alltid vera seksuelt? spør hen.

Hen minner om at me kan stryka ein partnar på ryggen utan at det er seksualisert. Dei fleste treng slik nærleik, også mange aseksuelle. Men så er det andre som ikkje har behov for nærleik i det heile.

– Intimitet er mykje større og mykje meir enn berre det seksuelle, utdjupar lektoren.

Tvil og hemmeleghald

I Dina sin familie er det berre mora hennar som veit at ho er aseksuell og aromantisk.

– Ho aksepterer det, og ho bryr seg ikkje så mykje, men ho forstår det kanskje ikkje. Og det skjønar eg, fordi eg forstår ikkje alltid at folk vil ha sex eller vera i forhold, fortel Dina.

Det at ho ikkje er ute til heile familien, er ein av grunnane til at «Dina» ønsker å vera anonym i denne artikkelen.

Det, og at det er litt skummelt å gå ut offentleg som aseksuell i så ung alder.

– Nokre gonger føler eg meg mindre aseksuell enn andre. Då begynner eg å tvila og føler at eg har loge til meg sjølv og dei rundt meg. Men så kjem neste dag, og då er det sånn «nei, eg er definitivt aseksuell». Det er mykje tvil som kjem med det, då, forklarer ho.

Ei hand held eit svart, grått, kvitt og lilla flagg. Over det grå feltet står det "Aseksualitet", over det grå står det "gråseksualitet og demiseksualitet", det kvite "ikkje-aseksuelle partnerar og allierte" og det lilla "fellesskap". Dette flagget representerer aseksuelle.

Det kan vera vanskeleg å stå fram skråsikker som aseksuell når det er mangelen på ein følelse som definerer om du er aseksuell. For korleis veit du at du aldri er kåt når du ikkje eigentleg veit korleis kåtskap følest?

Det at så få folk har høyrt om aseksualitet og aromantikk, kan gjere det vanskelegare å vera open om det. Dina lærte aldri i seksualundervisninga at denne legningen fanst. Svara fann ho på nettet.

– Eg har irritert meg over at dette ikkje er noko som eg har lært noko om på skulen. Eg har ikkje høyrt nokon norske personar seia det ordet før eg sa det sjølv, seier Dina.

I 2018 undersøkte universitetslektor Tobiasen om aseksualitet var med i seksualundervisninga. Då fann hen ut at legningen vart lite nemnd i norske klasserom.

Sidan den gong har det vore ein læreplansendring, og organisasjonane Skeiv ungdom og Sex og politikk jobba for å få det på læreplanen. Så det har skjedd ting etter Tobiasen si undersøking, fortel hen sjølv.

Den vanskelege openheita

Dina trur det hadde vore lettare å vera open om legningen si dersom ho hadde vore homofil, fordi alle veit kva det inneber, og ein lærer om det på skulen.

– Seier du til nokon at du er aseksuell, må du ha ein lang forklaringsprosess og svara på masse spørsmål, og kanskje forstår dei det framleis ikkje. Det blir for slitsamt, fortel ho.

Dina har vore open om legningen si til venner, russegruppa og andre kjenningar. Ho føler det er lettare å vera open med folk på sin eigen alder, sjølv om dei kan sjå på ho som litt annleis.

Men nokre gonger har Dina blitt møtt med påstandar om at ho ikkje har møtt den riktige eller at ho er for ung til å vita det.

– Det kan vera ganske irriterande, for eg trur ikkje at dersom eg hadde sagt at eg var lesbisk, så ville dei sagt at «du har ikkje møtt den rette mannen endå». Så kvifor skal du fortelja det til meg når eg seier at eg ikkje vil ha eit forhold i det heile tatt? 

Dina presiserer at det er bra å vera nysgjerrig og stilla spørsmål – ho skjønar at folk har dei.

– Det er jo det med fremmedfrykt, at dersom ein ikkje forstår det, blir ein redd og då sprer ein kanskje hat om det. Men det er forskjell på spørsmål for å prøva å forstå det og kommentarar som prøver å endra meininga mi, seier ho.

Ei svart stjerne, ei grå sky, ein kvit planet med ring og ein lilla halvmåne står side ved side av kvarandre.

I løpet av denne artikkelserien har P3.no intervjua tre aseksuelle, men ingen av dei ønsker å stå fram med namn eller bilde. Kvifor er dette ein legning som er så vanskeleg å snakka opent om?

Universitetslektor Sunniva Árja Tobiasen trur at fordommar og det at legningen er ukjent for mange, kan gjera det vanskelegare å vera open om den enn andre legningar.

Hen seier at folk ofte ikkje greier å førestilla seg kva det inneber å vera aseksuell, og då kan folk fort stilla upassande spørsmål om sexlivet deira.

– Spør deg sjølv om du hadde spurt ein heteroseksuell person om dette. Om du ikkje hadde gjort det, burde du kanskje ta litt tid med deg sjølv og reflektera rundt kvifor dette var framand, rart eller merkeleg.

Tobiasen trur også at det kan vera skummelt å erklæra seg offentleg som aseksuell, sidan seksualitet er flytande.

– Det kan vera vanskeleg, særleg dersom du er ung, for då har du kanskje ikkje eit heilt avklart forhold til det sjølv. Eg synest det er flott at dei deler sine erfaringar, og eg forstår godt at dei ikkje nødvendigvis vil vera opne om det.   

Dette var siste del av artikkelserien om aseksuelle. Fekk du med deg saka om «Aisha», som ikkje blir trudd når ho fortel om legningen sin?

Eller «Kristoffer», som trudde han var interessert i sex, heilt til han fekk ein kommentar frå ei jente?

Tekst: Marit Eide

Illustrasjonar: Janne Helen Ingstad Juliussen

MEIR OM SEKSUALITET:

Siste fra P3.no: