nrk.no
Emelie Hollow - «Solitude»

Du har ikkje hastverk, Emelie!

Det er ingenting i vegen med låtmaterialet til Emelie Hollow, men ho kunne henta mykje i å senke skuldrane litt.

Det står visst sjeldan stille for Emelie Hollow.

Attmed hyppige oppdrag som låtskrivar for det meste innan den etablerte popscena dei siste åra, har ho med jamne mellomrom pleia hennar eiga solokarriere.

Etter å ha spreidd ein neve dobbelsinglar ut over vinteren og våren, er ho fredag klar med oppfølgaren til albumet «Hear the story» frå 2021.

Historia er grei: Vinteren 2022 isolerte 24-åringen frå Ås seg på ei hytte i ei vekes tid med enkle instrument. Under enkle kår og med berre henne sjølv å støtte seg på, skulle ho finne ut kva ho ville kome opp med.

Resultatet er albumet med det passande namnet, «Solitude».

Veldig direkte, veldig fintlåtande

Med den bakgrunnen for albumet er det overflødig å seie at det ikkje er fest Emelie Hollow inviterer til her. Tempoet held seg som regel på den rolegare delen av spekteret, og instrumenteringa er i stor grad av det akustiske slaget.

Apropos instrumenteringa: Det er berre å ta av seg hatten ein eventuelt måtte ha på seg, for den er aldeles strålande på «Solitude»! Saman med små glimt av underproduksjon, som mikrofonstøy, sørgar den for å ivareta sjela frå demoane til Hollow.

Dette høyrer ein allereie på opningssporet «If you go», som står ut som eitt av albumets beste, saman med «I don’t believe it». Eit roleg og dempa piano akkompagnerer ein klokkeklar Hollow, som uforhasta lar låten bygge seg opp.

Gradvis melder fleire instrument seg på før låten kulminerer i eit klimaks langt større enn den rolege opninga. Alt dette medan subtil mikrofonstøy lurer i bakgrunnen og gir det heile eit nært og sårt preg.

Her er Hollow knallgod.

INGEN KRUMSPRING: Emelie Hollow held seg på trygg grunn på «Solitude». Foto: Jonathan Vivaas Kise

Då er det ikkje så farleg at ho spelar på det trygge både tematisk og uttrykksmessig. Sjølv om det er ein blottlagt og sårbar Emelie Hollow vi møter på «Solitude», er det eit landskap ho verkar komfortabel i.

Undervegs vert det lånt fritt frå popmusikkens siste 15 år. «You’re so good to me» har eit hint av Florence and the Machine og «Take my love» går i retning av 2010-talets arenapop. Under dei vokaldrivne tvillingspora som begge heiter «A love like this» går tankane til norske Ponette sitt meir atmosfæriske landskap.

Ho har popreferansane sine i orden, Hollow.

Det er ikkje så mykje ein nødvendigvis skal måtte tolke med Hollow sin direkte skrivemåte. Anten innfallsvinkelen er «eg er så heldig som har deg at eg er euforisk» eller «eg er så heldig som har deg at eg er livredd for å miste deg», går ho menneskeleg til verks i skildringa av ein dualitet dei fleste kan kjenne att frå kjærleiken.

Det er ho sjølvsagt ikkje den første eller siste i musikkshistoria som gjer, men Hollow har eit eige nærvær i musikken som gjer at ho meistrar oppgåva. For du og du, dette albumet let nydeleg. Det er ikkje her skoen trykkar.

Tidsklemme

For medan lydbiletet og dei fine detaljane er på plass, ligg albumet sine problem i kreative val som blir gjort undervegs.

Med i underkant av 36 minutt til å få unnagjort 14 spor, er det knapt med tid til at enkeltidéar skal få boltre seg ordentleg.

Dette melder seg i grunn ganske raskt på «Solitude», for når den litt meir up-tempo «Think of you» skal følge opp nemnde «If you go», ser ein tendensar til denne tidsklemma. Også her tar låten seg god tid innleiingsvis, men i det låten skal ta løftet berre stoppar han i staden. Ein sårt ønska pay-off uteblir i det vi går vidare.

FORT FRAM: Fleire låtar på «Solitude» får akkurat litt for lite rom til å blomstre ordentleg. Foto: Jonathan Vivaas Kise

No skal Emelie Hollow sjølvsagt få lage låtar i den lengda og det formatet ho vil, men på «Solitude» er dette ofte heller regelen enn unntaket.

Den korte «under tre minutt»-låten har opparbeidd seg ein trygg posisjon i populærmusikken, anten det er som kompakt og hissig punk eller strøymetalsorientert festmusikk. Men Emelie Hollow spelar ikkje det spelet.

Ho spelar i stor grad på kjensler og organiske lydlandskap. Derfor er det skuffande at fleire låtar ikkje får tilstrekkeleg med rom til å for alvor materialisere seg og hente lyttaren inn i universet hennar. Tempoet er ikkje skyhøgt, og låtane treng derfor meir tid på seg.

Om det er at Hollow ikkje har nok tillit til dei gode idéane som gjer at ho held tilbake, er eigentleg uviktig. Det er uansett ein strålande sjanse der til å gi albumet som heilskap den riktige dynamikken og dramaturgien for å løfte det til neste nivå, men den blir ikkje brukt.

Men låtane i seg sjølve er både varme og nære

Når albumets 36 minutt er ferdigspelt, er det nærliggande å tenke på kva det ville vore om speletida var på berre nokre minutt meir. Dette kunne blitt så mykje meir som totaloppleving.

La det likevel vere sagt at låtmaterialet på «Solitude» definitivt er godkjent, detaljrikt og let både varmt og nært, om enn litt trygt. Det er så absolutt ingenting i vegen for at både fans og meir generelle lyttarar skal kunne finne stor glede i det Hollow leverer her.

Leitar ein derimot etter det komplette albumet, kjem «Solitude» berre ganske nære.

Emelie Hollow sitt album «Solitude» kjem 12. mai!

FLEIRE MUSIKKANMELDELSER:

Siste fra P3.no: