– Det var sjukt skummelt

Publikum fekk styre då Line var på direktesendt date.

  • «Line dater Norge»
  • Line reiser Norge rundt for å finne kjærleiken
  • Reisa starta i nord, og vil etter seks veker ende i sør
  • Følg reisa på Instagram: @LineDaterNorge og Facebook: NRKP3
  • Først i oktober, når Line er ferdig med reisa si, vil serien bli vist på TV

Line Elvsåshagen er for tida på reise i Norge – på jakt etter kjærleik. At ho har lite dateerfaring og over middels dårleg sjølvtillit gjer ikkje kjærleiksjakta enklare.

Berre det å gå på ein date syns Line er dritskummelt. Derfor var ho langt utanfor komfortsona si i går då ho måtte på direktesendt date (!) – Det heile blei vist på Facebook-sida vår.

LES OGSÅ: Line Dater Norge

Som om det ikkje var nok fekk publikum bestemme kva ho skulle seie og gjere ved å skrive instruksar i kommentarfeltet. Line måtte danse, ta på musklane til daten sin, og spørre han om eit kyss…

– Eg fekk ikkje kysset eg spurte etter under den direktesendte daten, MEN me gjekk ein liten tur då det heile var ferdig… og då fekk eg eit kyss på kinnet!!

Sjå korleis daten gjekk i videoen øverst i saka.

Utruleg skummelt

– Eg var så sjukt nervøs i starten. Han sa fleire ting som eg ikkje fekk med meg i det heile, eg berre nikka og lata som eg forstod kva han sa, fortel Line, som no er letta over at daten er over.

Ho var så nervøs at ho sjølv følte ho fekk rykningar i fjeset.

– Eg følte liksom at det rykka i leppa mi heile tida, he, he.

At det er vanskeleg å ha ein veldig vellukka date når over tusen menneske ser på til ei kvar tid, kan Line skrive under på.

– På ein kleinheitsskala frå 1-10 gir eg denne daten 8, men legg til:

– Han var så utruleg søt, hyggeleg og tøff!
Han klarte liksom å holde seg roleg, og så lo me nesten heile tida.

SJÅ OGSÅ: – Tinder er ikkje mi greie

Har du tips til folk Line kan møte? Send det på mail til linedaternorge@nrk.no, på instagram @linedaternorge, eller på NRK P3 sin Facebook-konto.

linedaternorge